Facebook ikon Twitter logo Print side

Way Forward feira avslutninga av ramadan

Måndag 26. juni arrangerte Way Forward feiring av ID saman med familiar, vener og naboar i Fjell. Id, eller Id- al-fitr, er den muslimske høgtida som markerer slutten av fastemånaden ramadan. Den vart feira med bønesamlingar, gjestebod og gåver.

Frå feiring av id
Frå feiring av id på måndag denne veka.

Aktivitetssenteret til Way Forward under Kraftsenteret starta opp den 16. juni 2017 med Fjell-ordførar Marianne Sandahl Bjorøy som snorklippar ved den høgtidlege opninga.

I samband med Id feiringa ved aktivitetssenteret på måndag kom gjestene med mat og musikk frå verdas hjørne. Som ved opninga av senteret underheldt 13 år gamle Jude Aniston Mariyampillai med si klåre songrøyst, denne gongen med et imponerande repertoar,mellom anna arabisk song.

Dei over 100 frammøtte deltok også med dans og allsong, spennande mat og ei flott stemning. Det var leik og moro for barna, halal-pølser og godteposar. Her var det også «open mic» for dei som ville prøva sine ferdigheiter framfor vener. Kanskje vi også har funne nye talent som vil spilla inn musikk ved det prfesjonelle studioet på senteret.

Way Forward kjem til å arrangera samlingar og kurs for barn, unge og vaksne med interesse for å koma saman med andre og vera kreative. Her vert det satsa det på dans, musikk, hobbyaktivitetar og sosialt samvær på tvers av kulturelle og sosiale lag. Og det er alltid rom for frivillige som opplever at dei har noko å bidra med til fellesskapet.

Om du eller nokon du kjenner ønskjer å delta på aktivitetar eller ønskjer å formidla din kunnskap til den yngre generasjonen i Fjell kommune, ta gjerne kontakt med leiar i Way Forward, Richard Kiwanuka post@wayforward.no

Her er fleire bilete frå feiringa

 

Tekst: Richard Kiwanuka


Publisert: 29.06.2017 09:56
Sist endret: 29.06.2017 10:00