Facebook ikon Twitter logo Print side

Vil røysta på valdagen

Det var ikkje kø, men jamn tilstrøyming til vallokala på Tellnes då vi var innom litt etter klokka 10 i dag.

Frå venstre Alvhild Tofterå Berge, Laila Karin Rong og Tommy Alexander Rong.
Frå venstre Alvhild Tofterå Berge, Laila Karin Rong og Tommy Alexander Rong.

- Eg røystar alltid ved vala, og sjølve røystinga sparar eg til sjølve valdagen, seier Laila Karin Rong som saman med sonen Tommy Alexander hadde funne vegen til gymnastikksalen på Tellnes skule.

Leiar i røystestyret på Tellnes, Alvhild Tofterå Berge, seier at det etter kvart ut over føremiddagen var eit jamt sig av folk som skulle røysta. I år er det teke i bruk elektronisk registreringssystem.

- Systemet verkar fantastisk godt, og eg vil gje ros til Grethe Bergsvik og folka hennar for organiseringa av valet, seier Tofterå Berge.

Det største vallokalet ligg på Fjell ungdomsskule på Bildøyna. Der er det sju røysteavlukke for å sikra god kapasitet.

- Då vi opna vallokala klokka ni, var tre veljarar på plass. Førebels har vi god kapasitet, men eg er spent på korleis det vil gå utover dagen som følgje av dårleg parkeringskapasitet ved ungdomsskulen, seier leiar av røystestyret, Gunnar Hannisdal. Også han kan melda om at det elektroniske registreringssystemet fungerer godt.

Ole Konrad Ekerhovd har til vanleg vore oppteken i vallokala på valdagen.

- Eg har vore med i det lokale valstyret i rundt 40 år, seier Ekerhovd.

På nettsida til Fjell kommune gjev vi oppdatert informasjon om valresultata utover kvelden.

Her kan du lesa om korleis du kan røysta på valdagen.


Tekst og foto: Vigleik Brekke




Publisert: 11.09.2017 13:40
Sist endret: 11.09.2017 13:45