Facebook ikon Twitter logo Print side

Vil godkjenna detaljregulering for næringsareal på Smålonane

Kommunestyret vedtok i dag samrøystes å godkjenna detaljregulering for næringsareal på Smålonane på Straume med dei endringane som kjem fram av saka.

Henning Ekerhovd (Ap) presenterte grunngjevinga for forslaget om å godkjenna planen.
Henning Ekerhovd (Ap) presenterte grunngjevinga for forslaget om å godkjenna planen.

Som følgje av at Fylkesmannen og fylkeskommunen har kome med motsegn til planane, går planen til Kommunal- og moderniseringsdepartementet for endeleg avgjerd. Leiar i komité for plan og utbygging, Henning Ekerhovd (Ap), framførte ei grunngjeving for vedtaket. Grunngjevinga følgjer med saka til behandlinga i departementet.

Saka vart behandla av komité for plan og utvikling i november der det vart innstilt på å godkjenna planen. Det vart gjennomført mekling med Fylkesmannen og Hordaland fylkeskommune. Meklinga førte ikkje fram, og motsegnene vert dermed ståande.

I notatet etter meklinga står det at eitt av hovudmomenta i motsegna frå HFK og FM er at etableringa av detaljhandel utanfor sentrum legg opp til ein auke i bilbruken. Ei slik etablering er dermed ikkje i tråd med klimamål eller regionale og statlege føringar for areal- og transportplanlegging. Kommunen har møtt dette argumentet med at ei ny handelsetablering på Smålonane kan leggja til rette for eit tilbod som regionen ikkje har i dag. Ei ny handelsetablering vil kunna redusera biltransport til Bergen/Bergen vest. No går altså saka til endeleg avgjerd i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Fjell kommune tek imot 35 flyktningar i 2019

Kommunestyret vedtok å busetja 35 flyktningar slik Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI) har bedt om. Tre av plassane vert atterhaldne til einslege mindreårige. I brevet som kommunen fekk i desember, går det fram at det er venta at Noreg vil ta imot 5 350 flyktningar neste år, inkludert 150 einslege mindreårige. Fjell kommune har teke imot 280 flyktningar i perioden 2014 til 2018, og av desse har 16 hatt status som mindreårige. I saksutgreiinga skriv rådmannen at busetjing av 35 flyktningar i 2019 ligg innanfor det Fjell kommune kan ta imot.

Frp føreslo at kommunen skulle ta imot 20 flyktningar i 2019, der tre av plassane vert atterhaldne einslege mindreårige. Forslaget fekk fem røyster (Frp og eín representant frå Høgre) og fall.

Godkjende detaljregulering for Heimtun, Straume

Kommunestyret godkjente samrøystes detaljreguleringsplan for Heimtun på Straume. Planen omfattar utbygging av inntil 73 bustader i blokker og eventuelt rekkjehus. Kommunestyret vedtok å utsetja saka i september i fjor for å få ytterlegare drøfting av seks vedtakspunkt. Dette gjaldt mellom anna vurdering av heilskapleg utvikling i området, uteopphaldsareal knytt opp mot krav i overordna plan og rekkjefølgjekrav. I planforslaget er det mellom anna sett krav om etablering av rundkøyring mellom Arefjordsvegen, Bildøyvegen og Sartorvegen og fortau og sykkelfelt i Arefjordsvegen.

Rapport etter forvaltningsrevisjon av plan- og byggesakshandsaming

Kommunestyret slutta seg til innstillinga frå kontrollutvalet om å setja i verk fleire tiltak. Eitt av tiltaka er å sikra at lovpålagde fristar for behandling av byggjesaker, inkludert klagesaker og dispensasjonssaker, vert etterlevd. Det vart mellom anna vedteke at det skal etablerast eit system for å henta inn brukarerfaringar frå private og profesjonelle søkjarar. Kommunestyret tok rapporten til orientering og sender han over til prosjektorganisasjonen i Nye Øygarden kommune for oppfølging.

Før behandlinga av sakene, gav politimeister i Vest politidistrikt, Kaare Songstad, informasjom om politireforma.
Før behandlinga av sakene, gav politimeister i Vest politidistrikt, Kaare Songstad, informasjom om politireforma.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Sist endret: 21.02.2019