Facebook ikon Twitter logo Print side

Verdig minnemarkering etter helikopterulukka

I ettermiddag var pårørande, lokalbefolkninga og mange andre samla til minnemarkering etter helikopterulukka ved Turøyna den 29. april 2016. I dag er det tre år sidan helikopteret styrta og 13 personar omkom.

På minnesteinen er det plate med namna til alle dei 13 omkomne.
På minnesteinen er det plater med namna til alle dei 13 omkomne.

Det var ordførar i Øygarden Børge Haugetun som heldt talen ved minnemarkeringa.

- Dette var ei nasjonal ulukke med sterke inntrykk som kom nært innpå i fleire dimensjonar. To av dei som gjekk bort, kom frå nærområdet. Omfanget og nærleiken personleggjorde ulukka. Ord kan på ingen måte beskriva tapet og sorgkjensla for dei etterlatne, sa Haugetun.

Saman med Haugetun, las ordførar i Sund, Kari-Anne Landro, Fjell-ordførar Marianne Sandahl Bjorøy og sokneprestane Kjell Asle Børnes (Sund) og Espen Tvedten (Øygarden) opp namna på dei omkomne og la ned roser på steinen laga av Arne Mæland.

- Vakker minnemarkering

Mellom dei omkomne var Lyder Martin Telle frå Sund og Odd Geir Turøy frå Øygarden. Evelyn Persson er søster til Anny Britt Telle som var gift med Lyder Martin Telle.

- Det var ei svært vakker minnemarkering i ei god ramme. Alt var som var laga til, var gjennomtenkt. Steinen som Mæland har laga, er også vakker, seier Persson.

Frå venstre; Kjell Asle Børnes, Espen Tvedten, Marianne Sandahl Bjorøy, Børge Haugetun og Kari-Anne Landro.
Frå venstre; Espen Tvedten, Kjell Asle Børnes, Marianne Sandahl Bjorøy, Børge Haugetun og Kari-Anne Landro.

I talen viste Haugetun til at det vart sett i gang ein nasjonal redningsaksjon, men at det diverre ikkje var mogleg å berga liv denne fredagen.

- Takka vere den imponerande redningsinnsatsen fekk dei omkomne ei verdig gravferd og dei etterlatne ei grav å gå til. Innsatsen dei komande månadene bidrog til at Havarikommisjonen kunne finna årsaka til ulukka, sa Haugetun og la til at minnesmerket skal vera ein stad for ettertanke og er reist for å heidra minnet til dei 13 som aldri kom heim frå arbeid denne ulukkesdagen, sa ordføraren.

Sokneprest Espen Tvedten avslutta minnesamværet.

- Namna til dei omkomne er skrivne inn i plate på steinen. Ulukka er skriven inn i historia og bevisstheita til landet, sa Tvedten og siterte Svein Ellingsens salme «Din fred skal aldri vike».

          Din fred skal aldri vike, din miskunn varer ved! Når stormvær slår imot oss, lar du oss finne le.
          I ensomhetens timer, i savnets tyngste stund, forblir du hos oss. Herre, hvert smertefullt sekund.

Musikkinnslaga var ved Trygve Hellesen (saksofon), Vidar Eldholm (piano) og Roy Vorland (vokal). Vorland framførte «Songen frå vest».

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå minnemarkeringa:

Børge HaugetunFrå venstre; Trygve Hellesen, Roy Vorland og Vidar Eldholm.Espen Tvedten


Sist endret: 29.04.2019