Facebook ikon Twitter logo Print side

Grunnskule

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Grunnskuleopplæring

Fjell kommune har ansvaret for grunnskuleopplæringa for elevar frå 1. - 10. trinn og for opplæring av vaksne minoritetsspråklege. Vi har 13 barneskular, 2 ungdomsskular, kulturskule, vaksenopplæring og privatskule.

Elevane har rett til gratis offentleg grunnskoleopplæring. Kommunen kan ikkje krevja at elevane eller foreldra dekkjer utgifter i samband med opplæringa, for eksempel utgifter til undervisningsmateriell, transport i skoletida, leirskoleopphald, ekskursjonar eller andre turar.

Skuleoversikt

Oversikt over skulane i Fjell

Skulestart

Oversikt over skulestart i Fjell kommune hausten 2016.

Skulerute

Oversikt over skulen sine planleggingsdagar og feriar

Overgang mellom barnehage og skule

Gjeldande prosedyrar - overgangen mellom barnehagen og skule

Mobbing

Fjell kommune har ei rekkje program som legg til rette for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø.

Program i barneskulen
  • Zero
  • Olweus
  • Friends
  • TSK - klasseleiing
  • Zippys venner
  • VFL - Vurdering for læring. Fokus på elevsamtalen og meistring
  • Trivselsleiar
Program i ungdomsskulen
  • MOT
  • Respekt
  • VFL - Vurdering for læring. Fokus på elevsamtalen og meistring

TRYGG I FJELL

Kunne - ville - våge - stoppe mobbinga

Målsettinga til Trygg i Fjell er å førebyggja og å redusera omfanget av mobbing generelt i Fjell kommune – og å sikra at mobbing blir avdekt og handtert godt av alle som er i relasjon til barn og unge.

Heimesida til TRYGG I FJELL

Lese- og skrivevansker 

Elevar som har store lese- og skrivevanskar og dokumentert behov for PC/nettbrett kan søke om tilskudd til dette frå NAV.

Dette gjeld elevar med spesifikke lese- og skrivevansker, som dysleksi, og som har dokumentert behov for PC/nettbrett. Lege, PP-tenesta eller spesialpedagog på skulen må dokumentere at det er eit særskilt behov for PC /nettbrett.

Det er viktig at foreldre og skule er i tett dialog om leseutviklinga og drøftar både tiltak og vidare kartlegging når det viser seg naudsynt.

Bergen kommune har meir informasjon og aktuelle linkar til mellom anna søkeskjema om dette.

Ordensreglement

Kommunen skal gje forskrifter om ordensreglement for grunnskulane. Ordensreglementet skal gjerast kjent for elevar og foreldre. Reglementet skal innehalda reglar om framferd og tiltak og framgangsmåte ved brot på reglementet. I ordensreglementet kan kommunen fastsetja reglar for bortvising for

  • Enkelttimar eller resten av dagen (1.-7. klassetrinn)
  • Inntil tre dagar (8.-10. klassetrinn)

Sanksjonar som ikkje går fram av ordensreglementet kan ikkje brukast. Fysisk refsing eller annan krenkjande behandling må uansett ikkje brukast.

Før det blir gjort vedtak om bortvising eller anna form for refsing, skal eleven ha ein sjanse til å uttala seg munnleg for den som skal ta avgjerda. Før rektor sjølv vedtar bortvising, skal rektor rådføra seg med lærarane til eleven. Andre hjelpe- eller refsingstiltak skal vera vurderte før bortvising vert vedtatt.

Ordensreglar for skulane i Fjell kommune

Alle skulane skal ha eit ordensreglement. Opplæringslova § 2.9.
Forskrift til Opplæringslova § 3-5
Ordensreglementet er ei forskrift. Forvaltningslova §2, §37, §38
Reglement R-skriv 07-2005 frå Utdanningsdirektoratet er lagt til grunn.
Skulane kan ha utfyllande reglar. Elevar, føresette, lærarar og skuleleiinga bør delta i
utforminga av desse reglane.

  1.  Alle elevar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Opplæringslova § 9a. 1 og 4
  2. Alle elevar har rett til eit mobbefritt miljø der alle har medansvar for at ikkje nokon
    opplever krenkande og ulovleg åtferd frå andre.
  3. Alle elevar har rett til å bli høyrde i saker som vedkjem dei.
    Opplæringslova §2.9. og 3.7.
  4. Alle elevar skal vise omsyn og respekt for andre, bidra til arbeidsro i timane og syne
    respekt for undervisninga.
  5. Alle elevar møter punktleg og førebudd til timane.
  6. Elevar skal ikkje ha med eller bruke farleg reiskap på skulen.
  7. Det er forbode å ha med eller bruke rusmiddel på skuleområdet. Dette gjeld også
    arrangement utanom skuletida. Opplæringslova §9.5.
  8. Elevar skal ikkje bruka mobiltelefon eller anna privat, elektronisk utstyr i skuletida –
    dette skal vere avslått og liggje i sekken.

SANKSJONAR VED BROT PÅ ORDENSREGLANE:

  • Samtale, munnleg eller skriftleg åtvaring frå lærar/inspektør/rektor
  • Melding til dei føresette, møte med dei føresette
  • Bortvising i inntil tre dagar (gjeld ungdomssteget). Elevar på årstrinna 1 – 7 kan visast
    bort frå undervisninga for enkelttimar eller for resten av dagen. Foreldra til elevar på
    barnetrinnet skal varslast før det blir sett i verk bortvising for resten av dagen.
    (Opplæringslova §2.10 – Bortvising, enkeltvedtak med klagerett)
  • Gjensitting eller parade
  • Skifte av gruppe, klasse, skule
  • Nedsett karakter i orden og åtferd
  • Inndraging av mobiltelefon eller anna privat, elektronisk utstyr. Desse vert levert tilbake
    ved slutten av skuletida same dag.
  • Skadeverk medfører at eleven må rydde opp/utbetra skaden, og dei føresette er
    erstatningsansvarleg for inntil kr. 5 000 (skadeerstatningslova §1.2)
  • Inndraging av ulovlege eller farlege gjenstandar og evt. levering av desse til politiet
  • Ved lovbrot vil rådmannen vurdera å melda saka til politiet (kommunal prosedyre).

PRESISERINGAR - Krenkande og ulovleg åtferd er til dømes:

  • Fotografering av medelevar og leggje bileta på nettet, negativ omtale på nettside
  • Negative sms , mms, chat, epost, ryktespreiing
  • Rasistiske utsegn og handlingar
  • Seksuell trakassering
  • Sjikane på grunn av religion, legning eller livssyn
  • Hærverk
  • Valdsbruk
  • Mobbing
  • Trugsmål

Farleg reiskap er til dømes:

  • Gjenstandar som kan brukast til å skade andre t.d. knivar, stikkereiskap, våpen av ulike slag

Rusmiddel:

  • Nulltoleranse for tobakk og andre rusmiddel

Dat. 07.03.2007 - Rev. 11.05.10 2010, KDD

FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA, KAPITTEL 3§ 3-5
Grunnlaget for vurdering i orden og i åtferd

  • Grunnlaget for vurdering i orden og i åtferd er knytt til i kva grad eleven opptrer i tråd med ordensreglementet til skolen.
  • Grunnlaget for vurdering i orden er knytt til om eleven er førebudd til opplæringa, og korleis arbeidsvanane og arbeidsinnsatsen til eleven er. Det inneber mellom anna om eleven er punktleg, følgjer opp arbeid som skal gjerast, og har med nødvendig læremiddel og utstyr.
  • Grunnlaget for vurdering i åtferd er knytt til korleis eleven oppfører seg overfor medelevar, lærarar og andre tilsette i og utanfor opplæringa. Det inneber mellom anna om eleven viser omsyn og respekt for andre.

Vurderinga av orden og åtferd skal haldast åtskild frå vurderinga av eleven sin kompetanse i
fag.

I vurderinga i orden og i åtferd skal det takast omsyn til føresetnadene eleven har. Til vanleg
skal det ikkje leggjast avgjerande vekt på enkelthendingar; unntaket er dersom
enkelthendinga er særleg klanderverdig eller grov. Fråvær kan føre til nedsett karakter i
anten orden eller i åtferd.

Nærskule

Grunnskuleelevane har rett til å gå på den skulen som ligg nærast eller ved den skulen i nærmiljøet dei tilhøyrer.

Leirskule

Ein del av undervisningstida i grunnskolen kan brukast til leirskoleopphald. Tenesta er ikkje lovpålagt.

Leirskuleopphald er gratis.

Kollektiv ulykkesforikring

Forsikringsvilkår - kollektiv ulykkesforsikring for skulebarn mm.

Lover og rettningslinjer

Opplæringslova
Fortsatt lov med skuleturar
Rett til gratis grunnskuleopplæring


Publisert: 01.06.2016 08:48
Sist endret: 12.09.2016 11:18
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00