Facebook ikon Twitter logo Print side

Kartlegg helse- og levekår for barn og unge

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Som eit ledd i satsinga til kommunane på barn og unge, skal vi gjennomføra ei skulebasert undersøking av barna sine helse- og levekår i løpet av hausten 2016.

Bilde til kartlegging av helse- og løevevilkår

Kven?

Elevane i 5.-10. trinn på alle skular i Fjell, Sund og Øygarden kommunar og deira føresette, vil få tilbod om å delta i ei elektronisk spørje-undersøking. I Askøy kommune er undersøkinga retta mot elevane i 5.-7. trinn og deira føresette.

Korleis?

Undersøkinga vil bli sendt elektronisk til foreldre og barn, gjennom e-post, It's learning og SMS. Dei føresette må samtykka til at barna deira kan delta. Dei føresette kan svara på undersøkinga frå 27. oktober til 27. november. Barna svarar på undersøkinga i løpet av ein skuletime i november/desember.

Kvifor?

Livskvaliteten til barn og unge vert påverka av mange faktorar, som forholdet til vener, buforhold, familieøkonomi, fritidsaktivitetar, mosjon, og fysisk og psykisk helse. Undersøkinga vil gi oss meir informasjon om korleis barn og unge i kommunane våre har det, og samanhengen mellom barna sine oppvekstvilkår og deira helse, utvikling, og deltaking i sosiale arenaer.

Målsetting

Målsettinga med undersøkinga er å få kunnskap som kan bidra til at tilbodet for barn og unge kan betrast i din kommune.

Premiar

Alle som deltek er med i trekninga av 10.000 kroner til eige klassetrinn på sin skule.

Samarbeid

Undersøkinga er eit samarbeid mellom Askøy, Fjell, Sund og Øygarden kommunar og RKBU Vest, Uni Research Helse, og er finansiert gjennom skjønnsmidlar frå Fylkesmannen si satsing mot barnefattigdom. Undersøkinga er godkjent av Regional etisk komité, og blir gjennomført slik at svara ikkje vert tilbakeført til enkeltpersonar.

Dokument

Om spørjeundersøkinga

Her finn du informasjon og samtykkeskriv:

Ranselpost

Her finn du brev som vert sendt ut til føresette på ulike språk:

Kontakt

For spørsmål og meir informasjon ta kontakt med prosjektleiar i Fjell Marit Selberg Sigurdson på tlf 55 09 73 73.


Publisert: 24.10.2016 08:07
Sist endret: 21.11.2016 10:11