Facebook ikon Twitter logo Print side

Vigsling av Landro kyrkjegard

Den nye delen av Landro kyrkjegard vart vigsla søndag 29. september.

Først var det gudsteneste i Landro kyrkje ved sokneprest Bjarte Nese. Deretter var det kyrkjekaffi med helsingar. Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy overrekte formelt den nye kyrkjegarden til Dag Olav Bjorøy, leiar av soknerådet og fellesrådet i Fjell. Det var og helsingar til prosjektleiing og utførande entreprenørar. Kort fortalt var alle godt nøgde med gjennomføringa og resultatet!

Alle gjekk så opp til den nye gravplassen der sokneprest Bjarte Nese stod for sjølve vigslinga.

Her er fleire bilete:

Frå venstre; sokneprest Bjarte Nese, Nina Askeland (Anleggsgartnermester Askeland AS, dagleg leiar), Kjetil Lie (Sartor Maskin, anleggsleiar), Norvald Snekkevik (Fjell kyrkjelege fellesråd, seksjonsleiar drift), Kåre Bjorøy (Sartor Maskin, styreleiar), Dag Olav Bjorøy (leiar i soknerådet i Landro og fellesrådet i Fjell), ordførar Marianne Sandahl Bjorøy, Olav Martin Vik (kyrkjeverje), Jostein Sangolt Foldnes (Fjell kommune, prosjektleiar), Arild Algrøy (Algrøy Elektro, dagleg leiar)

Foto og tekst: Kjell Andersland


Sist endret: 30.09.2019