Facebook ikon Twitter logo Print side

Har du barn?

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


I Fjell kommune er det mange tilbod for deg som har barn. Her finn du informasjon om fleire av dei.

Nokre av tilboda er gratis for deg, andre må du betale for. Har du dårleg råd, kan du søkje om å få betale mindre for nokre tilbod. Kommunen kan hjelpe deg med å søkje.

Du har rett på tolk dersom det er nødvendig.

Unge i barnevogn Barn 0-2 år

Helsestasjon

Du får gratis time på helsestasjonen for å følgje med på at alt går bra med barnet ditt og deg. Barnet får òg tilbod om gratis vaksine. Les meir om helsestasjonen

Barnehage

I barnehagen kan barna leike og lære saman med andre frå dei er omlag eitt år gamle. Søk barnehageplass 

Har du dårleg råd, kan du søkje om å få betale mindre for barnehage: Les om redusert foreldrebetaling 

Om du ikkje klarer å betale ei rekning frå kommunen i tide, må du ta kontakt: Be om å utsette rekninga

Om du har barn og har dårleg råd, kan du søkje om tilskot i samband med oppstart i barnehage: Kontakt NAV Fjell

Ingen barn skal bli mobba: Les meir på heimesida til Trygg i Fjell

Open barnehage

Du kan ta med barn i alderen 0-6 år til Open barnehage for å møte andre foreldre som er der med barna sine. Tilbodet er gratis.

Støtte til foreldre

Når du er gravid, i tida rundt fødselen og fram til barnet ditt er to år, kan du få ekstra oppfølging frå helsestasjonen om du treng det: Trygg start

Barnehagane har opplæring i samspel med barn. Det finst fleire forskjellige tilbod om foreldrerettleiing. Sjå nettsida De Utrolige Årene

Home-Start Familiekontakten er eit gratis tilbod for familiar med barn under skulealder. Frivillige kan kome heim til deg dersom du har bede om hjelp eller avlasting. Home-Start i Fjell

PPT – pedagogisk-psykologisk teneste

PPT kan hjelpe dersom barn til dømes har problem i barnehagen. Barnehagen skal samarbeide med foreldra dersom det er nødvendig å kontakte PPT. Foreldre kan òg ta direkte kontakt: PPT i Fjell

Tannhelse

Om barnet ditt treng tannbehandling, er det gratis i den offentlege tannhelsetenesta.

Barn på huske Barn 3-5 år

Helsestasjon

Du får gratis time på helsestasjonen for å følgje med på at alt går bra med barnet ditt og deg. Barnet får òg tilbod om gratis vaksine. Les meir om helsestasjonen

Barnehage

I barnehagen kan barna leike og lære saman med andre. Søk barnehageplass

Har du dårleg råd, kan du søkje om å få betale mindre for barnehage. Les om redusert foreldrebetaling

Har du låg inntekt og barn i alderen 3-5 år, kan du i tillegg søkje om 20 timar gratis barnehage i veka («gratis kjernetid»). Tilbodet er òg for barn som har utsett skulestart (skal starte eitt år seinare på skulen). 20 timar gratis

Om du ikkje klarer å betale ei rekning frå kommunen i tide, må du ta kontakt: Be om å utsette rekninga

Om du har barn og har dårleg råd, kan du søkje om tilskot i samband med oppstart i barnehage: Kontakt NAV Fjell

Ingen barn skal bli mobba: Les meir på heimesida til Trygg i Fjell

Open barnehage

Du kan ta med barn i alderen 0-6 år til Open barnehage for å møte andre foreldre som er der med barna sine. Tilbodet er gratis.

Støtte til foreldre

Barnehagane har opplæring i samspel med barn. Det finst fleire forskjellige tilbod om foreldrerettleiing. Sjå nettsida De Utrolige Årene

Home-Start Familiekontakten er eit gratis tilbod for familiar med barn under skulealder. Frivillige kan kome heim til deg dersom du har bede om hjelp eller avlasting. Home-Start i Fjell

PPT – pedagogisk-psykologisk teneste

PPT kan hjelpe dersom barn til dømes har problem i barnehagen. Barnehagen skal samarbeide med foreldra dersom det er nødvendig å kontakte PPT. Foreldre kan òg ta direkte kontakt: PPT i Fjell

Tannhelse

Alle barn blir kalla inn til tannlegen for å få sjekka tennene gratis frå dei er 3-4 år gamle. Behandling er òg gratis for barn i den offentlege tannhelsetenesta.

Sport og fritid

Om du har barn og får sosialhjelp eller har søkt om det, kan Nav hjelpe deg å søkje om pengar til utstyr og medlemsavgift slik at barn kan vere med på sport og fritidsaktivitetar sjølv om familien har dårleg råd. Kontakt NAV Fjell

Aktivitetskortet er eit tilbod til familiar med dårleg råd for at barn i alderen 4-16 år skal kunne vere med på aktivitetar. Kortet blir vanlegvis tilgjengeleg før sommaren og gir gratis inngang på Vannkanten, aktivitetssenteret Kjempegøy, Sotra kino og klatring. Ta kontakt her

Barn med skulesekk Skuleelevar 1.-10. klasse

Skule

Alle barn som skal vere tre månadar eller meir i landet, har rett til å gå på skule. Skulen er gratis. Kontakt skulesjefen om du er ny i kommunen og har barn som skal starte på skulen. Skulestart 

Om du har barn og har dårleg råd, kan du søkje om tilskot i samband med skulestart før barnet startar i 1., 4. og 8. klasse. Kontakt NAV Fjell

Ingen barn skal bli mobba: Les meir på heimesida til Trygg i Fjell

Kraftsenteret for aktivitet i underetasjen til Grønamyrsvegen 4 har leksehjelp og eit varmt måltid for elevar på barne- og ungdomsskulen kvar måndag frå 16-19. Kontakt Way Forward

Skulefritidsordning (SFO)

Har du barn som går i 1.-4. klasse på skulen? Då kan du søkje om plass på skulefritidsordning (SFO). Der kan barnet vere med andre barn før og etter skuletid, og blir passa på av vaksne. Har du fleire barn som går på SFO, kan du få billegare plass (moderasjon). Sjå prisar og søk SFO-plass

Skulehelsetenesta

Helsesøster følgjer opp elevane på barne- og ungdomsskulen i skuletida. Det er gratis. Dette gjer skulehelsetenesta

Helsestasjon for ungdom

Helsestasjonen er for alle frå ungdomsskulealder til 23 år. Her kan ungdom få svar på spørsmål om prevensjon, seksuell identitet, psykisk helse og mykje anna. Helsestasjon for ungdom

Skuleskyss

Elevar som har lang, spesielt vanskeleg eller farleg skuleveg, kan få gratis skyss. Sjå reglar og søk om skuleskyss

Støtte til foreldre

Det finst fleire forskjellige tilbod om foreldrerettleiing som del av De Utrolige Årene. knapp: Les meir og meld deg på tilbod 

PPT – pedagogisk-psykologisk teneste

PPT kan hjelpe dersom barn til dømes har problem på skulen. Skulen skal samarbeide med foreldra dersom det er nødvendig å kontakte PPT. Foreldre kan òg ta direkte kontakt: PPT i Fjell

Tannhelse

Alle barn blir kalla inn til tannlegen for å få sjekka tennene gratis. Behandling er òg gratis for barn i den offentlege tannhelsetenesta.

Sport og fritid

Om du har barn og får sosialhjelp eller har søkt om det, kan Nav hjelpe deg å søkje om pengar til utstyr og medlemsavgift slik at barn kan vere med på sport og fritidsaktivitetar sjølv om familien har dårleg råd. Kontakt NAV Fjell

Aktivitetskortet er eit tilbod til familiar med dårleg råd for at barn i alderen 4-16 år skal kunne vere med på aktivitetar. Kortet blir vanlegvis tilgjengeleg før sommaren og gir gratis inngang på Vannkanten, aktivitetssenteret Kjempegøy, Sotra kino og klatring. Ta kontakt her

Basecamp har gratis sommaraktivitetar og mykje anna for barn og ungdom i alderen 13-20 år. Ta kontakt med Basecamp

Kraftsenteret for aktivitet i underetasjen til Grønamyrsvegen 4 tilbyr gratis aktivitetar for ungdom i alderen 14-19 år i samarbeid med Way Forward. Det er òg musikkstudio, kjøkken og høve til å låne sportsutstyr. Kontakt Way Forward

Fritidsklubb er eit alkoholfritt tilbod der barn og ungdom frå 5. klasse og oppover kan møte kvarandre og delta i aktivitetar. Les meir om fritidsklubbane i Fjell

Ungdom på rullebrett Ungdom under 18 år

Skulehelsetenesta 

Helsesøster følgjer opp elevane på vidaregåande i skuletida. Det er gratis. Dette gjer skulehelsetenesta

Skuleskyss

Elevar som har lang skuleveg, kan få gratis skyss til skulen også når dei går på vidaregåande. Sjå reglar og søk om skuleskyss

Andre elevar på vidaregåande og ungdom i alderen 16-20 kan kjøpe «Ungdomsbillett 30 dagar» frå Skyss. Reglar og prisar frå Skyss

Helsestasjon for ungdom

Helsestasjonen er for alle frå ungdomsskulealder til 23 år. Her kan ungdom få hjelp med prevensjon, seksuell identitet, psykisk helse og mykje anna. Det er gratis. Helsestasjon for ungdom

Tannhelse

Alle blir kalla inn til tannlegen til og med året dei fyller 18 for å få sjekka tennene gratis. Behandling er òg gratis i den offentlege tannhelsetenesta til og med året ein fyller 18.

Sport og fritid

Familiar som får sosialhjelp eller har søkt om det, kan få hjelp av Nav til å søkje om pengar til utstyr og medlemsavgift slik at ungdom under 18 kan vere med på sport og fritidsaktivitetar sjølv om familien har dårleg råd. Kontakt Nav Fjell.

Aktivitetskortet er eit tilbod til familiar med dårleg råd for at barn og ungdom til og med 16 år skal kunne vere med på aktivitetar. Kortet blir vanlegvis tilgjengeleg før sommaren og gir gratis inngang på Vannkanten, aktivitetssenteret Kjempegøy, Sotra kino og klatring. Ta kontakt her

Basecamp har gratis sommaraktivitetar og mykje anna for barn og ungdom i alderen 13-20 år. Ta kontakt med Basecamp 

Kraftsenteret for aktivitet i underetasjen til Grønamyrsvegen 4 tilbyr gratis aktivitetar for ungdom i alderen 14-19 år i samarbeid med Way Forward. Det er òg musikkstudio, kjøkken og høve til å låne sportsutstyr. Kontakt Way Forward

Fritidsklubb er eit alkoholfritt tilbod der ungdom kan møte kvarandre og delta i aktivitetar. Les meir om fritidsklubbane i Fjell


Publisert: 21.11.2017 16:39
Sist endret: 05.12.2017 14:49
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00