Facebook ikon Twitter logo Print side

Vonar styresmaktene prioriterer Sotrasambandet

Saka om utbyggings- og finansieringsopplegg for Sotrasambandet vert behandla i formannskapet den 8. februar. Rådmannen skriv i saksutgreiinga at han vonar dei sentrale styresmaktene (Vegdirektoratet og Samferdsledepartementet) prioriterer arbeidet med stortingsproposisjonen slik at Stortinget kan gjera vedtak før sommaren 2017. Dersom ikkje kan sambandet verta forseinka med minst eitt år.

Ill.; Statens vegvesen
Ill.; Statens vegvesen

Rådmannen meiner at Statens vegvesen sitt søknadsmateriale er eit informativt, grundig og godt grunnlag for den vidare prosessen fram mot sluttbehandling i Stortinget. I framlegget til vedtak følgjer rådmannen opp forslaga frå Statens vegvesen om bompengelengde, takstnivå, takst for nullutsleppskøyretøy og samla brutto bompengeinntekter.

Det er lagt til grunn at gjennomsnittstaksten ved opninga av ny riksveg 555 Sotrasambandet vil verta 39,50 kroner for køyretøy i taksgruppe eín (2017-nivå). Bompengeperioden er føreslått auka frå 15 til 20 år, og det lagt inn 20 prosent rabatt ved bruk av brikke og gyldig avtale for køyretøy i takstgruppe eín.

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret. Også fylkeskommunen og kommunane Bergen, Sund, Øygarden og Askøy skal behandla saka før hø går til behandling i Vegdirektoratet, Samferdsledepartementet og til sist i Stortinget.

Les meir om Statens vegvesen sitt søknadsmateriale her.

Elles skal formannskapet ta stilling til om det skal gjevast prosessfullmakt til kommuneadvokaten i sak om eigedomsgrenser (Møvika).

Før behandlinga av sakene tek til, vert det orientering om asfaltverk, Lemminkäinen.

Møtet vert halde i komitésalen i Fjell rådhus og tek til klokka 15.00.
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst: Vigleik Brekke

 


Publisert: 02.02.2017 15:29
Sist endret: 02.02.2017 15:38