Facebook ikon Twitter logo Print side

Way Forward gjev leksehjelp

For kort tid sidan starta Way Forward opp leksehjelp i aktivitetshuset under Kraftsenteret.

Way Forward gjev leksehjelp

Det har vore stor interesse for tiltaket, og omlag 30 barn og unge dukat opp den første leksehjelpsdagen. Vi forventar fleire barn og unge som kjem til dette tiltaket etter kvart som det vert meir kjent der ute.

Leksehjelp er ope kvar måndag frå kl 15.30 til 19.00 for barn og unge i grunnskulealder.

Her får dei eit varmt måltid, hjelp til lekser og deltaking i positive fellesskap.

Tilbodet er gratis. Leksehjelp er eit samarbeidsprosjekt mellom Way Forward - Fjell og Fjell Frivilligsentral.

Dei som har spørsmål om tiltaket eller ønskjer å arbeida som frivillig, kan kontakta Way Forward på: post@wayforward.no eller på telefon 46446468.

Fleire bilete

Way Forward gjev leksehjelpWay Forward gjev leksehjelp

Unni Espenes Kiwanuka
Way Forward


Publisert: 19.09.2017 09:00
Sist endret: 19.09.2017 10:03