Facebook ikon Twitter logo Print side

Vi testar ut chatboten Kommune-Kari

Kommune-Kari kan svara på spørsmål 24 timar i døgeret og vert smartare for kvar dag som går og er alltid like blid.

Kommune-KariBoten er eit ledd i å digitalisera tenestene til kommunen og vil ta imot folk som besøkjer heimesida til kommunen.

Her vi ho svara på spørsmål brukarane har om offentleg forvalting.

Ho skal klara å halda tråden i ein samtale og læra av feila sine. I starten kan vi seia at ho er under opplæring, og difor kan ho ikke svara på alt.

Kari vert aldri lei av å svara på spørsmål om tenestene i kommunen, søknadsfrister, kontaktinformasjon og opningstider.

Test ut Kommune-Kari ved å klikka på ikonet nederst i høgre hjørne på nettsida til kommunen.

Send gjerne tilbakemeldinger på feil eller mangler til informasjon@fjell.kommune.no


Publisert: 25.06.2018 11:40
Sist endret: 25.06.2018 11:45