Facebook ikon Twitter logo Print side

Vil samarbeida med næringslivet for å redusera køen

I dag hadde kommunane i regionen møte med næringslivet for å drøfta utfordringa med kø i rushtida. I slutten av august vart det gjennomført ei reisevaneundersøking som viste korleis trafikantane reiste frå Sotra/Øygarden retning Bergen i morgonrushet.

Frå møtet med næringslivet i dag.
Frå møtet med ærinbgslivet i dag.

I møtet i dag vart resultatet av undersøkinga og moglege tiltak presentert av trafikkplanleggjar Helge Hopen. Ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy, oppsummerte møtet med at det gav mange innspel til det vidare arbeidet med å redusera køen.- Dei tre kommunane er samla om dette arbeidet. Vi vil gjerne har næringslivet med på laget i det vidare arbeidet, sa ordføraren.

Helge Hopen viste til tre hovudmål i arbeidet med å redusera køen. Talet på bilar på vegen må reduserast, og det må verta betre kapasitet til å få bilane fram. Det tredje viktige målet/tiltaket er å gje betre kollektivtilbod enn tilfellet er i dag. Undersøkinga viste at nesten alle dei reisande i rushtida skal på jobb, og kollektivdelen er relativt høg i retning sentrum. Kollektivdelen er vesentleg svakare mellom Sotra/Øyagarden og Fyllingsdalen og Kokstad/Sandsli.

Representantane frå næringslivet viste til moglege tiltak langs hovudtraséen (rv 555) i Valen-krysset og krysset mot Hjelteryggen. Andre tiltak er påkøyringsfelt i krysset mot Hjelteryggen, styra personbiltrafikk inn på den nye vegen mellom Storskaret og Arefjord, trafikksikring på Bildøyvegen, innfartsparkering og endra arbeidstid i bedriftene og betre busstilbod.

Fleire gav uttrykk for at det må etablerast ekspressbussrute mellom Sotra/Øygarden gjennom Knappetunnelen til Fyllingsdalen og Kokstad/Sandsli. Det er behov for å gje god informasjon om tiltaka som vert sette i verk.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert: 13.09.2017 14:14
Sist endret: 13.09.2017 14:18