Facebook ikon Twitter logo Print side

Vidaregåande skuleelev frå Fjell har fått smittsam hjernehinnebetennelse

Ein skuleelev på Hop videregående skole i Askøy kommune er innlagt på sjukehus med smittsam hjernehinnebetennelse. Eleven er busett i Fjell kommune. Det er så langt ikkje identifisert andre tilfelle av smittsam hjernehinnebetennelse i nokon av dei berørte kommunane.



Denne typen hjernehinnebetennelse er lite smittsam, og det er lite sannsynleg at nokon er smitta. Nærkontaktar av eleven vert kontakta for eventuell førebyggjande behandling. Symptom på smittsam hjernehinnebetennelse er høg feber, frostanfall, avtakande bevisstheit, teikn til sjokkutvikling (kald, bleik og/eller klam hud) og hudutslett som ikkje forsvinn når ein pressar eit glas mot det.

Eleven er til behandling på sjukehus. Smittevernlege i Fjell, Jens Eikås, seier at smittefaren med denne typen bakterie er avgrensa og at smitte vanlegvis skjer ved væskeoverføring som til dømes ved å drikka av same flaske eller liknande.

Symptoma kan i første omgang opplevast som generelle, men ved smittsam hjernehinnebetennelse går dei ikkje over, men held fram med høg feber, nedsett allmenntilstand og vidare symptomutvikling som nemnd ovanfor.


Tekst: Vigleik Brekke


Sist endret: 02.09.2019