Facebook ikon Twitter logo Print side

Vil gje klarsignal for å utvida gravplass

Komité for drift og forvaltning (KDF) innstiller på å godkjenna kostnadsramma på 24 millionar kroner eksklusive meirverdiavgift for å utvida gravplassen ved Landro kyrkje. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Ill. Rambøll Norge

Det er få gravplassar igjen på Landro gravplass, og det er difor utarbeidd ein reguleringsplan som legg til rette for 540 kistegraver og om lag 300 urnegraver. Frå avkøyringa til kyrkja og langs gravplassen vert det etablert gangfelt i samsvar med reguleringsplanen. I investeringsprogrammet for 2018-2021 er det sett av 24 millionar kroner eksklusive meirverdiavgift til utviding av gravplassen. I utgreiinga skriv rådmannen at den nye gravplassen vil stå fram som eit parkanlegg med gode kvalitetar som fast dekke på gangvegar, sitjebenker, lys, vasspostar, planter og murar i naturstein. Anlegget vert lagt til rette for universell tilkomst.

Økonomirapport pr. 31. august

Rekneskapen etter åtte månader viser eit negativt netto driftsresultat på om lag 23,4 millionar kroner. Komitéen slutta seg til eit framlegg til innstilling frå Arbeidarpartiet der det vert sagt at kommunestyret ser alvorleg på den økonomiske situasjonen. Dersom situasjonen held fram resten av året kan kommunen forventa eit underskot på 23 millionar kroner. Difor vert rådmannen beden om å setja i verk tiltak som ytterlegare bidreg til redusert underskot for 2018. Det heiter også at rådmannen vert beden om å koma tilbake med status og oversyn over tiltak til budsjettkonferansen i haust. Komitéen slutta seg til innstillinga frå rådmannen om å rullera/refinansieria to obligasjonslån.

Rekneskapen ved utgangen av august viser eit meirforbruk hjå Eigedomssjefen på om lag sju millionar kroner. Dette skuldast i hovudsak svikt i gebyrinntekter og meirutgifter knytt til energi. Det er eit tilsvarande overforbruk i skulen. Effekten av skulestruktursaka slår fullt ut frå hausten 2019. Nye tiltak som vil påverka økonomien, er start av drift av ROP-huset på Bildøyna (ROP: rus- psykiatri) og drift av lokalmedisinsk senter på Straume.

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Sluttbehandling av handlingsplan for energi, miljø og klima

KDF innstilte på å godkjenna Handlingsplan for energi, miljø og klima 2018-2020. Saksordførar Odd Valvatne orienterte om arbeidet med planen. Tematisk er planen ei vidareføring av tidlegare plan, men med auka fokus på energibruk, klimagassutslepp og klimatilpassing. Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen har gjeve innspel til planen. I hovudsak peikar dei på behovet for å sikra oppfølging av klima- og energirekneskapen, og at eit slikt miljøstyringssystem bør forankrast i kommuneleiinga. Planen går til endeleg behandling i kommunestyret.

Saksordførar Odd Valvatne orienterte komitéen om arbeidet med planen.
Saksordførar Odd Valvatne orienterte komitéen om arbeidet med planen.

Tilstandsrapport for grunnskulen for skuleåret 2017/2018

Komitéen tok tilstandsrapporten til orientering. I oppsummeringa skriv skulesjefen at resultata av elevundersøkinga tyder på at elevane sitt læringsmiljø er godt. I dei fleste indikatorane er Fjell om lag på nasjonalt nivå og i nokre tilfelle over. Undersøkinga viser også at det er mindre mobbing blant elevar og mindre digital mobbing i Fjell enn elles i landet. I året som har gått har ein forsterka utviklinga av den digitale satsinga i skulen.

Godkjenning av avtale med Syltøy grendalag

Avtalen mellom Fjell kommune og Syltøy grendalag om overtaking av gymnastikksalen ved tidlegare Syltøy skule vart godkjent. Avtalen er basert på kommunestyrevedtak i november 2013 om at gymnastikksalen med kjøken vert skilt ut som eigen parsell og overført til grendalaget for eí krone med sikte på bruk til allmennyttige formål. Etter at grendalaget også har kjøpt eit 300 kvadratmeter stort areal ved gymnastikkbygget, har grendalaget knapt 1 200 kvadratmeter til disposisjon.

Båtrute Knappskog-Geitanger

Etter at det fylkeskommunale selskapet Skyss har teke kontakt med Fjell kommune for å drøfta moglege løysingar for drift av båtruta mellom Knappskog og Geitanger, vedtok komitéen at kommunen ønskjer eit samarbeid med fylkeskommunen og kommunen om rutetilbod og finansiering. Det vert lagt til grunn at kostnadene med å drifta dette rutetilbodet vert delt mellom dei to partane, 50 prosent på kvar, og at spleiselaget vert gjeldande frå januar 2019. Komitéen vedtok at anbodsinnhentinga og operatøransvaret skal leggjast til Hordaland fylkeskommune.

Sluttrapport Basecamp og vurdering av økonomisk støtte

Komitéen drøfta sluttrapporten og vurderte støtte til drift av Basecamp RePro og
ReDesi. Komitéen samla seg om eit vedtak der det vert sagt at Basecamp Repro og ReDesign i regi av basecamp gjer ein viktig jobb for ungdom mellom 16 og 25 år som står utan fast arbeid, praksisplass og skuleplass. Det vert vist til at Basecamp repro har hjelpt mange unge inn på arbeidsmarknaden samstundes som tiltaket har sikra ungdomane arbeidspraksis. Komitéen ønskjer at tiltaket vert vidareført og vil vurdera årleg løyving i samband med budsjettbehandlinga for 2019.

I saksutgreiinga kan vi lesa at 2018 fekk Basecamp 517 tusen kroner i støtte frå Fjell kommune. I tillegg har kommunen støtta eit medvandrarprosjekt med 124 tusen kroner i perioden 2016-2018. Frå 2016 har Basecamp fått 800 tusen kroner årleg til arbeidspraksisprosjektet Basecamp RePro, eit tiltak retta mot ungdom i alderen 16 til 25 år. Plan for framtidig drift viser behov for 2,25 millionar kroner i året. Basecamp ønskjer at 1,5 millionar kroner vert finansiert av dei tre eigarane (Fjell kommune, Sartor Senterforvaltning og Fjell sokneråd) og andre aktørar i Straume Kystby.

Statusrapport og vurdering av vidare økonomisk støtte til Home-Start Familiekontakten

KDF tilrår å gje støtte til Home-Start Familiekontakten for 2019. I vedtaket heiter det vidare at noko av dette kan vera til erstatning for dei prosjekta som mistar statleg tilskot til neste år. Komitéen viser til at ei vidare satsing på samarbeidet Home-Start samsvarar godt med handlingsprogrammet.

I saksutgreiinga går det fram at sidan 2016 har Fjell kommune gjeve eit årleg tilskot på 800 tusen kroner. I tillegg har Home-Start hatt tilskot på 400 tusen kroner frå Bufdir. Denne støtta fell bort frå og med 2017. Ifølgje Home-Start vil vidareføring av noverande tilbod, med ekstra fokus på sårbare grupper som kronisk sjuke barn og barn med nedsett funksjonsevne, ha ein kostnad på 1,2 millionar kroner i året.

Retningslinjer for tilskot til nærings- og miljøtiltak for skogbruk
KDF vedtok retningslinjene slik dei låg føre.


Tekst: Vigleik Brekke
Ill.: Rambøll Norge

 


Publisert: 18.09.2018 20:08
Sist endret: 18.09.2018 20:24