Facebook ikon Twitter logo Print side

Informasjon til deg med barn i barnehagen med ulik kulturbakgrunn

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


I Fjell kommune er det mange tilbod for deg som har barn. Her finn du lenkjer og informasjon om språkleg, kulturelt mangfald i barnehagen, og barnehagens innhald og arbeidsmåtar. Det er også informasjon om foreldrerolla, korleis foreldre og barnehagen kan vera gode samarbeidspartar rundt barnet ditt. Her kan du også lese litt om våre samarbeidspartar og kva tilbud desse kan gje til dykk som foreldre.

Her finn du meir om for deg som har barn i Fjell.

Opphald

Brosjyre på norsk | Brosjyre på arabisk

Barnehagen sine opningstider

Lek ute. Foto: ColourboxBarnehagen er vanlegvis åpen frå kl.07.30 til kl.16.30 frå måndag til fredag, men nokre barnehagar har utvida åpningstid. Dette kan foreldre/foresette få informasjon om i den enkelte barnehage.

"Kjernetid" mellom kl. 10.00 - kl. 14.00.

I denne tida, er det ofte faste ting på programmet som, turar, utflukter, tema arbeid, vennskapsgrupper, språkgrupper, mm. Vert barnet levert seinare, er det fint om foreldre/føresette informerer barnehagen om dette på førehand eller ringer den aktuelle dagen. Då veit barnehagen om dei skal vente på barnet, eller kan starte i gang med det dei har planlagt. 

For meir informasjon sjekk barnehagen si heimeside.

Ferie og fri

Ferie frå barnehagen. Foto: ColourboxAlle foreldre/føresette har ein månad betalingsfri i året. Fem av desse dagane er planleggingsdagar, og dei siste tre vekene må tas ut i ferie. Dersom det er ynskjeleg, kan barnet ha meir ferie enn dei 4 vekene som er fastsett.

Dei aller fleste barnehagane har åpent heile sommaren, nokre er stengt nokon veker midt i skuleferien.

Barnehagane sender ut eit skriv på våren (ofte april), der dei ber dykk skrive opp når barnet skal ha ferie. Ynskjeleg at foreldre/føresette ringer/gir beskjed til barnehagen, om barnet skal ha fri utenom ferievekene. Når barnet er sett opp på ferie, kan det ikkje koma i barnehagen.

I høve jul, påske, haust-og vinterferiar, vert det hengt opp lister der foreldre/føresette skriv på om barnet kjem eller ikkje. Dette fordi ein ynskjer å ha oversikt over kor mange barn som er i barnehagen, slik at ein alltid har nok personalet til å ivareta barna i barnehagen.

Barnehagen er ope i desse periodane, med unntak av helligdagane.

Sjukdom

Barn med feber. Foto: ColourboxHar barnet feber, oppkast, diarè, eller andre tydlege sjukdomsteikn, skal det ikkje leverast i barnehagen.

Ring til barnehagen og gi beskjed når barnet er sjuk. Det er spesielt viktig for barnehagen å vite dette, dersom barnet har ein sjukdom som kan smitte andre (oppkast, diare,vannkoppar, m.v.)

Er barnet sin allmenntilstand dårlig, skal barnet haldast heime frå barnehagen. Dårleg allmenntilstand vil sei at barnet for eksempel er veldig trøytt, kvalm, slapp, sliten og har dårleg appetitt. Barnet treng ikkje ha feber for å vere i dårleg form.

Grunnen til at ein ber dykk halde barnet heime når det er i dårleg form, er fordi ein ikkje har nok personale til å passe på eit sjukt barn. Barnet treng også få vere heime i gode, rolege omgjevnader når det ikkje er bra, få slappe av og bli tatt hånd om. Det er også stor risiko for at andre barn og voksne i barnehagen blir smitta, dersom barn kjem sjuke i barnehagen.

Medisinering

Medisinering i barnehagen. Foto: ColourboxNokon gonger treng barn medisin for å bli friske av ein sjukdom. Om allmenntilstanden til barnet er god, men medisineringa ikkje heilt er avslutta, kan barnehagen vere behjelpeleg med å medisinere barnet til kuren er ferdig.

Enkelte barn har kroniske sjukdomar som til dømes; astma, eksem, allergi, diabetes m.v, og barnehagen passar på at barna får nødvendig hjelp og medisinering som då trengs i samarbeid med foreldre/føresette.

Levere og hente

Levere og hente i barnehagen. Foto: ColourboxNår barnet vert levert i barnehagen, er det viktig å sikre at dei tilsette i barnehagen får beskjed om at barnet er levert. Slik får barnet ein god start på dagen, og foreldra er trygge på at barnet er ivaretatt. Det kan og vere viktige beskjedar, informasjon som må gis mellom foreldre/føresette og personalet.

Det er viktig at barnehagen får beskjed, om det er andre enn barnet sine foreldre/føresette som skal hente barnet.

Barnehagen skal ikkje levere barnet til andre personer enn dei som er avtalt med foreldre/føresette.

VIKTIG!! Gi beskjed til personalet når ditt barn forlet barnehagen!

Å vera foreldre i barnehagen

Brosjyre på norsk | Brosjyre på arabisk

Samarbeid - foreldre og barnehage

Samarbeid - foreldre og barnehage. Foto: ColourboxLov om barnehagar og rammeplan for barnehagen, seier at foreldre og barnehage skal samarbeide om barna si utvikling, læring og deltaking i samfunnet. Derfor er det viktig at foreldre og barnehage har regelmessig kontakt, og kan utveksle nyttig informasjon om barnet.

Kontakten foregår ofte på fleire måtar, i den daglege hente og leverings situasjonen, ved foreldresamtalar, foreldremøter og liknande.

Utveksling av informasjon: det er viktig med regelmessig kontakt mellom foreldre og personalet.

Oppstart

Oppstart i barnehage. Foto: ColourboxNår barnet startar i barnehagen, er det viktig å setja av god tid på innkjøyring i starten. Ein anbefalar at foreldre/føresette er med barnet dei tre fyrste dagane i barnehagen. Slik får barnet ein trygg og roleg start, og tid til å bli kjent med nye vaksne og barn saman med sine trygge og kjente vaksne. Barnet får ofte ein fast vaksen/kontakt person i barnehagen som fylgjer barnet tett den fyrste tida. Barn taklar tilvenning på ulike måtar, så personalet vil gi råd og gjere avtalar på korleis den fyrste tida i barnehagen bør leggjast opp. Det er viktig i starten at foreldre/føresette er tilgjengeleg for barnet, og at alltid foreldre/føresette seier i frå til barnet og personalet når dei går.

Mange barnehagar tilbyr ein samtale/startsamtale rett etter at barnet har byrja i barnehagen. Denne samtalen er for at barnehagen skal bli godt kjent med barnet og få naudsynt informasjon, slik at barnehagen kan ivareta barnet best mogleg. Ein spør då om barnet sine interesser, rutinar, søvn, mat, andre ting som barnehagen må ta hensyn til (td. mat, allergi, medisinar..), om det er nokre personar som ikkje har lov å hente barnet i barnehagen og liknande.

Barnehagen formidlar også ein del nyttig informasjon om barnehagen.

Kva skal foreldra vera med på?

Foreldrearrangement i barnehagen. Foto: ColourboxTo gonger i året, haust og vår – inviterer barnehagen foreldre/føresette til foreldresamtale. Pedagogisk leiar har ansvar for denne samtalen. 

Då får foreldre/føresette og barnehagen tid til å ha fokus på barnet, og sei noko om korleis dei opplever barnets trivsel og utvikling.

Viktig er også dei uformelle samtalane, som er informasjonen som vert utveksla dagleg, til dømes i levering og hentesituasjon, når ein ringer, sender sms om viktig beskjedar og informasjon vedrørande barnet.

Ta kontakt med personalet/ styrar om de treng å prate med barnehagen, personalet utanom faste møter.

Kva kan foreldra vera med på?

Kva kan foreldra vera med på? Foto: ColourboxEin til to gonger i året er det foreldremøter i barnehagen på ettermiddag/kveldstid. Her høyrer ein litt om kva som er fokusområda til barnehagen og kva og korleis dei jobbar med dette. Foreldrene får kome med spørsmål og innspel om ting dei lurer på.

Foreldreråd og samarbeidsutval

Foreldrerådet består av representantar frå foreldra/føresette til alle barna. Det skal fremje felles interesse, og bidra til eit godt samarbeid og sikre eit utviklande og positivt barnehagemiljø.

Samarbeidsutvalget består av foreldre/føresette og tilsette i barnehagen, slik at kvar gruppe er likt representert. Barnehage eigar kan delta etter eige ynskje, men ikkje med fleire representantar enn dei andre gruppene. Samarbeidsutvalget skal vere eit rådgjevande, kontaktskapande og samordna organ.

Informasjon til føresette

Oppstart i barnehage. Foto: ColourboxBarnehagane er pålagt å lage årsplan for det pedagogiske arbeidet som skal gjerast i barnehagen. I tillegg vert det ofte gitt ut informasjon i form av månadsplanar, vekeplanar. Foreldre/føresette får her informasjon om planar framover, viktige datoar og spesielle markeringar. I tillegg også informasjon om ting som er gjort og evalueringar av dette.

Barnehagane har og gjerne ei tavle ute i garderoben, der ein skriv litt om dagen som har vore. Nokre har visuelle dagtavler som syner bilder frå dagen eller andre opplevingar. Ellers er barnehagane flinke å henge opp dokumentasjon i form av bilder, tekst og teikningar som barna har laga og vore med på i løpet av året.

Er det noko de som foreldre lurer på, er det berre å ta kontakt med personalet eller styrar i den aktuelle barnehagen.

For meir informasjon sjekk barnehagen si heimeside.

Mat

Brosjyre på norsk | Brosjyre på arabisk

Måltider

Mat i barnehagen. Foto: ColourboxI barnehagen er det tre faste måltid kvar dag; frukost, lunsj og fruktmåltid.

Det skal vere koselege stunder, og ein brukar god tid og er opptatt av at barna får i seg nok og god mat

Det skal vere kjekt å vere saman med andre å ete, og ein lærer gode bordskikksvanar og det å hjelpe kvarandre under måltida, (dekke på/av bordet, sende mat/drikke, dele, vente på tur, lytte/prate. m.v.)

Barnehagen er opptatt av å lære barna gode og næringsrike måltidsvanar, og vektlegg dette når ein serverer mat til barna.

Ein passar på at måltida er varierte og gir ulike smaksopplevingar. At maten inneheld fiber og vitaminer som grove og fiberrike brød, knekkebrød, pasta, poteter, grønsaker, frukt, bær og proteiner td. fisk, kjøt og egg. Også at barna får i seg gode flerumetta feittsyrer i oljer og smør.

Barna lærer seg god håndhygiene, og vaskar hendene før kvart måltid.

Frukost

Matpakke til frokost. Foto: ColourboxBarna pleier å ta med seg matboks/nistepakke til frukost. Dei får servert mjølk eller vatn i barnehagen.

Frukosten skal vere ei koseleg stund, og barnehagen set pris på om barna som kjem i denne tida, vert levert stilt og roleg inn på avdelinga.

Barnehagen oppfordrar foreldre/føresette til å vere bevisst på kva dei puttar i matboksen, slik at barna får eit sunt og variert kosthald.

Lunsj

Lunsj i barnehagen. Foto: ColourboxBarnehagen pleier å servere kald eller varm mat til lunsj. Lunsjen består ofte av smørelunsj – som er brødskiver, smør og pålegg som barna smører sjølv med hjelp frå dei vaksne.

Det er forskjellig frå barnehage til barnehage, men nokon har eit fast varm måltid i veka, andre har fleire varme måltid i veka. Her vert det gjerne servert graut, suppe, ostesmørbrød, pølse og potetstappe, fiskepudding, fiskekaker, spagetti o.l Barna får mjølk eller vatn å drikke.

Nokre barnehagar krev også matpengar, der foreldre må betale inn eit fast beløp for å dekke inn utgifter til varm mat.

Fruktmåltid

Fruktmåltid. Foto: ColourboxPå ettermiddagen pleier ofte barnehagen å ha eit fruktmåltid. Barna treng ein liten pause, der dei får slappe av, og få litt påfyll av mat og drikke.

Barna tek med seg frukt kvar dag, og frukta vert delt opp slik at alle får smake på alt. I nokre barnehagar et dei også youghurt, knekkebrød eller nistepakken sin i fruktstunda.

Anna

Variert og næringsrik mat. Foto: ColourboxForeldre/føresette må informere barnehagen om barnet ikkje skal eller kan ete nokre typar mat. Dette kan vere av helsemessige og/eller religiøse grunnar.

VIKTIG!! Gi beskjed om det er noko ditt barn ikkje skal ete!

Av og til inviterer barnehagen til foreldrefrukost, foreldrekaffe. Det er ofte barnehagen som lagar til eit felles måltid for alle, for å bli betre kjent og ha ei koseleg stund saman med barn og foreldre.

Klede

Brosjyre på norsk | Brosjyre på arabisk

Klede

Klede i barnehagen. Foto: ColourboxI barnehagen er det viktig at barna har på seg klede som de ikkje er redde for skal bli skitne eller øydelagt. Kleda bør vere praktiske, behaglege å bevege seg i for barna, og enkle å få av og på.

Tøflar eller innesko er viktig å ha, slik at dei ikkje ramlar å slår seg, eller blir våte og kalde.

Merking av kleda

Innesko til små og store barn. Foto: ColourboxVIKTIG at både inne og ute klede/sko vert merka med barnets namn, slik at barnet får på seg riktige klede og med seg riktige klede heim. Kan skrive med vannfast tusj, eller bestille merkelapper med barnets namn som kan strykas, klistras på.

Kva klede treng barna?

Regntøy og støvler. Foto: ColourboxBarn treng regntøy og støvlar når det regnar eller er veldig vått ute. Leikedress/kjeledress er viktig å ha i barnehagen. Denne treng dei når det er kaldt ute, den isolerer ofte mot vind og er lett for barna å ta på og av seg. Regntøy/kjeledress skal tas med heim å vaskast når det er skittent.

Dei treng ull og/eller fleece genser og bukse, strømpebukse, sokkar (tynne og tjukke), huer og vottar.

I tillegg gode sko som passar for årstida (tøflar, joggesko, sandalar, støvlettar og støvlar) Barnehagen kan hjelpe til og gi beskjed på kva som trengs.

Bytteklede/skifteklede

Byttetøy i korga. Foto: ColourboxNokre gonger vert barna våte eller skitne, og treng å skifte klede i barnehagen. Derfor er det viktig at det ligg ekstra klede i barnehagen.

Barna har ofte ei eiga korg, eit skap som ein kan leggja bytte klede i. Dette er viktig å ha liggjande i barnehagen:

  • ekstra sokkar
  • truser
  • strømpebukser
  • gensarar
  • bukse
  • tjukk gensar og bukse
  • tjukke labbar
  • ekstra hue
  • vottar

Korga/skapet: Sjekk med jamne mellomrom, slik at barnet alltid har nok klede.

Sommarhalvåret

Lettere tøy om sommeren. Foto: ColourboxNår været blir varmare, er det fint om barnet har lettare klede. Om våren og hausten passar det fint om barnet har ei tynn hue, slik at dei ikkje vert for varme. Ein leikedress/kjeledress uten for er også bra å ha.

Når det er sol ute, bør barna ha med solkrem med høg faktor så dei ikkje vert solbrente (nokre barnehagar har solkrem). I tillegg er det lurt å ha på caps eller solhatt for å beskytte hovudet mot sola.

Vinterhalvåret

Vintertøy. Foto: ColourboxNår det er kaldt ute, treng barna tjukke leike/kjeledressar, gjerne med for. Under dressen er det greit å ha ull eller fleece bukse og genser. Det er også viktig å ha varm god hue, tjukke sokkar, vanntette sko/støvlettar og varme vottar.

Anna

Bleier. Foto: ColourboxForeldre/føresette tek med bleier, stellekrem, smokk eventuelt andre nødvendige ting til barnet, slik at dette er i barnehagen kvar dag.

Personalet vil gi beskjed når barnet treng nye bleier, stellekrem og anna.

Nyttige lenker


Publisert: 20.02.2018 15:02
Sist endret: 20.02.2018 15:10