Facebook ikon Twitter logo Print side

Vurderer fri skuleskyss på tre vegstrekningar

Komité for drift og forvaltning skal på møtet den 7. februar ta stilling til om ungdomsskuleelevar som bur på Ekrhovda skal få fri skuleskyss fram til Fjell ungdomsskule. Komitéen skal også ta stilling til om elevar som bur sør for Bjorøy skule i retning Tyssøyna skal få fri skuleskyss. FAU ved Landro skule har bedt om ny vurdering av skulevegen frå Vindenes til Landro skule via Landrodalen.

Rådmannen føreslår at elevar som bur sør for Bjorøy skule (mot Tyssøyna) skal få fri skuleskyss i perioden etter haustferien og fram til vinterferien.
Rådmannen føreslår at elevar som bur sør for Bjorøy skule (mot Tyssøyna) skal få fri skuleskyss i perioden etter haustferien og fram til vinterferien.


Elevane busett på Ekrhovda går på Fjell ungdomsskule, men dei bur i underkant av fire kilometer frå skulen. Fire kilometer er grensa for å få fri skuleskyss. Foreldra meiner at det er stor trafikk og vegen er smal og uoversiktleg forbi Døsje. Dei meiner at strekninga må reknast som særleg farleg eller vanskeleg og at det dermed må gjevast fri skulekyss for elevane som går på ungdomsskulen. Rådmannen er samd i desse vurderingane og rår til at ungdomsskuleelevar som bur på Ekrhovda og har under fire kilometer til skulen, får fri skuleskyss.

FAU ved Landro skule har bedt om ny vurdering av skulevegen frå Vindenes vida Landrodalen til Landro skule. Det vert vist til at vegen er smal, svingete og manglar fortau. Fleire foreldre køyrer barna til skulen, og dette gjer strekninga endå meir trafikkfarleg. Rådmannen går inn for at elevar frå første til fjerde klasse, som har Landrodalen som skuleveg, får fri skuleskyss året rundt.

FAU på Bjorøy skule har bedt om ny vurdering av skulevegen mellom Tuyssøyna og Bjorøyna. Det vert vist til stadig auka trafikk og at vegen er smal, svingete og uoversiktleg. Rådmannen går inn for at elevar frå femte til sjuane klassetrinn, som bur sør for skulen i retning Tyssøyna, får fri skuleskyss til og frå undervisninga i perioden etter haustferien og fram til vinterferien.

Tilskotsordning mot barnefattigdom

Rådmannen går inn for å prioritera søknader frå Fjell kommune (Opplevelseskortet), Basecamp (Sommar for alle) og Way Forwad (Frå gata til idrett) om tilskot mot barnefattigdom. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som forvaltar Nasjonal tilskottsordning mot barnefattigdom. Det er kome inn tre søknader. Dette er vidareføring av søknader til prosjekt som fekk tilskot i 2016. Dei tre prosjekta fekk til saman 600 tusen kroner.

Andre saker i komité for drift og forvaltning den 7. februar

  • Forskrift med kriterier for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særleg tilrettelagd for heildøgns teneste
  • Uttale til høyringa - Endringar i forskriftsføresegner til avsluttande prøvar i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
  • Framlegg til endring i SFO-vedtektene - f.o.m. hovudopptak våren 2017"
  • Mangfald og fordjupning" - ny rammeplan for kulturskulen i Fjell
  • Val av delegatar til årsmøte og konferanse i Norsk kulturskuleråd-Hordaland,16.-17.03.2017
  • Sals- og skjenkekontrollar 2016, oversikt
  • Uttale - til forslaget om oppheving av kravet om tilvising for å få rett til stønad til dekning av utgifter til undersøking og behandling hos fysioterapeut
  • Høyringsuttale - forslag til forskrift om pedagogisk bemanning og dispensasjon i barnehagar
  • Fordeling av investeringsmidlar til standardheving og rehabilitering bygg 2017

Før behandlinga av sakene tek til, vert det fleire orienteringar

  • Kl. 16.00: om kreftkoordinatorstillinga
  • Kl. 16.30: statusmelding om arbeidsløysa
  • Kl. 16.50: status for rekneskapen for 2016
  • Kl. 17.10: om Trygg i Fjell-konferansen «Saman mot mobbing» 15.-16.02.17
  • Kl. 17.30: om planarbeidet for handlingsplan for energi, miljø og klima

Møtet vert halde i komitésalen i Fjell rådhus og tek til klokka 16.00 (orienteringar).
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Den 7. februar er det også møte i komité for plan og utvikling.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Publisert: 01.02.2017 16:06
Sist endret: 01.02.2017 16:13