Facebook ikon Twitter logo Print side

Viktig prinsippavgjerd for Bjorøyna

Fylkesmannen i Rogaland, som har vore setjefylkesmann i ei klagesak, godkjenner eit vedtak i Fjell kommune om byggjeløyve og dispensasjon frå mellom anna støygrenser.

Henning Ekerhovd
Henning Ekerhovd

I desember 2016 fekk Hillern Prosjektering byggjeløyve og dispensasjon frå Fjell kommune på krav til maksimal støybelastning på utanomhusareal. Fylkesmannen i Hordaland klaga på dette vedtaket. Han kunne ikkje sjå at reguleringsplanen for området kjem inn under eit unntak som det var opna for når det gjaldt nivå på flystøy. Dermed gjekk saka vidare til endeleg avgjerd hjå setjefylkesmannen, i dette tilfellet Fylkesmannen i Rogaland.

Setjefylkesmannen konkluderer annleis enn klagaren og slå fast at tiltaket er lovleg og ikkje treng dispensasjon. Han stadfestar vedtaket i kommunen frå desember 2016. I grunngjevinga viser setjefylkesmannen til at statlege retningslinjer om støy ikkje gjeld for tiltak som er omfatta av den aktuelle reguleringsplanen. Dispensasjon frå denne føresegna er dermed ikkje nødvendig. Vedtaket er endeleg og kan ikkje klagast til overordna forvaltningsorgan.

Leiar i komité for plan og utvikling, Henning Ekerhovd seier at dette er eit viktig prinsippvedtak.

- På møtet i komitéen i mars skal rådmannen etter ei vurdering frå kommuneadvokaten presentera ein framgangsmåte for korleis vi kan leggja til rette for bygging i støyområde, seier komitéleiaren.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert: 12.02.2018 16:05
Sist endret: 12.02.2018 16:08