Facebook ikon Twitter logo Print side

Vil gje inntil to milliardar meir i frie inntekter

Regjeringa vil gje mellom eín og to milliardar kroner meir i frie inntekter i 2020. Det går fram av kommuneproposisjonen (kommuneopplegget) som regjeringa la fram i dag.

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland
Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland

Regjeringa meiner kommunesektoren har eit godt økonomisk grunnlag og som dei siste åra har hatt gode driftsresultat.

- Kommunane vil også neste år kunna halda fram sitt gode arbeid innanfor skule, eldreomsorg, psykisk helse og rus, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.
Statsråden seier at det går godt i Noreg. Norsk økonomi veks, arbeidsløysa er låg, og det vert skapt fleire jobbar. Ho viser til at sidan 2013 har dei frie inntektene auka med om lag 30 milliardar kroner.

I kommuneproposisjonen 2020 varslar regjeringa ein realvekst i dei samla inntektene i 2020 på mellom 0,2 og 1,5 milliardar kroner. Det vert lagt opp til at de frie inntektene aukar med mellom eín og to milliardar kroner. Med noko effektivisering vil den føreslåtte inntektsveksten leggja til rette for styrking av det kommunale tenestetilbodet, meiner regjeringa.

- Dersom kommunesektoren set eit effektiviseringskrav til eigenverksemd på 0,5 prosent, tilsvarar det 1,3 milliardar kroner i 2020, går det fram av proposisjonen.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet føreslår at den samla skjønsramma for 2020 vert sett til 1,4 milliardar kroner. Av denne ramma vert knapt 1,1 milliardar kroner fordelt til kommunane og 350 millionar kroner til fylkeskommunane.

Kompensasjon for veksttilskot

Regjeringa føreslår ein viss kompensasjon dersom kommunesamanslåing fører til at veksttilskotet forsvinn. Fjell kommune har i mange år fått veksttilskot ettersom veksten i kommunen har vore vesentleg meir enn 1,4 prosent som er grensa for å få slikt veksttilskot. Som følgje av kommunesamanslåinga i vest, er det fare at dette ekstratilskotet vil forsvinna for den nye kommunen ettersom folkeveksten har vore svak i nabokommunane dei siste åra.

Departementet legg på bakgrunn av dette opp til at kommunar som får ein reduksjon i veksttilskotet som følgje av samanslåinga, vert kompensert for dette gjennom ei eiga kompensasjonsordning innanfor skjønstilskotet. Det vert lagt opp til at kommunane vert kompenserte for 80 prosent av reduksjonen i 2020, 40 prosent i 2021 og at kompensasjonen vert avvikla frå 2022.

Rådmann Steinar Nesse gler seg over kompensasjonen.

- Det er særs gledeleg at vekstkommunar får eit ekstra tilskot i 2020 dersom dei gjennom kommunesamanslåing kjem under den grensa der veksttilskotet vert utløyst. Fjell kommune er ein markant vekstkommune som over fleire år har fått vekstkommunetilskot, men når veksten vert lagt saman i dei tre kommunane her vest fell ein samla under grenseverdien, seier Steinar Nesse.
Eigen bustad

I proposisjonen er det mellom anna føreslått å gje vanskelegstilte barnefamiliar høve til å eiga eigen bustad. Regjeringa føreslår å løyva 118 millionar kroner ekstra til tilskot til etablering i 2019. Pengane skal gå til ei ekstraordinær bustadsatsing for vanskelegstilte barnefamiliar. Ifølgje kommunal- og moderniseringsministeren vil om lag 450 vanskelegstilte barnefamiliar kunna verta bustadeigarar i 2019 med en kombinasjon av tilskot og startlån.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Sist endret: 15.05.2019