Facebook ikon Twitter logo Print side

Vi kan gje rettleiing til å få barnet «tørr»

Skulehelsetjenesta i Fjell kommune har mange gode tenester for barn og foreldre. Ei av disse tenestene er Tisseskulen.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Anita Himle
Anita Himle

Helsesjukepleiarar vert stilt overfor mange problemstillingar som berører utviklinga til barnet. Dette krev breitt kompetanseregister. Vår jobb innanfor helsefremjande arbeid er å fremja trivsel, velvære og høve til å meistra dei utfordringane og belastningane menneske vert utsette for i dagleglivet.

Helsesjukepleiarar og fastlegar er dei første som kjem i kontakt med barn som har enurese/sengevæting. Difor er det viktig å ha god kompetanse i korleis ein kan hjelpa dei på best mogleg måte. Nest etter allergier er enurese det vanlegaste kroniske problemet hjå barn.

Førekomsten blant barn er:

  • 5-6 år: ca. 20 prosent
  • 6-7 år: ca. 15 prosent
  • Ved 13 år: ca. 3-4 prosent

Å «tissa seg ut» som skulebarn kan opplevast som ei stor belastning. Mange barn slit med skuld og skamkjensle, dette kan igjen føra til lågare sjølvkjensle. Enurese går ofte ut over dei daglege sosiale aktivitetane, og mange barn vil ikkje sova over hjå vener eller delta på klasseturar, og foreldre vert redde for mobbing.

Tidlegare trudde ein at dette berre var psykisk betinga, men heldigvis via forsking har det skjedd eit vendepunkt. Ofte finn vi ikkje ei årsak, men at via den normale utviklinga til barnet så går det seg til av seg sjølv. Nokre barn har ein arveleg faktor, vi veit at fleire gutar enn jenter har enurese i barneskulealder.

Foreldre ønskjer at barn skal verta tørre når de tek til på skulen. Men ser vi utfrå førekomsten, så er det faktisk svært vanleg at barn ikkje har heilt kontrollen over tissevanane sine når dei startar i 1. klasse.


Anita Himle
helsesjukepleiar


Sist endret: 11.10.2019