Facebook ikon Twitter logo Print side

Vi får varmare, våtare og mildare klima

- Kva samfunn vil vi ha i framtida, og kva skjer med samfunnet når det vert varmare, våtare og mildare? var mellom mange spørsmål stipendiat Hanna Kvamsås i SpaceLab i på Institutt for geografi (UIB) stilte på fagseminaret «Klimatilpassing i eit vestlandsperspektiv» i kultursalen i Fjell rådhus i dag.

Hanna Kvamsås
Hanna Kvamsås

I samband med utarbeidinga av handlingsplan for energi, miljø og klima inviterte Fjell kommune, med saksordførar Odd Valvatne i spissen, til seminar om klimaendringar og klimatilpassing. Dei 35 frammøtte fekk kunnskap om samfunnsmessige konsekvensar av klimaendringane på kysten, materielle konsekvensar og om klimaendringar i dag og i framtida.

Ifølgje Hanna Kvamsås er ein av konsekvensane av klimaendringane at vekstsesongen vert lengre, særleg i kyststroka. Sjølv om vekstsesongen eventuelt vert lenger, kan innhaustingsforholda verte vanskelegare. Uansett går vi inn i ei framtid der vi må førebu oss på flaum, tørke og avlingar som vert øydelagde av regn og vasstung jord. Ho stilte ei rekkje spørsmål omkring dette.

- Vi er sårbare både for det som skjer i naturen og korleis vi skal organisera matproduksjonen. Kan det å til dømes importere meir mat eller bruke meir sprøytemiddel i jordbruket få konsekvensar for sårbarhieta? Kva vert konsekvensane av havforsuring, og kva må til for å omstilla havbruksnæringa. Meir ekstremvær stiller større krav til konstruksjonar i sjø, sa forskaren.

Blågrøne løysingar

Ho viste mellom anna til såkalla blågrøne løysingar som fordjupingar til å ta unna vatn, «Svales» der fordjupingar er kombinerte med grøntområde, planter på vegg og tak og open løysing kombinert med park.

Steffen Gjørva i Tryg Forsikring snakka om dei materielle konsekvensane av klimaendringane og erfaringar frå Vestlandet om dette temaet. Utfordringane er større omfang av skader og høgare premie. Det er vanskelegare å rekna ut risikoen og kven som skal tapet.

- Naturskadane aukar sterkt, særleg er det tilfelle dei siste fem åra. I 2011 slo orkanen Dagmar kraftig ut på statistikken over skadeomfanget. Også Nina-stormen i 2015 og flaumen i Odda og Voss i 2014 viser godt igjen i statistikken.

- Forsking viser at vi kunne unngått sju av 10 klimaskader dersom kommunane hadde teke omsyn til lokal kunnskap og tidlegare hendingar, sa Gjørva.

På seminaret var det også innlegg ved Erik Kolsttad (Hordaklim) som snakka om klimaendringar i dag og i framtida.

Saksordførar Odd Valvatne og avdelingsleiar for miljø, geodata og oppmåling hjå Plan- og utbyggingssjefen ønskte forsamlinga velkomen ved å visa til dei sentrale tema i planen som er under utarbeiding, energi, klimaendringar og miljø.

Odd Valvatne var oppteken av konkrete aktuelle lokale miljøtiltak. Han nemnde tiltak som godt tilrettelagt innfartsparkering og rydding i strandsona.

- Under strandryddeaksjonen på laurdag plukka vi opp store mengder plastflasker, sa Valvatne.

Handlingsplanen er no under utarbeiding med skrivefase hausten 2017. Planen går til sluttbehandling vinteren 2017/2018 med endeleg vedtak i kommunestyret.

- Eg trur dette vert bra og gode greier om vi ikkje gjer partipolitikk av det, sa Valvatne.

Presentasjonar frå seminaret:

Her er fleire bilete frå seminaret:

Steffen GjørvaSaksordføraren.... I bakgrunnen Hanna Gjesdal


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Publisert: 08.05.2017 14:23
Sist endret: 08.05.2017 14:32