Facebook ikon Twitter logo Print side

Vitnemålutdeling – grunnskule for vaksne

Torsdag 20. juni markerte Vaksenopplæringa at vi for første gong i Fjell kommune har ein avgangsklasse i grunnskulen for vaksne. Vitnemålsutdelinga var feira med morellar og «bobler» i glasa, utdeling av roser, diktlesing og utveksling av gode ord.

Frå vitnemålutdelinga på torsdag
Frå vitnemålutdelinga på torsdag

Bakgrunnen for dette opplæringstilbodet er eit behov som oppsto førre vår, då fleire av våre deltakarar på norskopplæringa fekk beskjed om at dei ikkje kom inn i vidaregåande opplæring, på grunn av manglande dokumentasjon på grunnskuleopplæring frå heimlandet. Fleire av deltakarane har bakgrunn frå Syria, der det er umogeleg å få tak i offentlege papir.

Fjell vaksenopplæring bestemte seg då for å starta opp med eit eksamensretta hurtigløp, for å tetta gapet mellom grunnskuleopplæring og vidaregåande opplæring. Skulesjefen i Fjell kommune viste stor forståing for og støtte til etableringa av det nye lovpålagte opplæringstilbodet. Deltakarane har gjennomført opplæring i 5 fag; engelsk, matematikk, naturfag, norsk og samfunnsfag, dei fleste i kombinasjon med 18 timar norskopplæring etter introduksjonslova. Det første semesteret hadde dei 10 timar med opplæring i fag etter Kunnskapsløftet, medan dei etter jul har hatt 14 timar med grunnskuleopplæring. To ekstra elevar har berre følgd undervisinga i engelsk.

Kvalifisert for vidaregåande opplæring

Dei ti elevane har alle fullført grunnskuleopplæringa og er no kvalifiserte til inntak i vidaregåande opplæring på ordinært grunnlag. Dei har fått formell vurdering/standpunktkarakterar i dei fem faga, og dei har hatt skriftleg eksamen i matematikk, samt munnleg eksamen i naturfag. Her var resultata framifrå, der fire av elevane fekk karakteren seks! Vestnytt dekte markeringa, og vil laga ei sak der dei går meir i djupna med mellom anna intervju av nokre av elevane.

Rektor ved Fjell vaksenopplæring, Nina Håvik Pettersen, er svært stolt over og takksam for omstillingsdyktige lærarar og motiverte elevar, som i fellesskap har skapt dei gode resultata.

- Det er ei svært meiningsfull oppgåve å få vera ein av steinane på vegen til kvalifisering og integrering av vaksne, seier ho og ynskjer deltakarane lukke til med diktet av Olav H Hauge:

Eit ord
Eit ord
– ein stein
i ei kald elv.
Ein stein til –
Eg lyt ha fleire steinar
skal eg koma over.

Her er fleire bilete frå markeringa:

 

 

 


Sist endret: 20.06.2019