Facebook ikon Twitter logo Print side

Vil marknadsføra ungdommens kommunestyre

Ungdomspolitikarane i Fjell ønskjer å marknadsføra ungdommens kommunestyre (UKS) for ungdomsskulane og vidaregåande skular i regionen. UKS var samla i går for å drøfta informasjon på skulane og korleis vedtektene for ungdommens kommunestyre skal vera i den nye kommunen frå nyttår av.

Frå møtet i UKS på torsdag denne veka
Frå møtet i UKS på torsdag denne veka

UKS slutta seg i hovudsak til opplegget for informasjonsrunden. Det vert teke sikte på å laga ein kort video der UKS-politikarane presenterer kva dei arbeider med. I tillegg vert det lagt opp til at ungdomspolitikarane gjev orientering om det politiske arbeidet. Etter planen skal informasjonsrunden gjennomførast i september.

I framlegget til vedtekter låg det føre forslag om at UKS i den nye kommunen skal ha 14 representantar der det vert to representantar frå kvar skule og at eín av representantane på dei kommunale ungdomsskulane bør vera ein ung MOTivator. På møtet i går vart det drøfta korleis ein skal få rekruttert medlemer til UKS. Ungdomspolitikarane er opptekne av at det er elevar som reelt er interessert i å påverka samfunnsutviklinga som bør veljast inn. Det bør stillast konkrete spørsmål til aktuelle kandidatar. Noverande UKS bør vera med i utveljinga av medlemer. Det er kommunestyret for Nye Øygarden kommune som skal godkjenna vedtektene.

Ungdom og rus

På sist møte fekk UKS orientering om prosjektrapporten for rusutfordringar blant ungdom i Fjell. UKS er oppteke av at MOT-arbeidet må trekkjast sterkt inn i det førebyggjande arbeidet mot rusmisbruk. UKS ønskjer at det må skapast tilbod retta mot uorganisert ungdom. Til dømes bør det i større grad enn i dag leggjast til rette for nattcup med forskjellige idrettsgreiner og aktivitetar som fotball, handball, sandvolleyball, basketball, LAN (datatreff) m.m. Det bør vidare leggjast opp til kampanjar som viser konsekvensane av rusmisbruk. Samlingane bør vera ungdomsstyrt med obligatorisk frammøteplikt.

Kulturminne

UKS er invitert til å gje uttale til temaplan for fysiske kulturminne og kulturmiljø 2019-2022.Høyringsframllet til kulturminneplan er ute til høyring. Ungdomspolitikarane ønskjer at det vert prioritert å setja av pengar til vedlikehald av kulturminna.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Sist endret: 16.08.2019