Facebook ikon Twitter logo Print side

Vil bruka tre millionar ekstra til trafikksikring

Arbeidarpartiet og Høgre ønskjer å bruka meir pengar på å sikra dei mjuke trafikantane langs Idrettsvegen på Straume. Komité for drift og forvaltning (KDF) behandla i går kommuneplanen sin handlingsdel 2018-2021, årsbudsjettet for 2018 og økonomiplanen 2018-2021.

Frå møtet i går.
Frå møtet i går.

I eit tilleggsforslag presentert på møtet i går føreslo Arbeidarpartiet og Høgre å setja av tre millionar kroner til trafikksikring på strekninga mellom Straume sentrum og Sotra Arena. Det vert vist til at det er svært mange barn og unge som ferdast på denne strekninga. Her kan andre aktørar verta utfordra til å bidra med finansiering.

Dei to partia vil også setja av eín million kroner til å vidareføra arbeidet med å utvikla Geitvika til eit attraktivt tenleg frilufts- og badeområde. Det er føreslått at trafikksikringstiltaket og utvikling av Geitvika vert finansiert med å auka låneramma til 64 millionar kroner. Arbeidarpartiet og Høgre vil også setja av 25 tusen kroner til tiltak knytt til arbeidet til likestillingsutvalet (likestillingskonferanse). Her kan du lesa heile tilleggsforslaget frå dei to partia.

Også SV presenterte eit oppdatert forslag til endringa av 2018-budsjettet. SV vil oppretta snøggbåtrute mellom Ågotnes og Bergen i ein prøveperiode på minst seks månader og vil setja av 10 millionar kroner til dette. Partiet vil gradvis leggja lekser inn i skuletida, erstatta bruk av gummigranulat på kunstgrasbanane med materiale som ikkje er miljøbelastande og nytta eigne lokale til seminar for folkevalde. Les heile forslaget frå SV her.

Ap og Høgre ber mellom anna om ei eiga sak som skal sjå på framtidige tilskot frå kommunen til Home Start. KrF vil på si side auka løyvinga til Home Start frå 800 tusen kroner til 1,2 millionar kroner. Partiet vil også spara pengar på å bruka eigne lokale til konferansar i regi av kommunen.

I framlegget frå rådmannen er det føreslått at gebyra skal aukast med fire prosent. Gebyrutvalet føreslår no at gebyra for oppmåling vert auka med 2,6 prosent. Dei andre gebyra ligg som i forslaget.

Det vart ikkje røysta over forslaga til endring av budsjettet. Forslaga følgjer saka for endeleg behandling i kommunestyret den 14. desember. Dei andre gruppene/partia opprettheld sine forslag. Her kan du lesa forslaga som vart presentert i KDF den 31. oktober.

Andreas Sjalg Unneland i SV vil bruka 10 millionar kroner på forsøksdrift av snøggbåtrute mellom Ågotnes og Bergen.
Andreas Sjalg Unneland i SV vil bruka 10 millionar kroner på forsøksdrift av snøggbåtrute mellom Ågotnes og Bergen.

Ny ungdomsklubb på Ågotnes

Komitéen slutta seg samrøystes til forslaget om å oppretta ny ungdomsklubb i den gamle helsestasjonen på Ågotnes. Drifta av aktivitetane skal organiserast som ein frivilligsentral for ungdom. Saka handlar om driftsmodell for frivillighuset på Ågotnes, og i vedtaket heiter det at det skal i størst mogleg grad skal leggjast til rette for at aktivitetane i frivillighuset vert drivne av frivillige, lag og organisasjonar. Komitéen samla seg om eit tilleggspunkt der det vert bedt om at ein i samband med planlegginga av ungdomshuset vurderer å leggja til rette for eit dyrevernrom.

Fjell kommune er tildelt 365 tusen kroner i støtte frå Kulturdepartementet i etableringsstøtte til ny frivilligsentral i den gamle helsestasjonen. Summen er innarbeidd idet statlege rammetilskotet til Fjell kommune.

SV fekk berre si eiga røyst på forslaget om å kalla ungdomsklubben «Sosialistisk ungdomshus, Ågotnes». Fleirtalet støtta eit forslag frå Miljøpartiet Dei Grøne om å utfordra elevane på Tranevågen ungdomsskule til å fastsetja namn på ungdomsklubben. Henriette Nordveit (H) og Britt Ediassen (Venstre) vert kommunen sine representantar i husstyret.

Opprettar 134 ladestasjonar

Komitéen vedtok mot FrP si røyst at det skal etablerast ein ladestruktur for el-bil på kommunale parkeringsområde. I dag har Fjell kommune om lag 60 tenestebilar fordelt på 20 tenesteområde/tenestestader. Rådmannen skriv i saksutgreiinga framfor møtet i komité for drift og forvaltning (KDF) den 5. desember at han ser det som nødvendig å leggja til rette for at både dei kommunale einingane, tilsette og innbyggjarar i kommunen skal kunna nytta el-bil. I saka er det lagt opp til ein plan for å etablera ladepunkt på alle dei kommunale parkeringsområda i kommunen.

I budsjettframlegget (investering) frå rådmannen er det sett av fire millionar kroner til ladestasjonar ved kommunale bygg. Det er difor teke atterhald om kommunestyret si godkjenning av investeringsprogrammet 2018-2021 i budsjettmøtet den 14. desember.

Prioriterte søknader om spelemiddeltilskot

Komitéen vedtok å prioritera mellom søknader om spelemidlar til ordinære anlegg og nærmiljøanlegg for tildelingsåret 2018. Les prioriteringslista her.

Forskotterer spelemidlar til rehabilitering av kunstgrasdekke

KDF vedtok at Nest-Sotra får eín million kroner til forskottering av spelemidlar til rehabilitering av kunstgrasdekket på 11ár-bana på Skålvika. Det skal utformast ein avtale der det går fram at venta spelemiddeltilskot på eín million kroner går i sin heilskap går til Fjell kommune. Nest-Sotra må leggja fram skatteattest som vilkår for forskottering av spelemidlar.

Det viser seg at kostnaden med å leggja kunstgras vert dyrare enn tidlegare rekna med. Men i vedtaket heiter det at Fjell kommune ikkje kan gje lån til rehabilitering av kunstgrasdekket.

Andre saker i KDF den 5. desember

• Debatthefte KS, hovudtariffoppgjeret 2018.
  Komitéen slutta seg til rådmannen sine vurderingar i saka.

• Temaplan for avfall 2017-2025. Sluttbehandling.
   KDF går inn for å godkjenna temaplanen slik han ligg føre Saka går til kommunestyret.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert: 05.12.2017 23:51
Sist endret: 06.12.2017 09:18