Facebook ikon Twitter logo Print side

Vest brann- og redningsregion har fått eiga nettside

Vest brann- og redningsregion er eit langsiktig, faglig samarbeid mellom sjølvstendig brannvesen i 16 kommunar i bergensregionen. Hovudformålet med samarbeidet er å skapa ein tryggare kvardag for innbyggjarane gjennom eit formelt og strukturert nettverk for deling av kunnskap og erfaring.

Vest brann- og redningsregion

Fredag 21. september vart den nye nettsida https://www.vestbrannregion.no lansert. Her skal innbyggjarane i regionen få aktuell brannførebyggjande informasjon og informasjon av allmenn interesse innan brann og redning. Informasjon om lokale brann- og redningstenester vil framleis høyra heime på nettsidene til medlemskommunane.

Vest brann- og redningsregion (VBR) er eit langsiktig fagleg samarbeid mellom sjølvstendige brannvesen i 16 kommunar i bergensregionen. Desse kommunane er Askøy, Bergen, Fjell, Fusa, Jondal, Kvam, Kvinnherad, Odda, Os, Osterøy, Samnanger, Sund, Tysnes, Ullensvang, Vaksdal og Øygarden. Over 80 prosent av befolkninga i bergensregionen bur i desse kommunane.


Publisert: 25.09.2018 10:40
Sist endret: 25.09.2018 10:43