Facebook ikon Twitter logo Print side

De Utrolige Årene (DUÅ)

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Kva er DUÅ?

DUÅ er ein forskingsbasert programserie som skal fremja barn sine sosiale, emosjonelle og akademiske ferdigheiter. Programma er utvikla av den amerikanske psykologen Carolyn Webster-Stratton.

Barnehagane i Fjell har implementert DUÅ sitt skule- og barnehageprogram og Dinosaurskulen. Fjell har òg tilbod om foreldreprogram.

Mål

DUÅ består av ulike program retta mot foreldre, barn og tilsette i barnehage, SFO og skule. Kursa har som mål å auka tilsette i barnehagane og foreldre si forståing for og kunnskap om barn sitt unike temperament og normalutvikling. Gjennom ulike tilnærmingar kan relasjonar mellom barn og vaksne bli meir positiv, og stressnivået går ned.

Nytteverdi

  • Relasjonen mellom vaksne og barn blir meir positiv. Stressnivået i familiane går ned etter å ha delteke på kurs, og tilsette i barnehagane får verktøy å bruke i sitt arbeid.
  • Foreldra sitt samspel med barna blir betre og meir positivt.
  • Barn som deltek i Dinosaurskulen får auka sin sosiale og emosjonelle kompetanse.
  • Forsking seier åtferdsvanskar hjå barn vert kraftig reduserte når foreldre og andre omsorgspersonar «snakkar same språk».

Program

Både tilsette, foreldre og barn får gratis kurs/opplæring i programma. Dei tilsette i barnehagane deltek på seks heildags Workshops for å styrke deira kompetanse i førebygging og handtering av ulike åtferdsproblem, og for å styrkja samarbeidet mellom barnehage og heim.

Foreldreprogramma er for foreldre som av ulike årsaker synes oppseding av barn er ei utfordring i kvardagen, og som ønskjer endring. Foreldreprogrammet er eit rettleiingsprogram for foreldre med barn i ulik alder, og tema er mellom anna samspel, leik, ros og oppmuntring, belønning, å gje gode meldingar/beskjeder, å setja grenser og problemløysing. Tilbodet vil variera mellom 8 – 14 veker avhengig av barnet sin alder

Dinosaurskulen har som mål å styrkja barn sin emosjonelle og sosiale kompetanse, og å styrkja barnet sitt sjølvbilete og oppleving av mestring. Her går tilbodet over eit heilt barnehage-år, og i Fjell kommune er det retta mot førskulebarn

Programoversikt

Foreldreprogram

Baby/småbarnsprogram 0 – 3 år

Handlar om korleis foreldre kan observera og tolka små barn sine signal, og korleis dei kan stimulera psykisk, taktilt og visuelt for utvikling av hjernen. Og dei lærer korleis dei kan kontrollera seg sjølv gjennom sjølvinstruksjon.

Varigheit:
Eitt møte i veka over 8 veker for barn 0-1 år, 12 veker for barn 1-3 år.

Førskuleprogram 2- 4 år

Dette handlar om korleis styrkja foreldra sine ferdigheiter gjennom å auka barnet sine sosiale ferdigheiter, emosjonelle regulering og motivasjon for læring.

Varigheit:
Eit møte i veka over 18 – 20 veker

BASIC foreldreprogram 3 – 8 år

Dette handlar om å auka foreldrekompetansen når det gjeld denne aldersgruppa med tanke på å redusera og førebyggja utfordrande åtferd. Foreldra vert oppmuntra til å delta på barnet sin arena og på barnet sine premissar i leik. Og dei lærer korleis dei systematisk kan bruka ros/oppmuntring og motivasjon for å koma i positivt samspel barnet.

Varigheit:
Eit møte i veka over 12 – 14 veker.

Skulealderprogram 6 – 12 år

Dette handlar om korleis einkan fremja barn sin positive åtferd i skulen, og korleis foreldre kan vera støttande i utvikling av akademiske ferdigheiter.

Varigheit:
Eitt møte i veka over 12 – 16 veker

Påmelding:
Ta kontakt med kommunepsykologtenesta.

Universalprogrammet 2 – 6 år

Kurset har som mål å auka foreldre si forståing for barn sitt unike temperament, normalutvikling og oppmuntra til forventningar som samsvarer med utviklinga til barnet. Målet er å utvida barn sine sosiale ferdigheiter gjennom å auka evna til problemløysing og sjølvregulering, å utvikla empati hos barnet og å redusera åtferdsproblem. I Fjell kommune vert dette tilbydd foreldre som har barn i Dinosaurskulen, og er difor og meint å vera skuleførebuande.

Varigheit:
Eit møte kvar veke over 6 veker, 2 timar kvar gong.

Meir informasjon:
Ta kontakt med Siri Sunnarvik på telefon 55 09 72 21.

Barneprogram

Dinosaurskule for førskulebarn

Dinosaurskulen er eit førebyggjande program for barn i alderen tre til åtte år. Målet er å styrkja barn sin emosjonelle og sosiale kompetanse, og å styrkja barna sitt sjølvbilete og oppleving av mestring. Tema i Dinosaurskulen handlar om å kjenna att kjensler både hjå seg sjølv og andre, å kunna ta andre sitt perspektiv, å meistra eige sinne, utvikle sjølvkontroll og betre ferdigheitene i problemløysing og konflikthandtering.

Opplegget for Dinosaurskulen går føre seg gjennom eit heilt år i barnehagen – om lag 60 samlingar. Læringa skjer ved hjelp av handdokkene Dina Dinosaur, Willy, Mari og Lille Skilpadde, og ved hjelp av samtalar, filmsnuttar og ulike øvingar/aktivitetar. Foreldre er involvert gjennom leksebøker knytt til dei sju ulike tema i programmet, og er meint som ein samtale mellom foreldre og barn om viktige ting i livet.

Meir informasjon:
Ta kontakt med Irene Solem Hansen på telefon 55 09 72 10.

Skule- og barnehageprogrammet

Målet med skule- og barnehageprogrammet er å styrkja personalet sin kompetanse i gruppeleiing, og korleis dei kan førebyggja og handtera ulike utfordringar i det daglege arbeidet med barn. I tillegg skal det styrkja samarbeidet mellom barnehage og heim. Gjennom dei seks dagane opplæring med sertifiserte gruppeleiarar, får dei tilsette lære om å byggja relasjonar, vera pro-aktiv, korleis rosa og oppmuntra på ein effektiv måte, korleis nytta belønningssystem og korleis handtera negativ åtferd.

Opplæringa omhandlar filmsnuttar, diskusjonar, felles refleksjon, praktiske oppgåver og korleis ein kan nytta strategiske planar i arbeidet i barnehagen.

Dei tre hovudmåla med skule- og barnehageprogrammet er:

  • Å betra samarbeidet mellom skule/barnehage og heim.
  • Personalet skal bli betre på gruppeleiing.
  • Å styrkja kompetanse i høve førebygging/handtering av uønska åtferd.

Heile personalet deltek i same opplæringa. I tillegg til kursdagane, er det lagt opp til heimeoppgåver mellom kvar samling. Personalet får rettleiing og oppfølging frå gruppeleiarane.

Meir informasjon:
Ta kontakt med Marianne Callan Gjerstad på telefon 55 09 72 17

Lenkjer


Publisert: 21.06.2016 13:59
Sist endret: 22.06.2016 08:00
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00