Facebook ikon Twitter logo Print side

Kulturskulen

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Tilbod

Søknadsskjema Logg inn

Her finn du rettleiing for skjemautfylling

Ikkje registrert frå før:
Klikk på Ny Elev.

Registrert frå før:
Logg inn med brukarnamn (fødselsdato til eleven i formatet DDMMÅÅ) og passord.

Gløymt/har ikkje fått passord:
Klikk på Glemt passord. Du må oppgi brukarnamn (som over) og e-postadresse.

Oppseiing

Oppseiingsskjema

Ofte stilte spørsmål

Kva er brukarnamnet mitt? Kva er passordet?

Første gong du registrerer eleven, klikkar du Ny elev.

Kvar elev har sitt eige brukarnamn og passord. Brukarnamnet er fødedatoen i formatet DDMMÅÅ

Då du fekk melding om at du kom med i søkjarlista, fekk du lenkje til å oppretta passord. Dersom du ikkje har oppretta passord eller har gløymt det, kan du bruka funksjonen Glemt passord i innlogginga. Du må då oppgje e-postadressa som du registrerte ved søknad. Har du endra e-postadresse i mellomtida, må du ta kontakt med Kulturskulen pr telefon eller e-post, så registrerer vi den nye e-postadressa for deg.

Når og kor skjer undervisninga - individuell?

Lærarane set opp timeplan ved første frammøte i samråd med dei frammøtte elevane og foreldra. Dei fleste lærarane underviser fleire dagar på fleire stader. Vi kan difor ikkje seia på førehand når det er undervisning i t.d. piano eller gitar.

Når og kor skjer undervisninga - gruppe?

Er det meir enn ei gruppe i eit fag, er gruppene aldersdelte. Eleven vert plassert i aktuell gruppe, og du får melding før skulestart om tid og stad for undervisninga.

Skuleåret

Kulturskulen følgjer skuleruta i kvar kommune med omsyn til skulestart, haustferie, juleferie, vinterferie, påskeferie, siste skuledag og nasjonale fridagar.

Elles er det enkelte elevfrie dagar som kvar skule rår over. Kulturskulane i Fjell og Øygarden har felles skulerute - Sund har eigne reglar.

Pris

Fjell kulturskule

Prisar per halvår for Fjell kulturskule
Grunnlag20162017
Per elev 1.500 1.540
Søsken  1.200 1.245
Instrumentleige 465 475

Kontingenten skal betalast på forskot når faktura vert motteke. Dersom du vil unngå å betale for ein ubrukt plass for hausthalvåret, må plassen seiast opp i samband med vidaremelding/re-registrering om våren – seinast 1. juni. For vårhalvåret er oppseiingsfristen 1. desember.

Fjell kulturskule administrerer påmelding, elevplassering og administrativ kontakt for kulturskulane i Fjell, Sund og Øygarden. Kvar kommune står for eigen innkrevjing.

Kulturskulen er delvis finansiert av elevkontingenten. Denne skal betalast forskotsvis kvart semester. Kontingenten kan endrast som følgje av kommunalt vedtak.

Pris for kortkurset Kul Mat er for tida kr 1 250,-. Dette omfattar eit forkle brodert med namnet til eleven, ei oppskriftsbok og alle matvarene.

Fjell kulturskulekor har eit tilleggskontigent og innkrev separat av korstyret (fortida kr 100,- pr år), som dekker medlemskap i UngiKor og gir koret økonomisk grunnlag for aktivitetar som korturar og liknande.

Sund kulturskule

Her finn du pris for Sund kulturskule.

Øygarden kulturskule

Her finn du pris for Øygarden kulturskule.

Elevreglement

For å få plass i kulturskulen må du godta elevreglementet. Du kan lasta det ned her (.pdf) eller lesa det her: 

Elevreglement ved Fjell kulturskule

Undervisning

  • Den årlege undervisninga for Fjell kulturskule følgjer eiga skulerute, som er på 38 veker og kan avvika noko i detalj frå skuleruta på den enkelte grunnskulen. Undervisninga føregår til vanleg måndag–fredag, men kan i somme høve bli lagt som helgeseminar. Undervisningsåret er delt i to semester, eit haust- og eit vårsemester.
  • Konsertar o.l. er ein del av undervisninga ved Fjell kulturskule. Eleven har difor plikt til å delta på slike etter avtale med lærar.
  • Dersom ein elev må vera borte frå skulen meir enn to undervisningstimar, skal eleven gje melding til kulturskulen.
  • Ønsker eleven og/eller føresette å ta opp saker som vedkjem undervisninga, skal dette gå gjennom læraren først.
  • Eleven har plikt til å møta presis og vera vel førebudd til timen.
  • Eleven må til ei kvar tid retta seg etter det ordensreglementet som gjeld på den skulen der undervisninga finn stad.

Elevplass

  • Søknad om opptak skal sendast til Fjell kulturskule på elektronisk søknadsskjema. Søkjarar kan få hjelp til dette på biblioteket eller på servicetorget i Fjell rådhus. Fjell kulturskule tek atterhald om at enkelte kurs kan falla ut.
  • Dersom det er fleire søkjarar enn skulen kan ta opp, vert det teke omsyn til:
    - alder 
    - ansiennitet 
    - innsatsvilje
  • Ein elevplass ved Fjell kulturskule vert tildelt ein elev ved eitt kurs. Elevplassen kan ikkje overførast til ein annan person eller til eit anna kurs. Eleven kan då ha plassen inntil den vert oppsagt (sjå vidaremelding nedanfor).
  • Dersom elev- og undervisningsreglement vert oversett, eller ein elev viser ei framferd som hindrar arbeidet i kulturskulen, kan rektor etter samråd med lærar utvisa eleven for kortare eller lengre tid. Kontingenten vert ikkje refundert for ein elev som er vorte utvist. Dei føresette skal på førehand få informasjon om saka, og dei har rett til å klaga avgjerda (forvaltningslova, kapittel VI).

Vidaremelding

  • For å overføra ein elevplass eller plass på ventelista til eit nytt skuleår må eleven meldast vidare. Det vert sendt ut e-postpåminning om dette (elektronisk lenke) om våren. Er eleven ikkje meldt vidare innan oppgitt frist, vert det oppfatta som oppseiing.

Betaling

  • Kontingent skal betalast på forskot. For å unngå å betala for ein ubrukt elevplass for vårhalvåret, må plassen seiast opp seinast 1. desember.
  • Elevane må sjølv kjøpa det materiellet dei får bruk for. Undervisning i større grupper som kor o.l. kan vere unnateke frå denne regelen.
  • Dersom tvingande grunnar – t.d. flytting frå kommunen eller lengre sjukdom, dokumentert med legeattest – hindrar eleven i å møte til timane, kan ein søkja om å få refundert kontingent.
  • Det vert ikkje gitt moderasjon i kontingent for fridagar, feriedagar og planleggingsdagar. Det vert heller ikkje gjeve moderasjon eller refusjon for timar som eleven ikkje brukar, og læraren er ikkje forplikta til å ta igjen slike timar.
  • Dersom timar vert avlyste av Fjell kulturskule, er skulen ikkje forplikta til å ta igjen desse timane. Timar som vert avlyste kan gje redusert kontingent dersom timane utgjer ein stor del av undervisninga.
  • Når særlege grunnar tilseier det, kan rektor for Fjell kulturskule innvilga heilt eller delvis gratis undervisning. Søknad om gratis undervisning skal sendast til Fjell kulturskule, og vert behandla konfidensielt. Avgjerda kan klagast (forvaltningslova, kapittel VI).
  • Kommunestyret kan i samband med budsjettbehandlinga endra kontingentsatsane for andre halvår. Dei nye satsane vert kunngjorte på Fjell kommune si nettside i januar, med ein frist på 15 dagar for å seie opp elevplassen.
  • Manglande betaling vert behandla som oppseiing frå det tidspunktet den ubetalte fakturaen vert sendt til inkasso. Eleven misser plassen sin ved Fjell kulturskule frå same tidspunkt.

Oppseiing

  • Elevplassen kan berre seiast opp ved å venda seg til Fjell kulturskule ved hjelp av elektronisk skjema, eventuelt munnleg eller skriftleg direkte til kulturskuleadministrasjonen. Melding til lærar er ikkje gyldig oppseiing. Oppseiing er gyldig når den er stadfest skriftleg av Fjell kulturskule.

Instrument

Alle instrumentelevar må ha øvingsinstrument, og må rekna med å øva regelmessig for å oppleva framgang. Vi har nokre fiolinar og tverrfløyter til leige.

Administrasjon

Kulturskuleadministrasjonen held til på Liljevatnet skule.
Rektor i Fjell kulturskule er også rektor i Øygarden kulturskule. Fjell kulturskule samarbeider også med Sund kulturskule. Søknadsskjemaet er felles for alle tre kulturskulane.

Kommunikasjon

Vi brukar SMS-meldingar når vi må flytta eller avlysa timar på kort varsel. Elles brukar vi e-post.

Får du ny e-postadresse eller nytt mobilnummer, er det viktig at du loggar inn og oppdaterer elevkortet.

Vi sender både e-post og sms gjennom administrasjonssystemet speedadmin. For å svare på ei e-postmelding må du bruka svarknappen, ikkje avsendaradressa. Når du får sms, er det som regel oppgitt eit nummer å svara til. Svarknapp kjem ikkje fram.


Publisert: 21.06.2016 10:43
Sist endret: 07.07.2017 09:36
Fjell kulturskule

Besøksadresse:

Arefjordvegen 290
5355 Knarrevik

Telefon: 55 09 68 70

Kontaktperson: Rektor

Telefon: 55 09 68 70

Kontaktperson: Avdelingsleiar

Telefon: 55 09 68 71