Facebook ikon Twitter logo Print side

Vurderer å leggja ned Liljevatnet og Tellnes skular

I framlegget til budsjett for 2018 ber Arbeidarpartiet og Høgre rådmannen om å vurdera om elevane frå Tellnes skule kan overførast til Skogsvåg skule i Sund frå hausten 2018. I framlegget vert det også bedt om å få vurdert om elevane på Liljevatnet skule kan overførast til Brattholmen skule eller Hjelteryggen skule frå skuleåret 2019/2020. Forslaget vart presentert på møtet i komité for drift og forvaltning (KDF) tysdag kveld.

Budsjettforslaget frå Arbeidarpartiet og Høgre vart lagt fram av Odd Arvid Valvatne (Ap).
Budsjettforslaget frå Arbeidarpartiet og Høgre vart lagt fram av Odd Arvid Valvatne (Ap).

I framlegget vert også rådmannen beden om å setja i gang arbeidet med å sanera asbest på Foldnes og Skålevik skular. Arbeidarpartiet og Høgre ber om dei avsette midlane på 40 millionar kroner til Skålevik skule vert teken ut av investeringsbudsjettet ettersom det vert lagt til grun at det vert behov for ei større ramme for eit meir omfattande prosjekt.

Innsparinga på omlegging av skulestrukturen skal nyttast til tiltak i skulen i 2018. Dette gjeld skuletur for alle 10. klassingar med stiftinga «Hvite busser» eller tilsvarande ideell organisasjon, ekstra lærar i rekning, lesing og skriving i 4. klasse og å oppretthalda tilbodet med miljøterapeutar i skulen. I tillegg skal innsparing sikra tilbodet til dei elevane som treng særleg tilrettelagt undervisning. Det vert også lagt til grunn at det vert sett i gang nye undervisningslokale på Fjell ungdomsskule.

I framlegget frå dei to partia går det mellom anna fram at satsen for eigedomsskatt ikkje skal aukast i 2018, men at det kan verta endringar frå 2019. Her kan du lesa Arbeidarpartiet og Høgre sitt framlegg (tekstdel). Framlegget til talbudsjett (investering) ser du her.

I forhold til rådmannen sitt budsjettgrunnlag flyttar Sotralista, Venstre, Senterpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne flyttar på om lag 37 millionar kroner på driftsbudsjettet. I dette forslaget er det sett av seks millionar kroner til oppstart for ROP-hus på Bildøyna, seks millionar kroner til båtrute mellom Ågotnes og Bergen, ringbuss og parkering i samband med båtruta frå Ågotnes (fire millionar kroner) og 20 millionar kroner som avsetjing til full drift av lokalmedisinsk senter frå 2019. Dette vert finansiering med auka skatteanslag, renteauke, refusjon sjukeløn/fødselspengar, auka gebyr og bruk av disposisjonsfond. Les heile forslaget her.

Hege Misje (Sotralista) presenterte forslaget frå Sotralista, Senterpartiet, Venstre og Miløpartiet Dei Grøne. Hege Misje fekk skapte munter stemning då ho skulle svara på eit spørsmål om finansieing av tiltaka dei fire partia føreslo i sitt budsjettframlegg svarte ho ved å sitera Jan Utkilen; Vi finn ut av det
Hege Misje (Sotralista) presenterte forslaget frå Sotralista, Senterpartiet, Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne. Ho skapte munter stemning i komitéen då ho skulle svara på eit spørsmål om finansieringa av tiltaka dei fire partia føreslo i sitt budsjettframlegg. Representanten svarte ved å sitera Jan Utkilen; Vi finn ut av det!

SV føreslår å setja av 10 millionar kroner til eit prøveprosjekt med snøggbåt mellom Ågotnes og Bergen i minst eit halvt år. Dette vert finansert med bruk av finansielle fond. Partiet vil kutta kostnader til budsjett- og strategikonferansen ved å nytta eigne lokale i staden for hotell. SV vil også gradvis leggja leksearbeid inn i skuletida. Partiet vil mellom anna at alle nye kjøp av kommunale køyretøy skal vera utsleppsfrie. Les forslaget frå SV her.

I møtet fekk rådmannen støtte for eit forslag om å endra fordelinga mellom skatt og ramme. Rammetilskotet vert auka med 17 millionar kroner, medan skatt vert redusert med tilsvarande beløp.

Ber om sak om mottak av mindreårige flyktningar

Komitéen samla seg om innstillinga frå rådmannen om å avslå oppmodinga frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet om å busetja 10 mindreårige flyktningar. Komitéen ynskjer ei ny sak om å busetja mindreårige flyktningar i 2018 . Statusevalueringa av einslege mindreårige-tiltaket i Fjell kommune vart teke til orientering. Saka går til behandling i kommunestyret.

Endrar 2017-budsjettet

KDF går inn for å justera budsjettet for 2017. Bakgrunnen er at rekneskapen etter drift i åtte månader viser eit negativt netto driftsresultat på om lag 40 millionar kroner. Rådmannen reknar med at sluttresultatet for 2017 vil hamna mellom 25 og 35 millionar kroner i minus.
Difor har han føreslått budsjettendringar.

Komitéen støtta forslaga frå rådmannen med unnatak av forslaget om å nytta 1,4 millionar kroner i eigedomsskatt i drifta. Det var berre SV som støtta dette framlegget. Tilrådinga frå komiteen inneber dermed at avsetnad til lokalmedisinsk senter (LMS) på 10 millionar kroner vert teke vekk. Bruk av bundne fond vert auka med tre millionar kroner og ein vil gjera bruk av sju millionar kroner av LMS-fondet. Sosialbudsjettet (barnevern) vert auka med ni millionar kroner og barnehageområdet vert styrkt med 6.6 millionar kroner.  NAV vert styrka med 5,8 millionar kroner. I tillegg vart det innstilt på at kommunestyret vil kome tilbake med forslag til endeleg saldering i samband med årsrekneskapet. Saka vert avgjort i kommunestyret.

Komité for drift og forvaltning slutta seg til forslaget til høyringsuttale til ny forskrift om tilskot til utleigebustader frå Husbanken.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Publisert: 31.10.2017 20:37
Sist endret: 31.10.2017 22:53