Facebook ikon Twitter logo Print side

Vi vil byggja sikringskultur!

- Eg vil også sjå! ropar elevane i kor, medan dei står i kø for å koma opp i ei hytte til ei stor og gul gravemaskin. Ein etter ein får koma opp for å ta i spakane og sjå kor annleis utsikta er samanlikna med å sitja i ein personbil.

Lastebilsjåføren forklarar korleis utsikta er frå førarhuset.
Lastebilsjåføren forklarar korleis utsikta er frå førarhuset.

To store anleggsmaskinar tok merksemda til barneskuleelvane på Danielsen barne- og ungdomsskule på torsdag for to veker sidan. I samarbeid med Sartor Maskin arrangerte ÅF Advansia eit lite sikringskurs for elevane på skulen. Dette vart gjort som eit sikringstiltak no når det går føre seg anleggsarbeid nær skulevegen til elevane. Det var SHA-rådgjevar for bygginga av ny rundkøyring ved Kystbygarasjen, Øyvind Pettersen, som stod i spissen for sikringskurset. Tilbodet vart gjeve til alle elevane frå 1. til 7. klasse.

- Eg ser deg, eg ser deg, vert det brått ropt frå hytta på gravemaskinen.

Eleven ser på ein skjerm som syner kva som skjer bak gravemaskinen. Gravemaskinen har nemleg fleire kamera rundt seg. Det er forståeleg at elevane står og gjer grimase bak maskinen.

Då fotografen kom, hadde allereie fyrste og andre klasse på skulen fått omvising og høve til å stilla spørsmål til Pettersen og representantar frå Sartor Maskin.

Alle vil sjå! Snart vil også lærarar og assistentar beundra doningen, og kva som skjer på skjermen. Det er mykje latter og smil frå alle kantar av gravemaskina.

Lastebilsjåføren ser ikkje alt

Levi storkosar seg når Helge Blom i Sartor Maskin viser rundt i lastebilen. Han blir minna om at ein lastebilsjåfør ikkje har høve til å sjå alt rundt seg når han køyrer i ein så stor bil. Helge peikar på speil, og Levi hugsar filmane dei nettopp har sett inne i klasserommet som handla om at ein lastebilsjåfør ikkje ser alt. Øyvind minner også elvene om at viss dei vinkar til ein sjåfør, som så vinkar tilbake, kan dei vera trygge på at dei er sett av sjåføren.

Vinnarane av teiknekonkurransen saman med ordførar Marianne Sandahl Bjorøy.
Vinnarane av teiknekonkurransen saman med ordførar Marianne Sandahl Bjorøy.

Rektor Aleksander Jensen har spanderbuksene på i dag. Inne på skulen ventar det pizza til elevane. Det er ein stor dag. Dei har vunne ein nasjonal lesekonkurranse. Den kjende forfattaren Bobbie Peers har kome på besøk

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy har lova refleksvest til alle elevane på barneskulen, med trykk av teikning frå ein av elevane. Det har vore ein teiknekonkurranse knytt opp mot denne dagen, seier rektor.

Marianne og Aleksander meiner dei tre teikningane er like gode på kvar sin måte, men det er Daniel si teikning som vinn med sin klare bodskap om bruk av vest for å bli sett og teken vare på i trafikken!

Tekst og foto: Jøran Ingvaldsen

Her er fleire bilete frå sikringskurset:

 


Sist endret: 22.02.2019