Facebook ikon Twitter logo Print side

Vurderer rusutfordringar blant ungdom

Komité for drift og forvaltning (KDF) skal på møtet den 28. august drøfta prosjektrapporten «Rusutfordringar blant ungdom i Fjell kommune». Komitéen skal også behandla økonomirapport for 2. tertial 2019.

Arkivfoto. frå møtet i KDF i februar 2019.
Arkivfoto. frå møtet i KDF i februar 2019.

Bakgrunnen for saka om rusutfordringar er varsling frå politiet om aukande rusutfordringar blant ungdom i Fjell. I saksutgreiinga skriv rådmannen at Fjell kommune allereie har mange tiltak som rettar seg mot målgruppa. Mange tiltak skjer på skulen. Dette er breie og universelle tiltak som skal hindra at elevane utviklar vanskar. Det finst også ei rekkje andre tiltak utanfor skulen. Arbeidsgruppa som har utarbeidd rapporten understrekar at sjølv om kommunen har mange tiltak, så er desse for fragmenterte og for lite systematiserte og at dei dermed ikkje verkar målretta saman.

Rådmannen tilrår at arbeidsgruppa som har utarbeidd rapporten, framleis møtest jamleg for å utveksla erfaring og kunnskap. I rapporten vert det føreslått å oppretta eit tverrfagleg
ungdomsteam. Rådmannen meiner at det ikkje er formålstenleg å oppretta eit slikt team.

- Etableringa av ei slik viktig teneste må arbeidast grundig med og bør inngå som tenesteutvikling i den nye storkommunen, skriv rådmann i saksutgreiinga. Han innstiller på at komitéen tek saka om ungdom og rus til orientering.

Andre saker i KDF den 28. august

  • Tilstandsrapport for grunnskulen i Fjell, skuleåret 2018/2019
  • Vurdering av skuleveg, sør for Skålevik skule
  • Vurdering av skulevegen frå Bankesteinsvegen, Søre Fjellavegen - Ulveset skule
  • Vurdering av skulevegen frå Bjorøy skule til Nilsvikhaugane
  • Temaplan for fysiske kulturminne og kulturmiljø 2019 – 2022, sluttbehandling
  • Kulturvernmidlar 2019
  • Søknad om skjenkeløyve for alkohol, Bergen Gokartsenter AS
  • Digitale læremiddel på nynorsk
  • Erfaringar med nye parkeringstiltak ved Straume helsesenter, Straumeterapisenter og Øygarden lokalmedisinske senter (LMS)

Møtet vert halde i komitésalen i Fjell rådhus og tek til klokka 16.00.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst: Vigleik Brekke

 


Sist endret: 21.08.2019