Facebook ikon Twitter logo Print side

Fjell kulturskule

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Undervisning

Mykje av gruppeundervisninga finn stad på Liljevatnet skule. Enkelte grupper kan verte lagde til andre grunnskular i Fjell.

Individuell undervisning finn stad på ni av grunnskulane. Då dei fleste lærarane underviser på ein eller to skular, kan vi ikkje tilby alle kursa på alle skulane.

Dersom det er plass, kan vi ta imot elevar frå andre kommunar på storgruppekurs. Elevar som bur nær grensa til Sund eller Øygarden kan få tilbod om undervisning i nabokommunen. Ein del kurs er interkommunale.

Gruppeundervisning

Småbarnsmusikk 0-10 mnd saman med vaksne

Fjell kulturskule tilbyr song for dei aller minste.

Småbarnsmusikk har som hovudmål å stimulere og ta i bruk det musiske i mennesket. I det nære samspelet mellom føresette og barn har vi dei beste føresetnadene for å utvikle og glede oss i musikken.

Mange unge foreldre har gløymt songane dei lærte som barn. På kursa våre vil du oppfriske gamle songar, rim og regler, og lære nye. Song, rytme, bevegelse og dans blir «krydra» med enkle instrument og effektar.

Dato | tid | stad

Fredagar kl 12.00–12.45 på Fjell folkeboksamling, Sartor Storsenter.

Påmelding

Alle som ønskjer å delta må registere seg i søkadsskjema for kulturskulen. Registrer deg som ny elev.

Pris

Tilbodet er gratis 2018-19.

Musikkpedagogar som brenn for faget sitt

Musikk med barn 0–10 mnd er et eget musikk-pedagogisk fagområde. Det omfattar m.a.:

  • barns musikalske utvikling
  • samspel mellom barn og vaksne
  • stemmebruk, musikk og bevegelse
  • instrument som eigner seg saman med små barn
  • korleis musikk kan stimulere barn si utvikling innan område som:
    -relasjonsbygging og sosial kompetanse
    -kjensler, sansar og motorikk
    -språkleg og kognitiv utvikling

Materiell for småbarnsmusikk

Brosjyre | Plakat

Barn 0–5 år

Musikk frå Livets Begynnelse er eit lekkert koldtbord for alle barna, heilt frå tidleg spebarnsstadiet. Songar, regler, dans, trommer, klokkespel og fløyte ... her er det noko for alle, tilrettelagt etter alder og modning.

Dei aller minste har ei heil ny verd å utforska. Trygt saman med foreldre, besteforeldre eller annan ledsagar får dei stimulering for alle sansane i eit roleg, musisk miljø.

Etter kvart som barna veks til, ligg nye utfordringar og opplevingar på lur. Under kyndig leiing oppdagar dei rytme og tone, og utviklar evnene til å utforme sine eigne musiske uttrykk, til å kjenna musikken i sjela si og la kroppen følge med!

Siste året i barnehagealder meistrar barnet stadig nye oppgåver medan fantasien får utløp i leik, rollespel, dans, spel og song. Undervisninga for 5–6-åringar er god førebuing for ev. seinare instrumentspel.

Meld barnet på til 0–5 år, så finn vi den gruppa som passar best. Alle kursa 0–5 år i Fjell går føre seg på Liljevatnet skule om ettermiddagen.

Dans/drama

Frå 1. klasse i aldersdelte grupper.

Skuleåret 2017–18 kombinerer vi dans og drama på barnesteget til ein disiplin. Sjå nedanfor.
For ungdom har vi to grupper for elevar frå Fjell, Sund og Øygarden. Sjå Drama/teater

  • introduksjonskurs i dans og drama i SFO-tida.
    Pris: 1/3 årskontingent, for tida 1026.
    Tidspunkt: tysdag kl 14–15 for 1.–3. klasse og tysdag kl 15–16 for 4.–6. klasse.
    Kurset går over ca 12 veker på desse skulane på Litlesotra
         - Liljevatnet 22. august–21. november
         - Hjelteryggen 28. november– 20. februar
         - Brattholmen 6. mars–12. juni
  • Dans- og dramagruppe for 5. klasse t.o.m. 3. klasse vidaregåande
    Liljevatnet skule, tysdag kl 17–19 
Film/teater

Frå 8. klasse til 3. klasse vidaregåande

Interkommunal teatergruppe for ungdom
Liljevatnet skule tysdag kl 19–21

Interkommunal filmgruppe for ungdom
Skogsskiftet, Sund onsdag kl 19–21

Kunst

Frå 1. klasse i aldersdelte grupper

Grunnkurs i teikning, maling, grafikk i ulike teknikkar. Utforsk måtar å legge fram ditt personlege uttrykk! Undervisning i eige kunstrom på Liljevatnet skule.

Band

Vidarekomne elevar

Fast bandsamspel for elevar med ein del erfaring. Det er eit krav at bandelevane parallelt får undervisning på instrumentet sitt. Bandundervisning føregår i godt utstyrt øvingslokale på Liljevatnet skule. Deltakarar kan vere elevar på slagverk, gitar, el-bass, piano, keyboard, song m.m.

Kor

Fjell kulturskulekor frå 3. klasse t.o.m. 19 år i 3 aldersdelte grupper
Liljevatnet skule onsdagar
3.–4. klasse • Barnekor 18.30–19.15
4.–7. klasse • Juniorkor 17.45–19.15
8. klasse oppover • Ungdomskor 16.30–18.30

Her får du utvikle stemma di og få rutine i alt som høyrer med i å synge i kor. Vi får opptre på konsert i og utanfor kommunen, delta på seminar og reise på tur i inn- og utland!

Kor for vaksne med spesielle behov
Koret Fjelltrall kan ta inn vaksne frå alle kommunane. Einaste føresetnad for å vera med er at ein har språk. Fjell arbeidssenter, måndag 12.30–14.15.

Kor for seniorar på dagtid
Koret Kvednakoret er eit tilbod til godt vaksne menneske. Nye medlemer velkomne. Kvednatunet, tysdag 10.00–11.15.

Kul mat

Frå 5. til 7. klasse, kortkurs

Her får du læra å laga kule matrettar med ferske matvarer. Kurset går over 6 kurskveldar. Det er eigen pris for dette kurset.

Musikkterapi

Alle aldrar

Grupper med nokre få barn dersom det passar. Elles er musikkterapi (individuelt) eit flott tilbod til barn (og vaksne) med spesielle behov.

Individuell undervisning

(eventuelt smågrupper 1–4 elevar)

  • Frå 0 år - Musikkterapi individuell
  • Frå 7 år - Fiolin
  • Frå 7 år - Rytmisk slagverk
  • Frå 8 år - Gitar (akustisk)
  • Frå 8 år - Piano
  • Frå 8 år - Tverrfløyte
  • Frå 10 år - Song
  • Vidarekomne - El-gitar
  • Vidarekomne - Bassgitar
  • Vidarekomne - Klassisk gitar

Søknad

Søknad om inntak ved kulturskule Logg inn for eksisterande elevar

Elevreglement

For å få plass i kulturskulen må du godta elevreglementet. Du kan lasta det ned her (.pdf) eller lesa det her: 

Elevreglement ved Fjell kulturskule

Undervisning

  • Den årlege undervisninga for Fjell kulturskule følgjer eiga skulerute, som er på 38 veker og kan avvika noko i detalj frå skuleruta på den enkelte grunnskulen. Undervisninga føregår til vanleg måndag–fredag, men kan i somme høve bli lagt som helgeseminar. Undervisningsåret er delt i to semester, eit haust- og eit vårsemester.
  • Konsertar o.l. er ein del av undervisninga ved Fjell kulturskule. Eleven har difor plikt til å delta på slike etter avtale med lærar.
  • Dersom ein elev må vera borte frå skulen meir enn to undervisningstimar, skal eleven gje melding til kulturskulen.
  • Ønsker eleven og/eller føresette å ta opp saker som vedkjem undervisninga, skal dette gå gjennom læraren først.
  • Eleven har plikt til å møta presis og vera vel førebudd til timen.
  • Eleven må til ei kvar tid retta seg etter det ordensreglementet som gjeld på den skulen der undervisninga finn stad.

Elevplass

  • Søknad om opptak skal sendast til Fjell kulturskule på elektronisk søknadsskjema. Søkjarar kan få hjelp til dette på biblioteket eller på servicetorget i Fjell rådhus. Fjell kulturskule tek atterhald om at enkelte kurs kan falla ut.
  • Dersom det er fleire søkjarar enn skulen kan ta opp, vert det teke omsyn til:
    - alder 
    - ansiennitet 
    - innsatsvilje
  • Ein elevplass ved Fjell kulturskule vert tildelt ein elev ved eitt kurs. Elevplassen kan ikkje overførast til ein annan person eller til eit anna kurs. Eleven kan då ha plassen inntil den vert oppsagt (sjå vidaremelding nedanfor).
  • Dersom elev- og undervisningsreglement vert oversett, eller ein elev viser ei framferd som hindrar arbeidet i kulturskulen, kan rektor etter samråd med lærar utvisa eleven for kortare eller lengre tid. Kontingenten vert ikkje refundert for ein elev som er vorte utvist. Dei føresette skal på førehand få informasjon om saka, og dei har rett til å klaga avgjerda (forvaltningslova, kapittel VI).

Vidaremelding

  • For å overføra ein elevplass eller plass på ventelista til eit nytt skuleår må eleven meldast vidare. Det vert sendt ut e-postpåminning om dette (elektronisk lenke) om våren. Er eleven ikkje meldt vidare innan oppgitt frist, vert det oppfatta som oppseiing.

Betaling

  • Kontingent skal betalast på forskot. For å unngå å betala for ein ubrukt elevplass for vårhalvåret, må plassen seiast opp seinast 1. desember.
  • Elevane må sjølv kjøpa det materiellet dei får bruk for. Undervisning i større grupper som kor o.l. kan vere unnateke frå denne regelen.
  • Dersom tvingande grunnar – t.d. flytting frå kommunen eller lengre sjukdom, dokumentert med legeattest – hindrar eleven i å møte til timane, kan ein søkja om å få refundert kontingent.
  • Det vert ikkje gitt moderasjon i kontingent for fridagar, feriedagar og planleggingsdagar. Det vert heller ikkje gjeve moderasjon eller refusjon for timar som eleven ikkje brukar, og læraren er ikkje forplikta til å ta igjen slike timar.
  • Dersom timar vert avlyste av Fjell kulturskule, er skulen ikkje forplikta til å ta igjen desse timane. Timar som vert avlyste kan gje redusert kontingent dersom timane utgjer ein stor del av undervisninga.
  • Når særlege grunnar tilseier det, kan rektor for Fjell kulturskule innvilga heilt eller delvis gratis undervisning. Søknad om gratis undervisning skal sendast til Fjell kulturskule, og vert behandla konfidensielt. Avgjerda kan klagast (forvaltningslova, kapittel VI).
  • Kommunestyret kan i samband med budsjettbehandlinga endra kontingentsatsane for andre halvår. Dei nye satsane vert kunngjorte på Fjell kommune si nettside i januar, med ein frist på 15 dagar for å seie opp elevplassen.
  • Manglande betaling vert behandla som oppseiing frå det tidspunktet den ubetalte fakturaen vert sendt til inkasso. Eleven misser plassen sin ved Fjell kulturskule frå same tidspunkt.

Oppseiing

  • Elevplassen kan berre seiast opp ved å venda seg til Fjell kulturskule ved hjelp av elektronisk skjema, eventuelt munnleg eller skriftleg direkte til kulturskuleadministrasjonen. Melding til lærar er ikkje gyldig oppseiing. Oppseiing er gyldig når den er stadfest skriftleg av Fjell kulturskule.

Skulerute

Skulerute for kulturskulen i Fjell og Øygarden 2018-2019


Publisert: 07.07.2016 09:29
Sist endret: 15.08.2017 20:09
Fjell kulturskule

Besøksadresse:

Arefjordvegen 290
5355 Knarrevik

Telefon: 55 09 68 70

Kontaktperson: Rektor

Telefon: 55 09 68 70

Kontaktperson: Avdelingsleiar

Telefon: 55 09 68 71