Facebook ikon Twitter logo Print side

Vurderer å auka satsen for eigedomsskatt

Formannskapet i Fjell skal på eit ekstraordinært møte på tysdag den 27. november ta stilling til om satsen for eigedomsskatt skal aukast frå to til tre promille. Dersom det ikkje vert gjort endringar, vil Nye Øygarden kommune få vesentlege inntektsbortfall i 2022.

Ill.

I framlegget til årsbudsjett for Fjell kommune i 2019 er det lagt til grunn ein sats på eigedomsskatt på to promille. I sist veke kom det fram nye opplysningar om tolking av reglar om eigedomsskatt ved samanslåing av kommunar. Finansdepartementet seier at utgangspunktet for den nye eigedomsskattesatsen er skattesatsen som vart brukt i den mest folkerike kommunen året før samanslåinga.

Tidlegare kunne satsen for eigedomsskatt aukast med to promille pr. år (fram til seks promille), men reglane er no endra slik at opptrappinga er avgrensa til eín promille årleg frå og med skatteåret 2019.

I utgreiinga til møtet på tysdag går det fram at endringane kan få store utslag for eigedomsskatteinntektene for Nye Øygarden kommune. Dersom Fjell kommune tilpassar dei nye reglane ved å auka satsen med eín promille årleg frå 2019, vil Nye Øygarden kommune oppnå maksimalsatsen på sju promille i 2024. Dette vil gje eit inntektsbortfall i 2022 på 24 millionar kroner. Dersom Fjell kommune held fast på to promille i 2019, vil inntektsbortfallet doblast til om lag 50 millionar kroner i 2022. Dersom korkje Fjell eller Nye Øygarden kommune gjer tilpassingar, vil inntektsbortfallet verta om lag 126 millionar kroner i 2022.

På formannskapsmøtet på tysdag skal formannskapet vurdera om budsjettinnstillinga for 2019 skal endrast. Rådmannen legg fram saka utan innstilling.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Møtet vert halde i komitésalen i Fjell rådhus og tek til klokka 15.00.



Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Colourbox


Publisert: 26.11.2018 23:41
Sist endret: 26.11.2018 23:44