Facebook ikon Twitter logo Print side

Sund kulturskule

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Undervisning

Sund kulturskule har undervisning på Stranda skule, på Skogsvåg skule, på Aktivitetssenteret i Skogsskiftet og på Glesvær ungdomshus.

Dersom det er plass, kan vi ta imot elevar frå andre kommunar også.

Søknad om inntak ved kulturskule Logg inn for eksisterande elevar

Her finn du rettleiing for skjemautfylling

Ikkje registrert frå før:
Klikk på Ny Elev.

Registrert frå før:
Logg inn med brukarnamn (elevens fødedato i formatet DDMMÅÅ) og passord.

Gløymt/har ikkje fått passord:
Klikk på Glemt passord. Du må oppgi brukarnamn (som over) og e-postadresse.

Gruppeundervisning

Småbarnsgrupper 2–5 år

Torsdagar kl. 17:00-17:45 (2–3 år) og kl. 18:00-18:45 (4–5 år) på Aktivitetssenteret i Skogsskiftet.

Band (for vidarekomne elevar)

Fast bandsamspel for elevar med ein del erfaring. Det er eit krav at bandelevane parallelt får undervisning på instrumentet sitt. Bandundervisning føregår i godt utstyrt øvingslokale.

Deltakarar kan vera elevar på slagverk, gitar, el-bass, piano, keyboard, song m.m.

Drama

Leik, rollespel og sceneopptreden.
Undervisninga finn stad på Ungdomshuset på Glesvær.

Musikk/dans/drama 5.–7. klasse ved Stranda skule

Oppsetjing av (utdrag frå) eit stykke/ein musikal med band, skodespel, dans, kulisselaging, kostyme, sminke og alt som høyrer med.

Dette tilbodet til elevar ved Stranda skule finn stad på skulen fredagar kl. 12:15–13:45.

Dans

Vi håpar å ha på plass eit jazzdanstilbod hausten 2016.
Søk, så høyrer du frå oss dersom vi får det til.

Ukulele

Undervisninga finn stad på Stranda skule.

Film

Bli med å laga film, anten framfor eller bak kameraet.

Onsdagar på Aktivitetssenteret i Skogsskiftet.

Kor

Fjell kulturskulekor frå 3. klasse t.o.m. 19 år i 3 aldersdelte grupper
Liljevatnet skule onsdagar
3.–4. klasse • Barnekor 18.30–19.15
4.–7. klasse • Juniorkor 17.45–19.15
8. klasse oppover • Ungdomskor 16.30–18.30

Her får du utvikle stemma di og få rutine i alt som høyrer med i å synge i kor. Vi får opptre på konsert i og utanfor kommunen, delta på seminar og reise på tur i inn- og utland!

Kor for vaksne med spesielle behov
Koret Fjelltrall kan ta inn vaksne frå alle kommunane. Einaste føresetnad for å vera med er at ein har språk. Fjell arbeidssenter, måndag 12.30–14.15.

Kor for seniorar på dagtid
Koret Kvednakoret er eit tilbod til godt vaksne menneske. Nye medlemer velkomne. Kvednatunet, tysdag 10.00–11.15.

Individuell undervisning

Tilbodsoversikt - alder og instrument

Individuell undervisning 20 minutt, gruppeundervisning minst 30 minutt, avhengig av gruppestorleik.

  • Frå 0 år - Musikkterapi individuell
  • Frå 7 år - Slagverk
  • Frå 8 år - Gitar (klassisk, akustisk, el-gitar, el-bass)
  • Frå 8 år - Piano
  • Frå 8 år - Keyboard
  • Frå 8 år - Fiolin
  • Frå 9 år - Vokal (klassisk, vise/jazz/pop)

Vi er opne for søknader om andre instrument: skriv meir om ønsket i merknadsfeltet.

Vi ønskjer å gi elevane ved Sund kulturskule eit inspirerande og lærerikt kulturskuleår!

Pris

Prisar per halvår for Sund kulturskule:

GrunnlagPris per halvår
Per elev kr. 1.300
Meir om betaling og elevkontigent

Det vert gitt søskenmoderasjon.Fjell kulturskule administrerer påmelding, elevplassering og administrativ kontakt for kulturskulane i Fjell, Sund og Øygarden. Kvar kommune står for eigen innkrevjing.

Kulturskulen er delvis finansiert av elevkontingenten. Denne skal betalast forskotsvis kvart semester. Kontingenten kan endrast som følgje av kommunale vedtak. Då vil de få varsel om dette på førehand.

Betaling

Kontingenten skal betalast på forskot/når faktura vert mottatt. Dersom du vil unngå å betale for ein ubrukt plass, må plassen seiast opp seinast 1. juni for hausthalvåret og 1. desember for vårhalvåret.

Elevreglement

For å få plass i kulturskulen må du godta elevreglementet. Du kan lasta det ned her (.pdf) eller lesa det her: 

Elevreglement ved Fjell kulturskule

Undervisning

  • Den årlege undervisninga for Fjell kulturskule følgjer eiga skulerute, som er på 38 veker og kan avvika noko i detalj frå skuleruta på den enkelte grunnskulen. Undervisninga føregår til vanleg måndag–fredag, men kan i somme høve bli lagt som helgeseminar. Undervisningsåret er delt i to semester, eit haust- og eit vårsemester.
  • Konsertar o.l. er ein del av undervisninga ved Fjell kulturskule. Eleven har difor plikt til å delta på slike etter avtale med lærar.
  • Dersom ein elev må vera borte frå skulen meir enn to undervisningstimar, skal eleven gje melding til kulturskulen.
  • Ønsker eleven og/eller føresette å ta opp saker som vedkjem undervisninga, skal dette gå gjennom læraren først.
  • Eleven har plikt til å møta presis og vera vel førebudd til timen.
  • Eleven må til ei kvar tid retta seg etter det ordensreglementet som gjeld på den skulen der undervisninga finn stad.

Elevplass

  • Søknad om opptak skal sendast til Fjell kulturskule på elektronisk søknadsskjema. Søkjarar kan få hjelp til dette på biblioteket eller på servicetorget i Fjell rådhus. Fjell kulturskule tek atterhald om at enkelte kurs kan falla ut.
  • Dersom det er fleire søkjarar enn skulen kan ta opp, vert det teke omsyn til:
    - alder 
    - ansiennitet 
    - innsatsvilje
  • Ein elevplass ved Fjell kulturskule vert tildelt ein elev ved eitt kurs. Elevplassen kan ikkje overførast til ein annan person eller til eit anna kurs. Eleven kan då ha plassen inntil den vert oppsagt (sjå vidaremelding nedanfor).
  • Dersom elev- og undervisningsreglement vert oversett, eller ein elev viser ei framferd som hindrar arbeidet i kulturskulen, kan rektor etter samråd med lærar utvisa eleven for kortare eller lengre tid. Kontingenten vert ikkje refundert for ein elev som er vorte utvist. Dei føresette skal på førehand få informasjon om saka, og dei har rett til å klaga avgjerda (forvaltningslova, kapittel VI).

Vidaremelding

  • For å overføra ein elevplass eller plass på ventelista til eit nytt skuleår må eleven meldast vidare. Det vert sendt ut e-postpåminning om dette (elektronisk lenke) om våren. Er eleven ikkje meldt vidare innan oppgitt frist, vert det oppfatta som oppseiing.

Betaling

  • Kontingent skal betalast på forskot. For å unngå å betala for ein ubrukt elevplass for vårhalvåret, må plassen seiast opp seinast 1. desember.
  • Elevane må sjølv kjøpa det materiellet dei får bruk for. Undervisning i større grupper som kor o.l. kan vere unnateke frå denne regelen.
  • Dersom tvingande grunnar – t.d. flytting frå kommunen eller lengre sjukdom, dokumentert med legeattest – hindrar eleven i å møte til timane, kan ein søkja om å få refundert kontingent.
  • Det vert ikkje gitt moderasjon i kontingent for fridagar, feriedagar og planleggingsdagar. Det vert heller ikkje gjeve moderasjon eller refusjon for timar som eleven ikkje brukar, og læraren er ikkje forplikta til å ta igjen slike timar.
  • Dersom timar vert avlyste av Fjell kulturskule, er skulen ikkje forplikta til å ta igjen desse timane. Timar som vert avlyste kan gje redusert kontingent dersom timane utgjer ein stor del av undervisninga.
  • Når særlege grunnar tilseier det, kan rektor for Fjell kulturskule innvilga heilt eller delvis gratis undervisning. Søknad om gratis undervisning skal sendast til Fjell kulturskule, og vert behandla konfidensielt. Avgjerda kan klagast (forvaltningslova, kapittel VI).
  • Kommunestyret kan i samband med budsjettbehandlinga endra kontingentsatsane for andre halvår. Dei nye satsane vert kunngjorte på Fjell kommune si nettside i januar, med ein frist på 15 dagar for å seie opp elevplassen.
  • Manglande betaling vert behandla som oppseiing frå det tidspunktet den ubetalte fakturaen vert sendt til inkasso. Eleven misser plassen sin ved Fjell kulturskule frå same tidspunkt.

Oppseiing

  • Elevplassen kan berre seiast opp ved å venda seg til Fjell kulturskule ved hjelp av elektronisk skjema, eventuelt munnleg eller skriftleg direkte til kulturskuleadministrasjonen. Melding til lærar er ikkje gyldig oppseiing. Oppseiing er gyldig når den er stadfest skriftleg av Fjell kulturskule.

Har du spørsmål?

Kontakt avdelingsleiar Hilde Kristin Egeland
e-post: hilde.k.egeland@sund.kommune.no
telefon: 56 32 75 99 | 971 78 832


Publisert: 28.06.2016 07:04
Sist endret: 07.07.2017 09:43
Fjell kulturskule

Besøksadresse:

Arefjordvegen 290
5355 Knarrevik

Telefon: 55 09 68 70

Kontaktperson: Rektor

Telefon: 55 09 68 70

Kontaktperson: Avdelingsleiar

Telefon: 55 09 68 71