Facebook ikon Twitter logo Print side

På sporet av framtidas skule

Logo Kollektiv kapasitet

Framtida er allereie her. Den verda som barn og unge veks opp i no er vesentleg forandra frå det samfunnet som har vore. Skulen må tilpasse seg desse endringane for å setje elevane i stand til å møte dei utfordringane og moglegheitene som det framtidige arbeidslivet og samfunnet vil gje.

Trivsel og læring skal stå i fokus for all aktivitet som skjer i skulen i Fjell. Å byggja på og vidareutvikla den kollektive kapasiteten til skulen og samfunnet er ein føresetnad for å lukkast med dette prosjektet.

Skulesjefen starta hausten 2015 ein prosess med mål å samle dei framtidsretta strøymingane i samfunnet og retningslinjene frå direktorat
og regjering i eit lokalt forankra dokument.

I prosessen har formålet med dokumentet endra seg i takt med at Fjellskulen har endra seg. Mange av ideane som har vore drøfta har for lengst blitt realisert, og vedtak om kommunesamanslåing har også påverka prosessen. Målet er difor at «På sporet av framtidas skule» skal vere eit grunnlagsdokument som kan inspirera til vidare utvikling og refleksjon i arbeidet med etableringa av nye Øygarden kommune.

Her kan du lesa heile dokumentet


Publisert: 13.08.2018 09:20
Sist endret: 13.08.2018 09:24