Facebook ikon Twitter logo Print side

Vil du mønstra på seglskip-eventyret?

Strusshamn er «cruise in company»-havn når Tall Ships Races kjem til Vestlandet 19 - 21. juli. No inviterer kommunane Askøy, Sund, Fjell og Øygarden i interkommunalt kultursamarbeid ungdommar mellom 15 og 26 år med på ei oppleving utanom det vanlege. Fire ungdommar frå regionen vil få heile turen spandert av kommunane. Søknadsfristen er allereie 9. april.

Dei utvalde vil få høve til å delta som medseglarar om bord på skutene som deltek.

Medseglar er eit ungdomsarrangement med et hovudformål om å få ungdom mellom 15 og 25 år til å møtast i vennskapeleg seilas på tvers av nasjonalitet, kultur, religion, kjønn og sosial bakgrunn. Som medseilar får du vere ein del av eit internasjonalt team og oppleve samhaldet ombord. Du kjem heim med nye vennskap, erfaringar og uforglemmelege minner. Mesteparten av tida vert tilbringt om bord på skuta, men du vil også oppleve dagar i havn med blant anna Crew Parade og Crew Party.

Det vert ikkje kravd seglerfaring og opplæring vert gitt om bord.

Seglturen startar i Fredrikstad 14. juli, der mannskapen set kursen nordover mot Askøy.

Som medseglar får du ta del i den daglege drifta om bord, og blir ein del av mannskapet. Det er ein unik sjanse til å få nokre nye vener, legge bort mobiltelefonen og nyte livet om bord.

Alle måltid ombord samt reise til og frå destinasjonen er inkludert. Eigen reiseforsikring er påkravd.

Her kan finn du meir informasjon om det å vere medseglar i The Tall Ships Race.

Søknad vert å senda til: Trond.Nesmann.Berntsen@askoy.kommune.no 

Søknadsfrist er 9. april.


Sist endret: 05.04.2019