Facebook ikon Twitter logo Print side

Vil rehabilitera Foldnes skule

Komité for drift og forvaltning går inn for å gjennomføra rehabilitering av Foldnes skule med ei total kostnadsramme på 39,3 millionar kroner inklusive meirverdiavgift.

Foldnes skule
Foldnes skule

På møtet på torsdag låg det føre ei innstilling om å rehabilitera skulen for 37,3 millionar kroner og utsetja ein del mindre tiltak som skifte av tak på «blått» bygg, vindauge mellom plan to og gymnastikksal (raudt bygg», skifte av innvendige dører i «grønt» bygg og avtrekk og avsug spesialutstyr. Komitéen ville at alle desse tiltaka også skulle gjennomførast og gjekk dermed inn for å auka totalramma med om lag to millionar kroner.

Det er tidlegare avklart at det «raude» bygget på Foldnes skule skal sanerast for asbest og rehabiliterast. I «grønt» bygg vert det etablert ny administrasjon, arbeidsrom for lærarar/tilsette og personalrom. Dette skuleåret får 80 elevar (6. og 7. årstrinn) undervisninga på Brattholmen skule medan rehabiliteringa går føre seg. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Sender budsjettet til behandling i kommunestyret

Komitéen behandla også budsjettet for 2019 på møtet i dag. Endringsforslaga følgjer budsjettinnstillinga.

Høgre føreslår å ta vekk skatt på næring (4,9 millionar kroner). Eigedomsskatt på verk og bruk står fast. Dette er budsjettert til å gje 500 tusen kroner i inntekter. Høgre salderer fjerninga av eigedomsskatt på næring i hovudsak med å auka skatteanslaget med fire millionar kroner. Les heile forslaget frå Høgre her.

Arbeidarpartiet endra sitt tidlegare framlegg ved å plussa på to millionar kroner til drift av lokalmedisinsk senter. Midlane vert dekte inn ved redusert husleige for barnehage (Fjell bustadstifting).

På møtet i komitéen i dag fremja Sotralista sitt framlegg til 2019-budsjett. Det er mellom anna sett av 20 millionar kroner til full drift av lokalmedisinsk senter og tilbakeføring av eigedomsskatt. I investeringsprogrammet går Sotralista mellom anna inn for å setja av 60 millionar kroner til ny skule på vestsida til erstatning for Skålevik skule. Det er også sett av 25 millionar kroner til vegutbetring på vestsida. Les heile forslaget frå Sotralista her.

Kommunestyret vedtek budsjettet for 2019, kommuneplanen sin handlingsdel 2019-2022 og økonomiplan for 2019-2022 den 13. desember.

Etterbruk av gamle Tellnes skule

KDF går inn for at gymnastikksalen, dusjanlegget, ballbingen og leikeapparata på gamle Tellnes skule vert seld for kroner eín til Tellnes Grendalag for bruk til allmennyttige formål. Resten av skulebygget vert rive. Det skal setjast i gang ein prosess med reguleringsarbeid for resten av området, omlag 4,2 dekar. Dersom kommunestyret sluttar seg til innstillinga, får KDF fullmakt til å godkjenna ein eventuell avtale. Avtalen med grendalaget skal sikra Fjell kommune heftefri attkjøpsrett til tomta og bygningane ved eit eventuelt vidaresal.

Det har vore dialog mellom fleire aktørar knytt til etterbruk av skulen. I eit referat frå eit møte mellom grendalaget, Fjell Karateklubb og FAU vert det skissert ei løysing med eit allaktivitetshus, drifta av grendalaga, Fjell Karateklubb og andre lag og foreiningar i området.

Tilskot

Komiteen vedtok å løyva åtte tusen kroner til markeringa av Krystallnatta 2018 i Foldnes kyrkje i regi av Sartora tankesmie og to tusen kroner til «Brasil på Bjorøy», familiedag v/ Bjorøy og Tyssøy Kulturlag.

Det vart vedteke å dela ut totalt 20 tusen kroner i kulturstipend. Stine Revheim Svellingen får 10 tusen kroner til utvikling av seg som skodespelar, medan Gunnhild Rebnord får 10 tusen kroner til utvikling av seg som musikar.

Andre saker

  • Nye adressenamn
    KDF slutta seg til innstillinga om nye adressenamn på ny-etablert veg på Straume, nytt namn til Kråkene og adressenamn til fleire hytteområde. KDF endra innstillingspunkt to og slutta seg til uttale frå Språkrådet om å endra namnet Utfallet til Utfallsvegen.

  • Helge Andreas Pareli Notland hjå Skulesjefen vart vald som kandidat til styreverv i Norsk kulturskuleråd Hordaland for perioden 2019-2021.

  • Komitéen slutta seg til framlegget til årleg rullering av kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet, søknader om spelemidlar for 2019.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Publisert: 04.12.2018 19:24
Sist endret: 04.12.2018 19:33