Facebook ikon Twitter logo Print side

Vil du hjelpa barn og ungdom med leksene?

Vi treng trygge vaksne med ledig tid måndagar frå kl 16.30-19. Du kan gjerne vera student eller pensjonist.

Leksehjelp på Kraftsenteret

Kraftsenter for aktivitet er ein møteplass for barn, ungdom og vaksne i Fjell, Sund og Øygarden kommune. Vi har mange barn og ungdommar som treng hjelp med norsk, matte og engelsk på barne- og ungdomsskuletrinn. Nokre treng ekstra hjelp på grunnleggande nivå, andre treng noko å strekka seg etter for å bli endå betre.

Oppdraget er frivillig arbeid, og du får nyttig erfaring. Politiattest er nødvendig. Dette kan Way Forward hjelpa med å søkja om.

Arbeidsstad er Grønamyrvegen 4 (underetasjen ved Specsavers).

Kontakt Richard Kiwanuka på tlf.: 907 38 536 og e-post: Richard.Kiwanuka@fjell.kommune.no


Sist endret: 08.02.2019