Facebook ikon Twitter logo Print side

Vil redusera høgde på blokker

Komité for plan og utvikling vedtok i går at plan for Heimtun, Straume, vert lagt ut til offentleg ettersyn. Det vart likevel vedteke å innarbeida i planen at blokkene må reduserast med eín etasje.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Ill./skisse: Cowi AS
Ill./skisse: Cowi AS


I tillegg til at høgda på blokkene må reduserast, vart det vedteke å innarbeida i planutkastet at parkeringsdekninga skal aukast frå 1,2 til 1,5 pr. bueining. Det er også lagt inn i planutkastet at det skal vera fortau langs vegane inne på området.

Planområdet er på om lag åtte dekar og ligg sentralt på Straume like sør for Sartor Storsenter. Formålet med planarbeidet er å leggja til rette for mellom 60 og 73 bustadeiningar.

Plan for 178 bustadeiningar på Ågotnes til offentleg ettersyn

Komitéen vedtok at detaljreguleringsplan for Valderhaugane på Ågotnes skal leggjast ut til offentleg ettersyn. Planområdet for denne planen er om lag 100 dekar og ligg i området ved Kårtveit skule, sør for Valderhaug på Ågotnes. Planen legg til rette for oppføring av barnehage, 178 bustadeiningar, leikeplassar, grøntareal og gangvegar. Bustadeiningane er tenkt i form av einebustader, tomannsbustader, rekkjehus og lågblokker.

Andre saker i KPU den 7. februar

  • KPU godkjende mindre endring av reguleringsplan for Fløisteinspollen, Bjorøyna.

  • Komitéen går inn for å godkjenna detaljreguleringsplan for Snekkevikneset, Snekkevika. Planen legg til rette for å omregulera 10 fritidsbustader til bustad og leggja til rette for naust, flytebryggjer m.m.

  • Komitéen slutta seg til høyringsframlegget til lokalfartsforskrift til sjøs, men utvida
    området med fartsavgrensing i Solsviksundet.

Det stod fire klagesaker på sakskartet. Ei av dei vart trekt, medan ei vart utsett for synfaring.


Tekst: Vigleik Brekke

 


Publisert: 08.02.2017 09:35
Sist endret: 08.02.2017 09:38