Facebook ikon Twitter logo Print side

Vilde Knudtsen Indrevik skal leia ungdommens kommunestyre

Ungdommens kommunestyre (UKS) hadde sitt første møte etter ferien i dag og valde leiar og nestleiar. Vilde Knudtsen Indrevik vart leiar, medan Håkon Kjus Finsås vart vald til nestleiar.

Her er UKS 2018/2019. Frå venstre Ingeborg Dyrøy, Endre Kjerstad Sunde, Kjersti Vigdel Eskeland, Vilde Knudtsen Indrevik, Caroline Bakkelid, Sofile Helen Landøy Bordvik, Rune Stavenes, Matias Vindenes og Håkon Kjus Finsås.
Her er UKS 2018/2019. Frå venstre Ingeborg Dyrøy, Endre Kjerstad Sunde, Kjersti Vigdel Eskeland, Vilde Knudtsen Indrevik, Caroline Bakkelid, Sofile Helen Landøy Bordvik, Rune Stavenes, Matias Vindenes og Håkon Kjus Finsås.

Møtet var prega av orienteringar og val av representantar til utval og råd. Håkon Kjus Finsås vart vald til å representera UKS i ei arbeidsgruppe som skal arbeida med korleis elevane kan verta engasjert i arbeidet med å byggja Nye Øygarden kommune. Kjersti Vigdel Egeland vart vald til vara for Kjus Finsås.

UKS valde tre representantar til nettverkssamling for alle ungdomsråda i Hordaland. På samlinga på Kokstad 3. og 4. november møter Rune Stavenes, Caroline Bakkelid og Vilde Knudsten Indrevik. Kjersti Vigdel Eskeland vert vara. Leiar og nestleiar i UKS møter på fagdag for dei nye lærlingane i Fjell den 30. oktober og orienterer om korleis ungdom kan engasjera seg politisk.

Ymsepost

Under ymseposten vart det stilt spørsmål om korleis trafikktiltaka på Litlesotra for å redusera køen har fungert. Det kom også fram ønske om at det vert kjøpt inn eigne genserar til medlemene i UKS.

Det vart informert om tiltaksplan for UKS. Dette vert sett opp som skal for drøfting på neste møte.

Det vart også gjeve orientering om felles opplæringsdag for ungdommens kommunestyre/ungdomsråda i dei tre kommunane i regionen, Sund, Fjell og Øygarden. Samlinga vert halden i Hjeltefjorden Arena i Øygarden den 20. november.

Leiar og nestleiar; Vilde Knudtsen Indrevik og Håkon Kjus Finsås.
Leiar og nestleiar; Vilde Knudtsen Indrevik og Håkon Kjus Finsås

Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert: 25.09.2018 17:43
Sist endret: 25.09.2018 18:00