Facebook ikon Twitter logo Print side

Vil gå gjennom saker med motsegn

Komité for plan og utvikling (KPU) skal gjennomføra eit eige arbeidsmøte der komitéen saman med administrasjonen går gjennom alle reguleringsplanane der Fjell kommune har motteke motsegn.

Behandlinga av detaljreguleringsplan for Tveit, Ulveset, vart utsett til komitéen har gått gjennom alle sakene med motsegn i eige arbeidsmøte.
Behandlinga av detaljreguleringsplan for Tveit, Ulveset, vert utsett til komitéen i eige arbeidsmøte har gått gjennom alle sakene med motsegn. Foto: Stracon.

Komitéen hadde saka på dagsorden i går, men vil altså ta seg tid til å sjå på alle sakene i eit eige arbeidsmøte. Av den grunn utsette også komitéen sluttbehandlinga av detaljreguleringsplan for Tveit, Ulveset. Fylkesmannen har fremja motsegn til dette planframlegget og grunngjev dette med at utbygging i området vil koma i strid med hovudgrepa i kommuneplanen sin arealdel. I planframlegget som no var klar for sluttbehandling, er det lagt til rette for oppføring av 20 bustadeiningar i eine- og tomannsbustader.

Områderegulering på Vindenes

Komitéen vedtok at Vacuri AS ikkje får starta opp områderegulering for Vindenes og endring av overordna plan. Førespurnaden vart lagt fram for politisk vurdering ettersom han ikkje var forankra i planstrategien eller kommuneplanen sin arealdel. Vedtaket vart gjort med sju mot to røyster (Sotralista og FrP). I denne saka var det ønske om å leggja til rette for ei større bustadbygging på Vindenes, noko som medfører endring av overordna plan.

Plan for Espedalen

KDF vedtok at Fjell Bustadstifting sitt planframlegg for utbygging på Espedalen på Kolltveit vert lagt ut til offentleg ettersyn. Planen legg til rette for bygging av 24 nye bustadeiningar i form a konsentrerte bustader med infrastruktur, felles opphaldsareal ute og leikeplass. Planen inkluderer også to eksisterande einebustader.

Tilrår offentleg ettersyn for plan for ROP-hus på Søre Bildøyna

Det låg føre detaljreguleringsplan for ROP-hus på Søre Bildøyna, (ROP: Rus- og psykiske lidingar). Formålet med planen er å omregulera frå dagens formål til bustad, kontor og dagsenter. Planen er ei oppfølging av vedtaket i kommunestyret i september 2014 om kjøp av det tidlegare administrasjonsbygget til Indremisjonsforbundet. Komitéen vedtok at planen vert lagt ut til offentleg ettersyn.

Justering av delegasjonsreglementet

Som følgje av endringar i plan- og bygningslova, har rådmannen presentert forslag om justering/endring av delegasjonsreglementet. Komitéen slutta seg til alle endringsforslaga frå rådmannen. På eitt av punkta, røysta Sotralista, FrP, KrF og Sp imot innstillinga. Mindretalet støtta dermed ikkje forslag om at kommunestyret delegerer mynde til formannskapet om å gjera vedtak om oreigning til gjennomføring av reguleringsplan .

Andre saker i komité for plan og utvikling

  • Komitéen godkjende ei mindre endring av reguleringsplan for Klyngetun, Midtre Fjell.
  • Komitéen behandla to klagesaker. Ei av dei vart utsett for synfaring.

Før behandlinga av sakene, var det orientering om flystøy og endringar i plan- og bygningslova.


Tekst: Vigleik Brekke


Publisert: 29.08.2017 22:53
Sist endret: 30.08.2017 12:50