Facebook ikon Twitter logo Print side

Ønskjer konsekvensutgreiing av asfaltverk

Formannskapet ønskjer at det vert utarbeidd ei konsekvensutgreiing før det endeleg vert teke stilling til eventuell etablering av asfaltverk på Søre Straume. Formannskapet var samla til møte måndag ettermiddag.

I dag held Lamminkainen til i industriområdet i Knarrvika.
I dag held Lamminkainen til i industriområdet i Knarrvika.(Arkivfoto)

Fleirtalet, fem av dei ni formannskapsmedlemene (Ap og Høgre), ønskjer at det vert utarbeidd ei konsekvensutgreiing. I fleirtalsframlegget heiter det vidare at utgreiinga må skildra alle sidene av ei eventuell etablering og peikar særleg på konsekvensane for miljø og trafikk.

Mindretalet (Sotralista, Venstre, FrP og KrF) ønskte allereie no å gje klart uttrykk for at det ikkje er ønskeleg med asfaltverk på Søre Straume. Dermed røysta desse medlemene imot at det vert utarbeidd ei konsekvensutgreiing.

Bakgrunnen for saka er at Lemmingkäinen reknar med at delar av verksemda må flytta i anleggsperioden for Sotrasambandet. Men verksemda kan ikkje få eit konkret svar på konsekvensane før saka om Sotrasambandet er behandla i Stortinget. Difor vurderer verksemda å flytta til eit næringsområde på Søre Straume. I dette området er det tilgang til djupvasskai.

Før arbeidet med ei eventuell konsekvensutgreiing ønskte Lemmingkäinen å få signal frå Fjell kommune om det er grunnlag for selskapet å arbeida vidare med alternativ lokalisering på Søre Straume. Tre velforeiningar har sendt brev til kommunen der dei omtalar ei eventuell etablering av asfaltverk i det omtalte området. Alle velforeiningane er kritiske til planane.

Ønskjer å verta sykkelby

Formannskapet gjekk samrøystes inn for at Fjell kommune søkjer fylkeskommunen og Statens vegvesen om å verta Sykkelby. I søknaden til Statens vegvesen om tilskot til gang- og sykkelveg skal ein prioritera fylkesveg 209 Foldnesvegen og kommuneveg 47 Bildøyvegen. Det er vegvesenet som administrerer tilskotsordninga. Denne ordninga kan finansiera inntil 50 prosent av kostnadene for politisk vedtekne tiltak. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Retningslinjer knytt til offentleg vass- og avlaupsnett

Formannskapet gav innstilling til dispensasjon frå krav i plan- og bygningslova om tvungen tilknyting til offentleg vass- og avlaupsnett.

Fleirtalet (Ap og Høgre, KrF og Venstre) går inn for at dersom kostnaden til investering i privat anlegg for å nå fram til offentleg vassleidning er større enn 75 tusen kroner, kan kommunen vurdera å godkjenna anna ordning. For avlaupsleiding er grensa sett til 175 tusen kroner.

Mindretalet (FrP og Sotralista) gjekk inn for at grensene skulle vera 50 tusen kroner for vatn og 100 tusen kroner for avlaup (samla kr. 150 tusen kroner pr. bustad). I dette beløp skal inngå kostnader for kommunal søknad om tiltak for grøfter, opparbeiding av grøfter, materiell og røyrleggjararbeid mellom bustad og FjellVAR sine røyrleidningar. I mindretalsframlegget heiter det også at tilknytingsgebyret til FjellVAR skal også vere inkludert i dei samla kostnadane på
150 tusen kroner.

Saka vert avgjort i kommunestyret.

Vil setja av meir pengar til lokalmedisinsk senter

I samband med gjennomgang av årsmelding og rekneskap for 2016, gjekk formannskapet samla inn for å auka avsetjinga til drift av lokalmedisinsk senter (LMS) frå seks til ti millionar kroner. Dette samsvarar med opphavleg budsjett. Rådmannen hadde innstilt på at det rekneskapsmessige mindreforbruket på 12,3 millionar kroner skulle avsetjast til disposisjonsfondet. Konsekvensen av innstillinga frå formannskapet er at det vert avsett 8,3 millionar kroner til disposisjonsfondet, medan fire millionar kroner vert avsett til LMS. Netto driftsresultat for Fjell kommune i 2016 var på 13,6 millionar kroner.

Trafikkø og framdrift for Sotrasambandet

I samband med gjennomgangen av referatsakene vart det mellom anna vist til eit brev ordførar Marianne Sandahl Bjorøy har sendt til Statens vegvesen, Region vest. Ordføraren er uroa over ein tydeleg auka kø og reisetid på riksveg 555 mellom Fjell og Bergen. Sandahl Bjorøy har bedt om eit snarleg møte med vegkontoret for å drøfta den utfordrande situasjon på vegnettet.

Under drøftinga vart det stilt spørsmål om saka om utbyggings- og finansieringsopplegg for Sotrasambandet (bompengesaka) vert behandla i Stortinget før ferien. Varaordførar Tom Georg Indrevik, som leia formannskapsmøtet måndag ettermiddag, opplyste at saka ikkje vert behandla før ferien. Sotrasambandet ligg inne med midlar i Nasjonal transportplan. Denne planen skal sluttbehandlast i Stortinget den 19. juni. Ifølgje Indrevik står sluttdato for prosjektet fast sjølv om bompengesaka vert behandla seinare enn det ein har håpa på.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Publisert: 10.05.2017 18:42
Sist endret: 11.05.2017 08:47