Facebook ikon Twitter logo Print side

Barnehageplass

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Innleiing

Som innbyggjar i Fjell kan du velja i eit rikt og variert barnehagetilbod. Kommunen har full barnehagedekning og omlag 1600 barn går i ein av Fjell sine 15 private eller 11 kommunale barnehagar. Det er i tillegg ein privat open barnehage med avdelingar på Fjell, Landro og Straume.

Søk barnehageplass

Søknadsfrist til hovudopptaket er 1. mars.

Søk plass for neste barnehageår (2017/2018)

Dersom de har problem med å søkja elektronisk, ber vi om at de tek kontakt med Fjell kommune for hjelp.

For dei som står på venteliste og vil endra prioritering, oppstartsdato eller anna på tidlegare innsendt søknad, ber vi om at de ikkje nyttar skjema for endring av plass, men tek kontakt med Fjell kommune.

Endring og deling av faktura

Søk om endring eller deling av foreldrebetaling

Opptak

Fjell kommune har ein samordna opptaksprosess der kommunale og private barnehagar samarbeider om opptaket. Søknad vert sendt elektronisk. I søknaden skal det setjast opp ønska barnehagar i prioritert rekkjefølgje.

Private barnehagar tilbyr plass utifrå eigne vedtekter og opptakskrets. Kommunale barnehagar har felles vedtekter, men fordelinga av plassar blir føreteke i den enkelte barnehage. Dei som søkjer plass må gjera seg kjent med barnehagen sine vedtekter.

Vedtekter for kommunale barnehagar

Last ned vedtekter for kommunale barnehagar

1. FØREMÅL

"Barnehagelova § 1 Formål:

Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg, og lek, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal bygge på grunnleggende verdier i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfrihet, nestekjærlighet, tilgivelse, likeverd og solidaritet, verdier som kommer til uttrykk i ulike religioner og livssyn og som er forankret i menneskerettighetene.

Barn skal få utfolde skaperglede, undring og utforskertrang. De skal lære å ta vare på seg selv, hverandre og naturen. Barna skal utvikle grunnleggende kunnskaper og ferdigheter. De skal ha rett til medvirkning tilpasset alder og forutsetninger.

Barnehagen skal møte barna med tillit og respekt, og anerkjenne barndommens egenverdi. Den skal bidra til trivsel og glede i lek og læring, og være et utfordrende og trygt sted for fellesskap og vennskap. Barnehagen skal fremme demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering."

Barnehagane skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar med tilhøyrande føresegner og retningsliner.

Barnehagane skal, i den grad vedtektene gjev rom for det, formast i tråd med dei lokale behova slik at tilbodet blir mest mogleg brukartilpassa og fleksibelt.

2. EIGARTILHØVE, DRIFT OG FORVALTNING

Fjell kommune er ansvarleg for drift av dei barnehagane som er omfatta av desse vedtektene. Administrativt er barnehagane knytt til barnehagesjefen.

Kvar barnehage skal ha eit samarbeidsutval og eit foreldreråd i samsvar med lov om barnehagar. Foreldrerådet er alle foreldre/ føresette i barnehagen.

Samarbeidsutvalet skal vera samansett av likt tal representantar frå foreldre/føresette og dei tilsette. (Jfr Lov om barnehagar § 4)

Styrar i barnehagen representerar Fjell kommune som eigar.

3. OPNINGSTID, FERIE OG PERMISJON.

Barnehagane er opne heile året. Opningstida er innafor tidsrommet kl. 07.00 – 17.00. Kveldsopen barnehage har utvida opningstid etter behov.

Samarbeidsutvalet i kvar barnehage skal innafor ramma av opningstida fastsetje lokal opningstid for eitt år om gangen.

Barnehagane er stengde laurdagar, jule- og nyårsafta. Onsdag før skjærtorsdag stengjer dei kl. 12.00.

Alle barn skal avvikla fem veker ferie. Tre av ferievekene må avviklast samanhengande i tida 15. juni til 15. august. Den 4. ferieveka må avviklast samanhengande, alternativt delast opp på dagane i romjula og før påske.

Barnehagane er i tillegg stengt fem planleggingsdagar i året. Den 5. ferieveka for barna kan avviklast på barnehagen sine planleggingsdagar.

Det kan søkjast permisjon frå barnehageplassen for minimum tre månader og maksimum 12 månader. Oppstart etter endt permisjon vert når det er ledig plass i barnehagen.

4. OPPTAK

Fjell kommune gjennomfører samordna opptak til ledige plassar om hausten, i private og kommunale barnehagar, gjennom eitt hovudopptak. Opptak av barn elles i året vert føreteke etter kvart som det vert ledige plassar.

Styrar i kvar kommunal barnehage er opptaksmynde etter delegasjon frå barnehagesjefen. Barnehagemynda koordinerer opptaket.

Barnehagane tilbyr berre heiltidsplassar. Foreldre nyttar plassen slik dei ønskjer.

5. OPPTAKSREGLAR

Barnehageplass skal fortrinnsvis tildelast barn som er busett i Fjell kommune. Barnet må vere fylt 10 månader før det kan byrja i barnehage. Det kan søkjast plass når barnet har fått personnummer.

Barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av august, er busett i Fjell kommune og har søkt innan fristen for hovudopptaket, har rett til barnehageplass. (Jfr. Lov om barnehagar § 12 a)

Ved tildeling av barnehageplass har opptaksmynda høve til å ta omsyn til det fysiske miljøet og den eksisterande barnegruppa. Det er difor mogleg å tildela plass i ein annan barnehage enn føresette har søkt.

Føresette har høve til å søkja om overføring frå ein barnehage til ein annan, etter at barnet har begynt i barnehagen. Overføring vert innvilga dersom det er ledig plass og etter at prioriteringsreglane er teke omsyn til.

Komite for drift kan vedta å øyremerke plassar til særskilde grupper eller føremål.

6. PRIORITERINGSREGLAR

  1. - Barn med nedsett funksjonsevne skal ha rett til prioritet ved opptak. (Jf. Lov om barnehagar §13) Krav til dokumentasjon: Skriftleg sakkyndig vurdering frå lege, PPT eller andre sosiale- og medisinske instansar.

    - Barn som det er fatta vedtak om etter lov om barnevernstenester §§ 4-12 og 4-4 andre og fjerde ledd skal ha prioritet. Krav til dokumentasjon: Skriftleg vedlegg frå barnevernstenesta med underskrift av barnevernsleiar.

  2. Minoritetsspråklege barn der begge foreldre er født i eit anna land, utafor Norden, og barnet treng barnehageplass for språkutvikling i norsk og integrering. Krav til dokumentasjon: Stadfesting frå flyktningekonsulent og/eller leiande helsesøster.

  3. Søsken til barn som har barnehageplass i same barnehage.

  4. Barn av tilsette i dei kommunale barnehagane, for å rekruttera og halda på naudsynt fagkompetanse. Dersom den tilsette er busett utafor Fjell kommune er det er ei føresetnad at bustadkommunen refunderer kostnader for barnehageplassen.

Når opptaksreglar og prioriteringsreglar er teke omsyn til, vert barn som har stått lengst på søkjarlista prioritert.

7. OPPTAKSPERIODE OG OPPSEIINGSFRIST

Plass som er tildelt, kan behaldast til barnet byrjer på skulen eller til foreldra sjølv seier han opp. Dersom barnet flyttar til anna kommune som Fjell ikkje har refusjonsavtale med, vert barnet sagt opp frå barnehageplassen. Oppseiing av plassen skal vera skriftleg. Reglane for oppseiing og betaling gjeld frå føresette stadfestar at dei tek imot barnehageplassen.

Gjensidig oppseiingsfrist er 1 månad, rekna frå den 01. i kvar månad. Dersom barnet sluttar etter 30. april, må det likevel betalast ut juni.

Ved misleghald (til dømes manglande betaling eller gjentakande brot på opningstidene) kan kommunen v/ barnehagesjefen seie opp plassen.

8. GRUPPESAMANSETJING OG AREALUTNYTTING

Barnehagane skal halda seg innanfor dei normene som er gjevne i lov om barnehagar m.o.t. tal barn pr. pedagogisk leiar/ barnehagelærar. Nedre grense for godkjent leike- og opphaldsareal pr barn over 3 år: 4 kvm. Nedre grense for godkjent leike- og opphaldsareal pr barn under 3 år: 5,3 kvm.

Barna sitt leikeareal ute skal vera ca seks gongar godkjent leike- og opphaldsareal inne.

9. MAT

Det vert servert mat i heildagsbarnehagane. Samarbeidsutvalet i kvar barnehage avgjer korleis dette skal arrangerast. Samarbeidsutvalet i kvar barnehage fastset brukarbetalinga på matserveringa, etter sjølvkostprinsippet. Dette kjem i tillegg til foreldrebetalinga. Jfr § 15 i lov om barnehagar og forskrift om foreldrebetaling i barnehagar §1.

10. FASTSETJING AV FORELDREBETALING

Barnehagane følgjer statlege satsar for makspris på foreldrebetaling.

Dersom barnet vert for seint henta i barnehagen vert foreldre/føresette fakturert for kr 250,- pr påbegynt halvtime.

11. INTERNKONTROLL

Alle barnehagane har internkontrollsystem som sikrar kontinuerleg arbeid med Helse- Miljø og Tryggleik -og føresegn om "Miljøretta helsevern i barnehager og skular". Internkontrollsystemet er knytt opp mot Fjell kommune sitt internkontrollsystem.

12. FORSIKRING

Kommunen har teikna ansvars- og ulukkesforsikring for alle som har plass i kommunale barnehagar.

Sist godkjent i kommunestyret 24.04.14
Gjeld frå 01.08.14

Val av barnehage

For å velja den barnehagen som passar deg og ditt barn best, bør du gjera deg kjent med barnehagen sine vedtekter og årsplan. Vedtektene fortel om barnehagen sitt konsept og dei gjensidige forpliktingane mellom barnehagen og heimen. Årsplanen fortel om barnehagen sitt faglege innhald. Dersom du ønskjer fleire opplysningar, kan du kontakta den enkelte barnehage.

Her finn du oversikt over barnehagar i Fjell

Tilbod om plass

Ved hovudopptaket sender barnehagane ut tilbod når vi har tildelt plassane som vert ledige frå august. Denne hovudutsendinga vil bli i april månad.

Tilbod skal svarast på so snart som mogeleg, og seinast innan åtte dagar. Dersom det vert ledige plassar etter dette, vert suppleringsopptak gjort fortløpande. Det er difor viktig at alle som har søkt om plass følgjer med på sin registrerte e-postadresse.

30 % søskenmoderasjon for den andre barnet
50% søskenmoderasjon for det tredje barnet

  • Det vert betalt for 11 mnd. i året. Av prkatiske grunnar vert det difor ikkje sendt ut rekning i juli månad.
  • Det er høve til å ta ekstra betaling for matservering. Ta kontakt med den einskilde barnehage.
  • Prisen på deltidsplassar i dei private barnehagane kan variere. Ta kontakt med den einskilde barnehage.

Pris

Prisar for barnehageplass 2017
PlasstypeGrunnlagPris pr. mnd
41 timar og meir 5 dg veke - 41 timar og meir 2.730
Maks 33 timar   2.461
Maks 25 timar   2.115
Maks 17 timar   1.758

30 % søskenmoderasjon for den andre barnet.
50% søskenmoderasjon for det tredje barnet.

Informasjon om redusert foreldrebetaling

Oppseiing/endring/overføring

Plass som er tildelt kan behaldast til barnet tek til på skulen eller foreldra sjølve seier han opp. Oppseiing av plassen skal gjerast skriftleg og leverast barnehagen. Reglane for oppseiing og betaling gjeld frå føresette stadfestar at dei tek i mot plassen. Gjensidig oppseiingsfrist er ein mnd. frå den 01. i kvar månad. Dersom barnet sluttar etter 30. april, må det likevel betalast ut juni.

Dersom barnet har plass i ein barnehage er det høve til å søkja overføring til anna barnehage. Det kan også søkjast om endring i plasstype. Det er utarbeidd eit eige skjema for oppseiing/endring av plasstype og overføring til anna barnehage.

Skjema for overføring, endring eller oppseiing for neste barnehageår (2017/2018)


Publisert: 28.04.2016 07:41
Sist endret: 14.03.2017 11:29