Facebook ikon Twitter logo Print side

Redusert foreldrebetaling

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Maksimalprisen for ein heiltidsplass i barnehage er kr. 2.730 pr. månad, totalt kr. 30.030 pr. år, frå 1. januar 2017. Det er innført ulike ordningar som gjev reduksjon i foreldrebetalinga for hushald med låg inntekt; redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid. Kommunen der barnet er folkeregistrert har ansvar for ordningane som både gjeld for kommunale og ikkje-kommunale barnehagar.

Ifølgje nasjonal ordning for reduksjon i foreldrebetalinga skal ingen hushald betale meir enn 6 % av bruttoinntekta si for ein barnehageplass. I 2017 vil ordninga med redusert foreldrebetaling vera aktuell for hushald med ei samla inntekt lågare enn kr. 500.500.

Frå 1.august 2016 har alle 3-, 4- og 5-åringar, og barn med utsatt skulestart, som bur i hushald med låg inntekt rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage pr. veke. Inntektsgrensa vert avgjort av Stortinget i samband med det årlege budsjettarbeidet. For barnehageåret 2016-2017 er inntektsgrensa kr. 417.000 for ordninga med gratis kjernetid. Frå 1.august 2017 er inntektsgrensa føreslått satt til kr. 428.000.

Søk om redusert foreldrebetaling

Målgruppe

Hushald med låg inntekt.

Kriterum/vilkår

Foreldrebetalinga for ein barnehageplass i ein offentleg godkjent kommunal eller ikkje-kommunal barnehage skal reknast ut frå hushaldet si samla skattepliktige kapital- og personinntekt.

Som hushald vert rekna ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar. Som sambuarar vert rekna to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande forhold i minst 12 av dei siste 18 månadane eller har felles barn.

Bur eit barn fast hos begge foreldra (delt bustad), skal foreldrebetalinga reknast ut frå inntekta i hushaldet der barnet er folkeregistrert.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta?

Ordningane med redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid er søknadsbasert. Det vil seia at hushaldet må søkja om redusert foreldrebetaling og/eller gratis kjernetid, det er ikkje noko ein får automatisk. Det skal som hovudregel søkjast for eitt barnehageår om gongen. Det er også mogleg å søkja i løpet av barnehageåret om hushaldet si samansetjing og inntektssituasjon vert endra vesentleg og varig, eller om barnet byrjar i barnehage midt i året.

Ved tildelt redusert foreldrebetaling for første barnet skal det også gjevast reduksjon for resten av barna i hushaldet, med søskenmoderasjon i tillegg.

Dokumentasjon

Nyaste sjølvmelding skal leggjast ved søknaden som dokumentasjon. Sjølvmeldinga vil normalt innehalda dei fleste skattepliktige kapital- og personinntekter. Dersom det er skattepliktig kapital- eller personinntekt som ikkje er registrert på sjølvmeldinga, er søkjar pliktig til å opplysa om dette på søknadsskjemaet.

Dersom inntekta har endra seg vesentleg og varig sidan siste sjølvmelding, eller om søkjar ikkje kan leggja fram sjølvmelding t.d. av for kort butid i landet, kan søkjar leggja fram anna dokumentasjon på inntekt.

Søknadsfrist

Det må søkjast innan 14.07.2017 på ordningane redusert foreldrebetaling og/eller gratis kjernetid for å få moderasjon frå oppstart av nytt barnehageår. Elles gjeld retten til moderasjon frå og med første heile månad etter søknadstidspunktet.

Send søknad til

Skriv ut skjemaet og send det saman med dokumentasjon til Fjell kommune v/ servicetorgsjefen, PB 184, 5342 Straume.


Publisert: 11.05.2016 09:50
Sist endret: 02.01.2017 10:43
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00