Facebook ikon Twitter logo Print side

Vindkraft gjev energi til bilkøyring

Det var mykje kreativitet å sjå på Energimessa 2019 på Sartor Storsenter i dag. Filip Bland Berger i 7a på Hjelteryggen skule viste oss korleis vindkrafta kan gjer fart på bilen rundt bana.

Hjelteryggen-elevar viser fram kreativ bruk av vindkraft.
Hjelteryggen-elevar viser fram kreativ bruk av vindkraft.

I dag var det offisiell opning av messa. Dei besøkande på standen til Filip og medelevane hans måtte blåsa inn mot vindmølla. Energien vart så transformert til bilane som fekk ganske stor fart rundt bana.

- Når du blæs inn i vindmølla gjev det energi til den dingsen der som målar farten på bilen og gjev energi nok til at bilen køyrer. Vi har hatt mykje om vindkraft og vasskraft på skulen saman med 7b og lært om rein og fornybar energi. Det er kjempekjekt å visa fram dette på Energimessa, seier Filip.

Det var varaordførar Tom Georg Indrevik som stod for den offisielle opninga av Energimessa 2019.

- Det er flott at de tenkjer ut av boksen. Eg gler meg til å gå rundt å sjå på resultata. Tenk om vi her vest for Sotrabrua fiksar det som reddar kloden, sa ein optimistisk varaordførar.

Forretningskonsept

Isabell Engan og Zuzanne Balicka har saman med klassevener i 10. klasse på Tranevågen skapt eit spennande forretningskonsept i Simple Clothes. Det handlar om å bruka brukte klede til nye produkt.

Isabell Engan (10c) og Zuzanne Baliclea (10a) på Tranevågen ungdomsskule.
Isabell Engan (10c) og Zuzanne Baliclea (10a) frå Tranevågen ungdomsskule.

- Det er litt Fretex ved at vi har ei panteordning. Du kan levera inn klede som vert sortert i klede som kan brukast på nytt, reparerast eller som grunnlag for nyproduksjon. Her ser du forretningsplanen vår med eín fabrikkdel og eín butikkdel, forklarar Isabell og Zuzanne.

Seinare i dag skal ein jury plukka ut dei elevgruppene som skal få premie. Merk at Energimessa er open i morgon også.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå Energimessa 2019:

Tom Georg IndrevikTony ÅgotnesThomas SkålnesRikard Ledang

 

 

 

 

 

 


Sist endret: 13.03.2019