Facebook ikon Twitter logo Print side

Vestlandskafé på Straume bu og servicesenter

Fredag 26 mai vart det laga i stand Vestlandskafe i kantina på Straume bu- og servicesenter.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Alt låg til rette for ein god stemning på Vestlandskaféen i dag.
Alt låg til rette for ein god stemning på Vestlandskaféen i dag.

Nærare 70 personar frå Straume bu og servicesenter og Fjell sjukeheim fekk med seg sang og gitarspel av Svein Steindal. Han presenterte lattermilde historier av Jacob Sande og gav oss gode bergens- og vestlandsviser. Denne samlinga kjem i ein rekke av Reisekafear der ein «besøkjer» ulike land og stader og deres mattradisjonar, kultur og musikk. Kafèen er støtta med midlar frå TV-aksjonen 2013. Det har tidlegare vore arrangert både Fransk og Svensk kafe.

Tilbakemelding frå deltakarane er at det er kjekt og kome ut og oppleva noko fint saman med andre. Primus motor og leiar for kafeen er den engasjerte musikkterapeuten Guri Dypvik. Med god hjelp frå Røde kors og personale på dei ulike avdelingane vert det servert Vestlandslefser og kaffi.

Deltakarane vert engasjert med å finne det typiske for vestlandet. Stikkord som kom fram var: Regn, sau, raspeballar, solnedgang, dravle, fenalår, rømmegraut, oselvar, fjord- fjell og turistar, lefse, stril og smalahovud.

Svein Sandal
Svein Steindal

Gurid Dypbik og Målfrid Aga
Gurid Dypvik og Målfrid  Aga


På neste kafe går ferda til Amerika. Vi gler oss. :-)


Tekst og foto: Astrid Geitle

 


Publisert: 26.05.2017 15:12
Sist endret: 26.05.2017 15:22