Facebook ikon Twitter logo Print side

Vurderer motsegn mot fylkesplan

Formannskapet i Fjell er kritisk til framlegget til «Regional transportplan Hordaland 2018-2029". Med seks mot tre røyster (Ap) gjekk formannskapet på onsdag inn for ein uttale føreslått av Tom Georg Indrevik (H) der det heiter at Fjell kommune kan koma til å fremja motsegn mot planen dersom han ikkje vert justert etter høyringa. Innstillinga frå formannskapet går til endeleg behandling i kommunestyret den 23. mars.

Kollektivtransport er eit sentralt tema i planutkasta.
Kollektivtransport er eit sentralt tema i planutkasta.

I innstillinga til uttale når det gjeld varsel om motsegn heiter det at planen på fleire område er i strid med gjeldande planar og retningslinjer og at han på fleire område vil vera til hinder for vekst og utvikling i heile regionen. Formannskapet meiner at planen ikkje tek opp i seg at det i regionen vil verte danna fleire nye kommunar med andre behov for arealdisponering enn det som er føreslått i planen.

Elles slutta formannskapet seg samrøystes til innstillinga frå rådmannen om at plandokumentet manglar omtale, drøftingar og perspektiv for kva situasjon som vil gjelda når ei rekkje av kommunane i Hordaland om kort tid går saman i nye og vesentleg større einingar. Formannskapet er glad for at planen understrekar fylket si rolle i arbeidet med å få realisert Sotrasambandet, men understrekar likevel at det er viktig å prioritera fylkesvegane 561 og fylkesveg 555 frå Kolltveit til Øygarden og Sund kommunar.Her kan du lesa meir om planen.

«Regional areal- og transportplan for Bergensområdet 2017-2027» var også til uttale. Formannskapet var samde med rådmannen i at planutkastet legg opp til ei for sterk sentralisering. Premissane knytt til kollektivtransport er for sterkt styrande for utviklinga av andre viktige samfunnsfunksjonar. I utkastet til høyringsuttale uttaler formannskapet også at forvaltning av planen ikkje må hindra ei positiv utvikling i bygdene og utanfor dei største sentera og leggja band på handlingsrommet i arealplanane til kommunane. Planen har i for liten grad vurdert situasjonen for stader med låg eller ingen kollektivdekning og spreidd busetnad, heiter det i framlegget til uttale.

Det vart signalisert at det vil koma tilleggspunkt ved behandlinga av denne planen i kommunestyret.

Om begge planane meiner formannskapet at ein ikkje ønskjer ein plan som søkjer å heimla retten til å gje motsegn mot planar og vedtak i primærkommunane. Det vert også understreka kor viktig det er å leggja til rette for innfartsparkering.

Kartlegging av eksplosivfare og miljøforureining kring Fjell festning

På bakgrunn av tilrådingar i utgreiingar i området ved Fjell festning, vedtok formannskapet at det snarast skal leggjast fram ei sak som skildrar ytterlegare tiltak som bør gjennomførast for å sikra området. Utover dette tok formannskapet ei sak om status for kartlegginga til orientering.

Forsvaret (Marinens jegervågen) har etter uromeldingar og synfaring tidlegare lagt fram ein rapport der det vart tilrådd å undersøkja vatna i området. Med skjønsmidlar frå Fylkesmannen har Multiconsult no gjennomført ei miljøkartlegging og gjennomsøking i festningsområdet. Undersøkingane stadfestar i stor grad kjent kunnskap om eksplosiv- og miljøsituasjonen på Fjell festning. Når det gjeld Rotatjern er det føreslått at det vert gjennomført tiltak i samråd med Forsvarsbygg (dykking eller nedtapping). Det står no igjen 180 tusen kroner i prosjektmidlar. Det vert vidare føreslår at desse midlane vert nytta til eit oppryddingstiltak i Rotatjern i 2017. Det er også tilrådd å gjennomføra miljøkartlegging med jamne mellomrom.

Demokratiprosjekt knytt til kommunereforma

Formannskapet går inn for at dei tre kommunane Sund, Fjell og Øygarden deltek i prosjektet «Fornying og utvikling av lokaldemokratiet i kommunar med vedtak om samanslåing». Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet som har invitert kommunar som arbeider med samanslåing om å delta i eit nytt toårig prosjekt for å utvikla lokaldemokratiet. Den førebuande fellesnemnda ønskjer også dette, men det må gjerast vedtak i dei tre kommunestyra for å kunna delta i prosjektet.

Hovudtema på samlingane i prosjektet vert kva lokaldemokrati kommunane ønskjer å utvikla for den nye kommunen, korleis ein skal organisera og utforma den politiske styringa og korleis ein skal sikra eit godt samspel mellom kommunen og innbyggjarane. Målgruppe er politikarar og representantar. Inntil sju personar i kvar kommunekonstellasjon kan delta i prosjektet. I tillegg til politikarsamlingar, vert det lagt opp til prosjektleiarsamlingar for ansvarlege frå administrasjonen.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Publisert: 08.03.2017 17:59
Sist endret: 08.03.2017 18:05