Facebook ikon Twitter logo Print side

Vil ha reguleringsplan for store planeringsfelt

Med sju mot to røyster (Framstegspartiet og Sotralista) slutta komité for plan og utvikling (KPU) seg til rådmannen sitt framlegg til retningslinjer for behandling av planeringsfelt i landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF).

Leiar av KPU, Henning Ekerhovd, er god nøgd med at komitéen vil ha retningslinjer for behandling av planeringsfelt.
Leiar av KPU, Henning Ekerhovd, er god nøgd med at komitéen vil ha retningslinjer for behandling av planeringsfelt.

Dette innebér at det som hovudregel vert kravd reguleringsplan for planeringsfelt i LNF-område dersom desse overstig 10 dekar eller tre meter høgdeavvik frå eksisterande terreng.
I saka viser rådmannen til at det i dag er fire større planeringsfelt i landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF). I desse områda er det gjeve løyve til å ta imot massar, planera og leggja til rette for landbruksdrift. I tre av dei fire felta er det nyleg kome førespurnad om å utviding. På bakgrunn av erfaringane, har rådmannen lagt fram denne saka for å få prinsipiell avklaring om det skal krevjast reguleringsplan for denne type planeringsfelt.

Leiar av KPU, Henning Ekerhovd (Ap) meiner det er viktig å få retningslinjer om dette.

- Det er bra å utvikla saftig matjord. Men det er ikkje positivt at det vert tippa massar som det er ureine massar i. Med dette vedtaket får vi større grad av styring og medverknad på bruken av areala. På denne måten kan vi mellom anna leggja inn krav om drenering, seier Ekerhovd.

Detaljregulering for Søra Sundet, Knappskog

Komitéen vedtok å leggja framlegg til detaljregulering for Søra Sundet på Knappskog ut til offentleg ettersyn. Planframlegget opnar for etablering av 12 nye naust, kai, småbåtanlegg for inntil 22 båtplassar, parkeringsplass og infrastruktur. Rådmannen går inn for at planforslaget vert lagt ut til offentleg ettersyn.

KPU behandla åtte klagesaker. Eí av dei vart utsett for synfaring.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Sist endret: 03.04.2019