Facebook ikon Twitter logo Print side

Vil gjera Ungdommens kommunestyre kjent

Ungdomspolitikarane i Fjell er opptekne av å gjera Ungdommens kommunestyre kjent. Dette var tema då UKS drøfta tiltaksplanen på møtet i går.

Frå møtet i UKS i går.
Frå møtet i går.

I drøftinga vart det understreka at informasjon og marknadsføring er viktig og at det må arbeidast med Facebook-sida til UKS. UKS tek sikte på å besøkja alle klassane før jul. Profilering er viktig, og det er ønske om å profilera UKS-arbeidet med T-skjorte eller hettegenser. Samarbeidet med eldrerådet vert ein del av tiltaksplanen. UKS må avklara kva området det skal samarbeidast om. Også plansmia på Ågotnes skal vera ein del av tiltaksplanen for UKS.

Plansmie Ågotnes

Eli Jeanette Fosso hjå Plan- og eigedomssjefen orienterte om plansmia Ågotnes. Kaja Endresen Bertheussen har representert UKS i plansmia. Fosso understreka den gode jobben og den viktige rolla Endresen Bertheussen hadde i dette arbeidet.

Arbeidet i plansmia skal halda fram, og UKS er utfordra til å velja nytt medlem. På møtet i går vart Caroline Bakkelid vald til å representera UKS i plansmia.

Eli Jeanette Fosso
Eli Jeanette Fosso

Elles valde UKS Håkon Kjus Finsås, Mathias Vindenes og Kathinka Litlekalsøy til å vera med i UKM-gruppa (Ungdommens kulturmønstring).

Ved starten av møtet var det orientering ved varaordførar Tom Georg Indrevik. Han orienterte om MOT-festivalen 30. april - 1. mai neste år, byvekstavtalen mellom Bergen kommune, kommunane omkring, fylkeskommunen og staten. Byvekstavtalen skal bidra til å nå målet om nullvekst i persontrafikken i byane.

Indrevik oppmoda UKS til å gje uttale til budsjettet for 2019, ikkje minst om tema og saker knytt til ungdom. Budsjettet har ei ramme på 1,7 milliardar kroner.

Indrevik orienterte også om eit besøk ordføraren og han hadde saman med MOT i byen Marl i Tyskland. Det er aktuelt å få til eit utvekslingsprogram med andre byar i Europa. Det er viktig å knyta kontakt på tvert av landegrensene.

Heretter kjem ordførar Marianne Sandahl Bjorøy til å vera politisk kontaktperson på UKS-møta.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Publisert: 24.10.2018 14:17
Sist endret: 24.10.2018 14:27