Facebook ikon Twitter logo Print side

Vil gjerne ha meir smidig pasientflyt

Nok ein gong har Fjell kommune hatt besøk frå Danmark. På fredag var seks representantar frå region Sjælland på besøk i Fjell. Framleis meiner danskane at dei har noko å læra frå Noreg og regionen i vest.

Rådmann Steinar Nesse orienterte om trendar i norsk helsevesen og korleis dette vert gjennomført her vest.
Rådmann Steinar Nesse orienterte om trendar i norsk helsevesen og korleis dette vert gjennomført her vest

- Etter vår oppfatning er det betre pasientflyt i Noreg. Vi ønskjer meir samspel på tvers av ansvarsnivåa, seier seniorkonsulent Eva Høeg frå region Hovedstaden.

Danskane har i mange år retta blikket mot Noreg når det gjeld fastlegeordninga. I Noreg har fastlegane, som ein del av stillinga, oppdrag for kommunale helseinstituasjonar.

- Fastlegeordninga er privat i Danmark. Vi har for mykje «silotenking» og ønskjer meir samarbeid mellom fastlegane og helseinstitusjonane, og hjå dykk kan vi få meir kunnskap om korleis de har fått dette til, seier Høeg.

Kortar ned opphaldet på sjukehusa

Gjestene frå Danmark vart ønskt velkomen av rådmann Steinar Nesse. Han understreka mellom anna at med samhandlingsreforma vil vi gjera Helse Bergen betre.

Eva Høeg
Eva Høeg

- Alternativet er lengre opphald på sjukehuset. Tidlegare erfaring var at mange låg for lenge på sjukhusa, sa Nesse som viste til konkrete samarbeidsprosjekt som intermediær avdeling og samarbeidet om JordmorHeim. Andre prosjekt der Fjell kommune stiller med bygg/lokale er Øyane distriktspsykiatriske senter og dialyse.

I tillegg til rådmannen stilte Line Barmen (kommunalsjef for Helse og velferd i Nye Øygarden kommune), helsesjef Terje Handal, dagleg leiar i Øygarden lokalmedisinske senter, Tonje Alvsvåg og kommuneoverlege Stein-Inge Stigen på møtet med delegasjonen frå Danmark. Dei orienterte om fleire samarbeidsprosjekt, det lokalmedinske senter. Stigen orienterte om roller, funksjonar, kvalitetssikring for fastlegane i Noreg.

Gjestene avslutta dagen med omvising i mellom anna Øygarden lokalmedisinske på Straume. Dette senteret vart teken i bruk i januar.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Sist endret: 27.04.2019