Facebook ikon Twitter logo Print side

PPT

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Korleis få kontakt?

Barn/elevar vert vanlegvis tilvist frå barnehage/skule i samråd med føresette. Om du som føresett har eit barn du meiner ikkje har tilfredsstillande utbytte av den ordinære opplæringa (i skulen) eller har omfattande utfordringar (i barnehagen), bør du først ta ein samtale med barnehagen/skulen for å få deira vurdering.

Elevar over 15 år, føresette og vaksne kan også sjølv ta kontakt med PPT for informasjon og vurdering av behov for hjelp frå PPT.

Barnehagar/skular kan ikkje tilvisa barn/elevar til PP-tenesta utan samtykkje frå føresette.

Les meir om PPT, spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning

Konsultasjon og rettleiing

PPT skal vera tett på barnehagar og skular, og det skal vera låg terskel for både konsultasjon og rettleiing. Konsultasjon kan vera anonym, men skal helst vera avklart med føresette.

Ved behov for konsultasjon eller rettleiing der vi observerer eller på anna måte møter barnet/eleven direkte, må vi ha ei tilvising. Tilvisinga bør drøftast med aktuell fagperson på førehand.

Skjema konsultasjon

Sakkyndig arbeid

Når eit barn/ein elev er tilvist PPT og saka er vurdert og tatt inn, startar PPT si utgreiing. Gjennom informasjon frå føresette, barnehage/skule, og samtale og eventuelt testing og observasjon av barnet/eleven, får vi eit bilete av den enkelte sine styrkar, utfordringar/vanskar og behov for tilrettelegging.

Konklusjonen kan anten vera at barnet/eleven sitt behov kan dekkjast innanfor det ordinære tilbodet, eller PPT kan tilrå spesialpedagogisk hjelp i barnehage eller spesialundervisning i skulen. Vi kan også vurdera vidare tilvising til ulike instansar.

Barnehage/førskule

Momentliste pedagogisk rapport

Pedagogisk rapport

Tilvising sakkyndig vurdering

Kartleggings/tiltaksskjema

Mal for referat fra konsultasjon

Informasjon om spesialpedagogisk hjelp «Special education assistance».

Skule

Pedagogisk rapport

Tilvising sakkyndig vurdering

Kartleggings/tiltaksskjema

Mal for referat fra konsultasjon

Informasjon om spesialundervisning «Special needs education»

Utviklingsarbeid i skule og barnehage

PPT skal hjelpa barnehagar og skular med utviklingsarbeid. Dette skjer mellom anna gjennom kontaktmøte, kurs/foredrag, konsultasjon eller direkte rådgjeving, til dømes i situasjonar med utfordrande klassemiljø eller utfordringar på ei avdeling i ein barnehage.

Styrar i barnehage og rektor på skulen kan tilvisa ved behov for hjelp til utviklingsarbeid.

Tilvising for hjelp til utviklingsarbeid i barnehage eller skule

Om PPT

Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) er kommunen sin rådgjevande og sakkyndige instans for barn og ungdom som har utfordringar i oppvekst- eller opplæringssituasjonen. PPT er også sakkyndig i tilfelle der vaksne har utvida behov for tilrettelegging av grunnskoleopplæring.

PPT sine oppgåver og mandat er heimla i barnehageloven kapittel 5 A  og i opplæringsloven kapittel 5


Publisert: 16.06.2016 07:18
Sist endret: 28.03.2017 10:03
PPT

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Telefon: 55 09 60 00