Facebook ikon Twitter logo Print side

Vi kan hjelpa deg!

Dersom du har behov for småoppdrag i heimen, kan SOpp+ vera noko for deg. - Det første oppdraget mitt var å høgtrykkspyla trappa utanfor huset til ei eldre dame, seier ein av initiativtakarane til SOpp+, Sigurd Hope.

Sopp+ kan gjera mykje godt arbeid.....
Sopp+ kan utføra småoppdrag både inne og ute.

I samarbeid med Fjell kommune har Sigurd og seks andre entusiastar etablert ei ideell foreining som legg til rette for at innbyggjarar, til dømes eldre eller andre med funksjonssvikt, skal kunna kjøpa småoppdrag knytt til heimen på ein trygg måte. Foreininga vart stifta i sommar, og tiltaket er heilt i startgropa.

- Vi ønskjer jo at folk skal greia seg sjølv og bu heime lengst mogleg. Då kan dette tilbodet vera eit godt bidrag. Folk forventar at dette kostar litt, og vi har landa på ein timepris på 250 kroner (pensjonistar) og 200 kroner for ungdom som gjer ein jobb. Vi har hatt åtte - ti oppdrag så langt, seier Sigurd Hope.

Det formelle er på plass

Fjell kommune har undersøkt formalitetane omkring dette. Det vert inngått ein kontrakt som vert underskriven av begge partar, og løna vert meldt inn til skattestyresmaktene. Tilbydarar må delta på kurs der det vert gjennomgått skattereglar, skjema «avtale om småoppdrag i heimen» og ansvarsforhold. Når dei har levert politiattest, får dei identitetskort som skal visast fram for kjøpar.

Døme på oppdrag inne i huset kan vera småvask, rydding, stryking, vaska vindauge, baka, laga til selskap og gje hjelp til databruk.

- Utanfor huset kan det vera plenklipp, husvask, rydding i hagen, snømåking og liknande, seier Hope.

Sigurd Hope
Sigurd Hope

Både den som tilbyr og den som kjøper småoppdrag knytt til heimen, er sjølv ansvarleg for å setta seg inn i regelverk. Avtale som vert inngått mellom partane er privatrettsleg og SOpp+ eller kommunen er ikkje part i avtalen.

Dersom du har spørsmål eller ønskjer å få utført oppdrag:


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Sigurd Hope og Vigleik Brekke

 


Sist endret: 21.10.2019